Hopp til hovedinnhold
Martin Paliocha

Martin Paliocha

Forsker

  • Genetikk, evolusjon og bærekraftig planteproduksjon

Eg er bioinformatikar og arbeider med komparativ genomikk i Grasevolusjonsgruppa, der biologi, statistikk og programmering møtest.

Kvifor er nokre planteartar betre tilpassa visse klimatiske tilhøve enn andre, sjølv om dei deler det meste av arvematerialet sitt?

Svaret ligg ofte ikkje i sjølve gena, men i korleis dei vert regulerte. Kva tid, kvar og kor sterkt kvart gen vert skrudd på, forklårar mykje av skilnaden mellom ulike planteartar. For å verte klokare på dette, samanliknar eg genuttrykk mellom artar ved hjelp av storskala DNA- og RNA-sekvenseringsdata og kraftige datamaskinar.

For tida er eg knytt til prosjektet Live or let die?, der eg forskar på kva som skil tempererte gras (Pooideae) med eitt- og fleirårig livssyklus. Eg er òg oppteken av statistiske metodar og teori, særleg funksjonell dataanalyse (FDA) av både genuttrykk og fenotypedata.