Frå NMBU fekk Sondre Lauareid Hovda med seg kunnskap og fagleg påfyll frå forskarar som kan mykje om faget sitt. Denne kunnskapen tar han i jobben med seg ut til bonden, for saman med bonden styrkje produksjonen på sin gard. Noko som også er verdifullt for heile matproduksjonen i Noreg.
Namn: Sondre Lauareid Hovda
Utdanning: Bachelor og mastar i husdyr
Jobb: Landbruksrådgiving – Grovfôrrådgjevar i Norsk landbruksrådgiving (NLR)
Sondre var aldri i tvil om kva han ville satse på, for han meiner at matproduksjon er viktig på mange plan i samfunnet, og vert vel så viktig i framtida. Han er oppvaksen på ein liten sauegard i Etne kommune. Då han var liten var det besteforeldra hans som dreiv garden, men huset deira låg ikkje lenger vekk enn at Sonder kunne springe ned å hjelpe dei med drifta.
─ Eg bestemde meg tidleg at det var dette eg ville drive med. Garden var då for liten til å drive på heiltid, og eg undersøka mogelegheiter til å jobbe med landbruk og matproduksjon også på sida av garden. Dermed fall valet på NMBU og husdyrvitanskap, fortel Sondre.
Intership i studietida førte til jobb
Planen var alltid å reise heim å overta sauedrifta etter studiet. Men eit Internship i løpet av studietida gav han ei god mogelegheit til å kome i kontakt med bedrifter i nærområdet heime, noko som resulterte i jobb i NLR som grovfôrrådgjevar.
─ Ein jobb som er fleksibel og passar særs godt attåt drifta heime. Arbeidet mitt går ut på å følgje opp bønder i grovfôrproduksjonen deira. Med å optimalisere grovfôrproduksjon etter eigne forutsetningar og mål. I tillegg har det vorte noko klimarådsgiving, og fôringsrådsgiving på sau, seier Sondre.
Den arbeidsoppgåvene Sondre likar best er ute på garden saman med bonden, der dei får diskutert ulike tiltak i drifta.
Etter tre år på Voss jordbruksskule, etterfølgd av eit friår der han arbeid på gard på Island og New Zealand, gjekk turen til NMBU. For alléreie på Voss var planen å ta studiekompetanse for å kome inn på NMBU og spesialisere seg vidare på husdyr.
─ Læraren min på Voss hadde sjølv vore student på NMBU og hadde mykje godt å seie om universitetet og miljøet som student, seier Sondre.
I studiet spesialiserte han seg innanfor drøvtyggarernæring og grovfôrproduksjon. Det er kunnskap han får nytta i det daglege arbeidde på jobb og heime i sauedrifta.
Korleis er det å studere på NMBU?
Dei fem åra eg gjekk på Ås er høgt oppe på lista over dei mest verdifulle åra av mitt 26 år lange liv. Grunnen til dette er alle dei trivelege folka eg vart kjend med, og det er det eg vil sitje igjen med som det beste av åra på Ås.
Så viss du lurer på om du skal begynne på NMBU så,
─ Ikkje tenk, berre søk, du vil ikkje angra.