Månadens sit-rap er levert av Anja Standal som er med i arbeidsgruppa i SITRAP. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for By- og regionplanlegging på NMBU og var med som fungerande Country Representative og representant for NMBU på Heads of Schools-møtet i Liverpool.
I midten av mars fekk eg i heile tre dagar gleda av å fokusere på planleggarutdanning saman med ei rekke interessante fagfolk frå heile Europa som brenn for utdanning. University of Liverpool var vertskap for AESOP (Association of European Scools of Planning) 2025 Heads of Schools Meeting i Liverpool 11.-14. mars, som samla rundt 40 representantar - planleggingsforskarar, undervisarar og fagfolk frå heile Europa. The Heads of Schools (HoS) Meeting er eit årleg forum for planlegging av utdanning, der AESOP inviterer representantar frå sine medlemsskular for å diskutere hovudproblem og utfordringar for planlegging av utdanning over heile Europa.
På arrangementet fekk vi innsikt og kunne delta i interessante diskusjonar om møtetemaet: "Legitimate and Inclusive Planning Education for Changing and Challenging Times". Dagane inneheldt også EXCO-møte, COREP-møte og Heads of Schools-møte, der eg var med på dei to siste.
Heads of Schools møtet var eit flott forum å vere ein del av. Det er veldig spennande å kunne sette av ein heil dag til å diskutere pedagogikk og fagdidaktikk på tvers av landegrenser i Europa. Representantar frå land og planleggingsskular som har veldig store forskjellige utfordringar, men som samtidig har mange fellestrekk og moglegheiter.
Møtet hadde fleire interessante og ganske forskjellige keynote-forelesningar som alle omhandla hovudtemaet frå ulike perspektiv. Vi fekk blant anna høyre om Liverpool’s Local Planning and Inclusive Growth, om korleis Liverpool gjennom 6 tydelege mål arbeider med å fremme inkluderande vekst og samtidig levere ei betre styring for byen og dei mange mangfaldige områda byen består av. Vi fekk også høyre om raske nye framskritt innan spesifikke typar kunstig intelligens (KI) kjent som Large Language Models (LLMs) og om korleis utviklingsspranget kjent som ”LLM-revolusjonen” kan ha ein grunnleggande innverknad på både planleggingspraksis og ikkje minst kva den raske utviklinga av slike modellar betyr for framtida til planleggingsfaget og dets legitimitet.
Etter lunsj var det eit meir aktivt program – med fleire breakout-sesjonar som utforska ulike aspekt av konferansetemaet. Eg fekk vere med å diskutere eit initiativ som Universitetet I Liverpool hadde gjort for å inkludere førsteårsstudentar i ulike gruppebaserte prosjekt som tok for seg reelle planleggingsutfordringar, med fokus på fornying av sentrum i Liverpool City Region. Planleggarstudentar på første året av studiet utvikla oppgåver basert på reelle arbeidsutfordringar og dei samarbeida tett med offentlege og private instansar. Dei presenterte funna sine gjennom digital historieforteljing, som vi fekk sjå fleire eksempel på. Opplegget utvikla viktige nøkkelferdigheiter for studentane, samtidig som det ga dei auka forståing om karrierevegar innanfor planlegging. Det var interessant å reflektere saman med fleire omkring arbeidsrelevante oppgåver allereie frå start i planleggingsutdanninga – og om nytteverdien det ga for studentane og bransjen.
I ein annan spennande sesjon fekk vi ei oppgåve vi gjorde saman gjennom å bruke fysiske modellar for å diskutere. Organisasjonen PLACED (Placed - Place Education) leia ein interaktiv workshop som utfordra oss med ei kreativ designoppgåve for å utforske nokre av utfordringane som ein vert involvert i når ein arbeider med lokalsamfunn og interessentar i komplekse utviklingsprogram. Ved å samarbeide i team fekk vi samarbeide for å skape eit fiktivt "nabolag", og jobbe i ein prosess med ei rekke utfordringar som ein typisk medverknadsprosess gir. Til slutt avslutta vi med ein refleksjon og diskusjon. Opplegget fungerte godt som ein refleksjon om læring - og korleis arbeide med menneske i det bebygde miljøet under stadig endrande føresetnader.
Ein viktig bonus med å få vere med på Heads of Schools -møtet var å møte så mange engasjerte planleggarar som verkeleg brann for utdanning og planlegging. Ein inspirasjon som eg tek med meg inn i arbeidet med eiga undervisning og i arbeidet med utdanningsmetodikk i SITRAP og på NMBU. Eg kom heim til Norge full av inspirasjon og nye kontakter – og med ein forsterka motivasjon omkring utdanningskvalitet og læring.
AESOP - Thanks to the AESOP 2025 Head of Schools Local Organising Committee