Bygningane ved NMBU Sandnes 1942

Oversiktsbilde over Sandnes
NMBU Sandnes består av eit hovudbygg med laboratoriet, obduksjonssal og kontor, Garden, SEARCH, Gamle Prestehuset og Nye Prestebolig og Veterinærinstituttet Sandnes. Foto: NMBU Sandnes

NMBU Veterinærhøgskolen, Seksjon for småfeforsking og husdyrhelse i Sandnes blei oppretta av Landbruksdepartementet i 1942 på Rennesøy i Rogaland under namnet Statens veterinære forsøksgard for småfe. I 1964 flyttet verksemda til Høyland i Sandnes.

I 1991 ble eininga lagt til Norges veterinærhøgskole, og i 2014 ble eininga en del av NMBU, og fekk sitt noverande namn.

NMBU Sandnes består av eit hovudbygg med laboratoriet, obduksjonssal og kontor, Garden, SEARCH, Gamle Prestehuset og Nye Prestebolig og Veterinærinstituttet Sandnes.

SEARCH 2018

I 2015 signerte rektor ein konsortieavtale om etablering av eit nytt biomedisinsk forskingssenter: Seksjon for Småfeforsking og husdyrhelse i Sandnes. Senteret fekk namnet SEARCH, og skulle være eit forskingssenter der hensikta var å samle forskarar frå ulike yrkesgrupper innan humanmedisin, veterinærmedisin og tekniske fag. Avtalen blei inngått mellom Universitetet i Stavanger, Helse Stavanger HF ved Stavanger universitetssjukehus og Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Det blei satt ned eit arbeid med å finne finansiering til prosjektet.

Search i Sandnes
Det nye bygget ved Search i Sandnes stod klart i 2018. Foto: Kurt Lågeide


I løpet av 2016 og 2017 blei det samla inn over 23 millionar kroner til prosjektet, donert frå 13 ulike aktørar. NMBU henta inn prisoverslag for ein totalentreprise på 22 millionar kroner og byggestart blei vedteke i 2017. NMBU vart byggherre for prosjektet.
 

Bygningen blei sette opp i 2018. Den har eit bruttoareal på 440 kvm, og innehelder røntgenrom, to operasjonssalar, oppstalling for gris med meir. Senteret får øyremerka middel til drift over Statsbudsjettet.

Besøk SEARCH i Sandnes

Bildet er fra NMBUs Avdeling for småfeforskning og husdyrhelse, forsøksgården for småfe, Campus Sandnes
Høyland feltstasjon ligger like ved Sandnes