Universitetsparken

Løvehodefontenen høst 2017
Løvehodefontenen høst 2017Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I hjarta av Follo ligg Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, NMBU, med ein fantastisk park og eit unikt bygningsmiljø. Området er oppe for publikum heile året.

Den 800 dekar store parken inneheld både universitetet og tre store institusjonar, NIBIO, Nofima og Veterinærinstituttet. Til saman dannar desse campus Ås, eit biovitskapeleg forskingsmiljø. 

NMBU er ein gamal storgard og undervisinga har vore sterkt knytt til alle sider av landbruksproduksjonen. Framleis er denne forskinga viktig og det gjev òg dei som vitjar NMBU moglegheiter utover eit besøk i parken.

Innmark og utmark

I tillegg til parken på 800 dekar finn ein 2500 dekar med beite og dyrka areal og 2000 dekar med skog. Gårdsbruket og skogen er framleis flittig bruka i undervisings- og forskningssamanheng. På byrjinga av 1900-talet tok ei planmessig utplanting av ulike treslag frå fjern og nær til. Det blei til tresamlingar (arboret) i Nordskogen og på Fougnerhaugen.

Senter for klimaregulert planteforsking har feltforsøk på mange av dei dyrka areala.

Senter for husdyrforsøk drifter gardsbruket.

Publisert - Oppdatert

Del på