Millionstøtte til forskingsfasilitetar for berekraftig matproduksjon og bioteknologi

  • Studenter ved Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitenskap - KBM, utfører studentøvelser i pilotanlegget for meieri.
    Foto
    Håkon Sparre

Forskingsrådet gir ein milliard kroner i løyve til forskingsinfrastruktur, som laboratorium og utstyr. NMBU er partnar i 3 av 16 innvilga søknadar.

Millionstøtte til forskingsfasilitetar for berekraftig matproduksjon og bioteknologi

Forskingsrådets styre vedtok fredag 6. september 2019 å investera inntil éin milliard kroner i 16 nasjonale forskingsinfrastrukturar. Halvparten av prosjekta er nye, mens dei andre prosjekta skal styrka eksisterande nasjonale infrastrukturar, melder Forskingsrådet.

– Topp moderne verktøy for databehandling, laboratoria og utstyr er avgjerande for forskingskapasitet på nasjonalt prioriterte satsingsområde. Det høge søknadsbeløpet til denne utlysinga viser at det framleis er eit stort udekt behov for å setja i gang nye prosjekt, men også for å oppgradera og vidareutvikla infrastrukturar som har vist seg å fungera godt, seier Forskingsrådets direktør John-Arne Røttingen.

– Dette er ei fantastisk nyhende vi er kjempeglade for. Det er spesielt flott at vi får midlar til å vidareføre arbeidet med Matpiloten, Noregs einaste forskingsfabrikk for mat. Denne fikk vi midlar til fase ein av i 2011, og no har vi fått midlar til fase to, seier Ragnhild Solheim, forskingsdirektør ved NMBU. [Saken fortset under bildet]

Foto
Håkon Sparre

 

Forskingsrådet lyste ut ein milliard kroner til forskingsinfrastruktur hausten 2018 og 114 konsortier søkte til saman om nær sju milliardar kroner. No har Forskingsrådets styre vedteke å innvilga16 av søknadane innan blant anna helseforsking, datahandtering og berekraftig matproduksjon, skriv Khrono.

Søknadane som er innvilga kor NMBU er involvert handlar i hovudtrekk om berekraftig matproduksjon og bioteknologi.

– Dette er heilt fantastisk og betyr mykje for NMBU strategisk. No får vi midlar, gjennom Food Pilot Plant Norway II, til å oppgradera og utvikla matpilot- og bioraffineringsanlegga våre, noko som byr på nye og unike moglegheiter for forsking og innovasjon, særleg retta mot berekraftig matproduksjon. Gjennom National Network of Advanced Proteomics Infrastructure (NAPI) vil KBM truleg få midlar til nytt, svært avansert utstyr som vil styrka proteomikkplattforma vesentleg, seier Ågot Aakra, dekan for Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap.

Søknadane NMBU er partnar og/eller koordinator i som er innvilga:

  • NMBU/Nofima: FoodPilotPlant Norway

Pilot Plant er ein etablert forskingsinfrastruktur for matforsking. No vert det arbeidd med å styrka berekraftig matproduksjon og auka produktkvalitet. Infrastrukturen har høg relevans for næringsliv og samfunn, og held høg internasjonal kvalitet.

NMBU er prosjektkoordinator. Kontaktpersonar ved NMBU: Siv Skeie og Bjørge Westereng.

 

  • UiO, OUS, Akershus universitetssjukehus, NTNU, NMBU, UiB, UiT:
    National network of Advanced Proteomics Infrastructure (NAPI)


NAPI er ein nasjonal infrastruktur for proteomikk (proteinanalysar) og byggjer på eit eksisterande nettverk som vart etablert under FUGE-satsinga. Infrastrukturen er framheva på vegkartet som støtteverdig. Det er tidlegare vorte investert store middel i genanalysar. No er tida inne for investeringar i proteinanalysar.

UIO er prosjektkoordinator. Kontaktperson ved NMBU: Magnus Øverlie Arntsen

  • UiB, UiT, NMBU, NTNU, UiO: BioMedData - an infrastructure for data sharing and management

 

Infrastruktur for datahandtering og datadeling innan biologisk og medisinsk forsking. Infrastrukturen skal bidra til betre koordinering mellom etablerte infrastrukturar med å leggja til rette for tettare samarbeid og betre dataflyt på tvers av dei ulike infrastrukturane. Prosjektet støtter oppunder open forsking og deling/utnytting av forskingsdata. Forankra i ESFRI-prosjektet – ELIXIR.

 

 

UIB er prosjektkoordinator. Kontaktperson ved NMBU: Dag Inge Våge

Foto
Håkon Sparre

 

Published 9. september 2019 - 13:03 - Updated 20. April 2020 - 13:16