På Dovre får Byggeteknikk og arkitektur-studentar frå NMBU prøve seg på tradisjonelt handverk. Resultatet? Ein halv benk, mange nye ferdigheiter og djupare forståing for norske byggetradisjonar.
Mens mange studentar tilbringer vårsemesteret med førelesingar og teori, har ei gruppe frå NMBU fått ei heilt anna oppleving: fire dagar med øks, pjål og praktisk læring på laftekurs ved Hjerleid Handverksskule.
– Det var ein morosam forandring i arbeidsmetoden. I staden for å sitje på skulebenken fekk vi vere ute og jobbe med hendene, fortel Ingrid Hasaas, ein av deltakarane. Ho studerar Byggeteknikk og arkitektur på NMBU.
Kurset er tilrettelagt for nybyrjarar og gir ei praktisk innføring i både teknikkar og verktøy. Dei fleste studentane hadde lite eller inga erfaring med lafting og handverk frå før. Studentane lærer å bruke tradisjonelle reiskapar som bile, stemjarn og barkekniv, og får samstundes innsikt i eigenskapane og moglegheitene til treverk som byggemateriale.
Lærer gjennom å gjere
Studentane synest det har vore forfriskande med variasjon i arbeidsmetodane. Dei er stolte av kva dei fekk til på fire dagar.
– Vi hadde som mål å lafte ein benk, og vi kom nesten halvvegs. Lafting tek tid når du kan det – og endå meir tid når du ikkje kan det. Men vi har lært mykje, også gjennom feila våre, seier Einar Settemsdal.
Sjølv om lafting ikkje er ein del av den vanlege undervisninga ved NMBU, opplever studentane at kurset gir verdifull fagleg innsikt.
– Laftekurset har vore eit utruleg lærerikt tilskot! Det utvidar perspektivet på det teoretiske vi lærer. Vi får kjenne på og bearbeide materiala vi elles berre les om, seier Hasaas.

Tradisjon som ressurs
Studentane peikar også på korleis erfaringa med tradisjonelle teknikkar kan vere relevant i moderne byggjeprosjekt.
– Vi har sett fleire hundre år gamle laftehus som framleis står. Det seier noko om haldbarheita. I tillegg kan det å leve med naturlege material som treverk vere positivt for både helse og trivsel, seier Hasaas.
Kurset har gitt dei ei forståing av kor viktig det er å ta vare på tradisjonelle konstruksjonsmetodar og arkitektur. Settemsdal peikar på kor viktig det er å dra nytte av kunnskapen til erfarne fagfolk.
– Lafteteknikkane har tradisjonelt blitt lærte bort frå generasjon til generasjon, men dette er ikkje like vanleg lenger. Viss ikkje vi held fram med å lære om desse tradisjonane, forsvinn dei, seier Settemsdal.
På kurset har studentane samarbeidd tett med både medstudentar og elevar ved Hjerleid.
– Det har vore hyggeleg å jobbe saman med både NMBU-studentar og Hjerleid-elevar. Lærarane der er tålmodige og kunnskapsrike, og vi har lært mykje av deira erfaring, fortel Settemsdal.
Samarbeid om undervisning
Laftekurset er eit frivillig tilbod til studentar som har lyst til å lære om tradisjonell norsk byggjeteknikk. Kurset blir arrangert i samarbeid med Hjerleid, Noregs fremste miljø for handverk som lafting, smiing og treskjering. Handverksskulen tilbyr kurset gratis for NMBU-studentar i byte mot at førelesarar ved NMBU underviser i frihandsteikning hos Hjerleid. Studentane betaler berre for eige opphald.
– I tillegg til undervisning gir samarbeidet med Hjerleid viktige impulsar til forskingsarbeidet vårt om kultur- og bygningsarv, seier Martin Ebert, arkitekt og førsteamanuensis ved NMBU.
