Som veterinær lærde Hanna Marie Fosse Nes tidleg at problemløysing nesten var viktigare enn fasiten.
- Det kan vere overveldande – alt ein ikkje veit. Vi måtte lære å ta fatt på eit problem med dei ressursane vi hadde rundt oss, enten av folk, utstyr eller lokale, seier ho.
For jobben som veterinær kan vere krevjande. Du må ta avgjerder og stole på dei. Hanna Marie har hatt bruk for nettopp problemløysinga si i alle moglege situasjonar der ho har vore aleine om å løyse ei utfordring, gjerne med dyreeigar som einaste assistent.
I møte mellom menneska er ein heilt avhengig av god kommunikasjon, forklarar ho.
- Ein jobbar med dyr, men dei dyra er eigd av menneske. Du kjem sjeldan noko veg med dyret om du ikkje klarer å samarbeide med eigaren.
Ei boble på Adamstua
Hanna Marie var ferdig utdanna veterinær i 2017. Veterinærutdanninga er eit 6-årig profesjonsstudium som blei oppretta på Adamstua i Oslo. No er Veterinærhøgskolen flytta til NMBU på Ås. Det er mykje ein skal læra og setta seg inn i på studiet.
Korleis var tida som veterinærstudent?
- Eg trivdas veldig godt veldig tidleg. Det var litt som seks år med internatskule, fortel Hanna Marie.
Ho skildrar studietida som ei boble. Alt frå det tronge treningsrommet til kantina og bodegaen, der det var fest og sosialt. Det faglege kunne vere tungt, men veterinærstudiet var komplekst og samansett.
- Det var utruleg interessant å få lære om dyra etter fleire år med teori. Då vi kom til fysiologi, såg eg kor likt det er menneske. Eg følte jo like mykje at eg lærte om meg sjølv, seier Hanna Marie.
Ho fortel at Veterinærhøgskolen no integrer meir praktisk arbeid tidlegare i studiet.
- Jo meir ting du kan feste fakta til, jo lettare blir det å hugse. Det er mykje teori som skal relaterast til noko, minner ho oss på.
Har du eit favorittminne frå studietida?
- Det må vere at eg lærte å danse sving! Eg elska svinggolvet, smilar Hanna Marie.
- Hanna Marie sine beste tips til veterinærstudentar
- 1. Invester i relasjonar.
- 2. Som nyutdanna kan du vere ein utruleg ressurs og givande for dei du kjem til, både for kollegaer, kundar eller lokalsamfunn. Du må ikkje kunne alt som ny. Ein gnist og nysgjerrigheit tar deg eit godt stykke med på vegen.
- 3. Dra på fagsamlingar, både for fag og det sosiale. Du blir aldri utlært, og det er eigentleg ganske fint har eg innsett.

Ein variert karriere
Hanna Marie har alltid likt det faglege og teoretiske, men også å gjere ting praktisk og tenke kreativt. Derfor valde ho å jobbe som modell ved sida av studia.
- Eg fekk kople ut mentalt frå mitt eige hovud sånn. Det var morosamt at eg kunne opne Oslo Fashion Week den eine dagen, og neste så stod eg med armen inni ei ku, liksom. Så det er nokre kontrastar, ler ho.
I tillegg til jobben som veterinær og modell, er også Hanna Marie kunstnar og forfattar. Å variera mellom dei ulike jobbane har hjelpt ho gjennom yrket som dyrlege. For tida jobbar ho ikkje som klinisk veterinær, men seier at veterinær er ein del av den ho er.
- No ser eg større linjer og ønskjer å bidra gjennom formidling, fortel ho.
Gav ut si eiga bok
Hanna Marie har nyleg publisert boka «Dyrlegen» gjennom Kagge Forlag. Målet var å ta med lesaren tett på livet som veterinær og dyreeigar.
Kva ønskte du å visa lesaren?
- Ofte får ein presentert enten eit glansbilete eller tragedie, når det er snakk om profesjonen eller dyrehald. Då opplever eg at folk ikkje har ei formeining om kva min kvardag går ut på som dyrlege, men også at dei ikkje ser kompleksitetane rundt heile systemet med dyrevelferd, seier Hanna Marie.
Håpet hennas er at folk skal få vere med ho som ei fluge på veggen. Målet er å få dei til å reflektere.

Ho har fått tilbakemeldingar frå veterinærar som kjenner seg igjen og takkar ho for å ha skrive boka. Så har ho også fått høyre frå folk utanfrå at dei kjenner seg igjen som menneske i eit samfunn som skal gå stadig fórare.
- Eg har fått høyre at fleire trudde dei skulle lese ei koseleg bok om dyr og ein dyrlege som reiser rundt, men så blir dei heller utfordra på eit samfunnsnivå, fortel Hanna Marie.
Gjennom boka «Dyrlegen» ønskte ho å vise kor nært veterinærar kjem på samfunnet sine system, og korleis ein dyrlege kan ver ein bondes einaste sosiale punkt i ein hektisk kvardag.
- Det var ikkje fint å sjå det einsidige fokuset på utsjånad i kjæledyravl eller fokuset på tal i matproduksjon framfor verdiar som vi ikkje alltid klarer å måle. Eg ønskte å visa fram kvardagen som dyrlege, men også dei samfunnsproblema eg møtte kvar dag, som mange nødvendigvis ikkje får med seg.

Ei framtid som formidlar
Kor ser du for deg sjølv og karrieren din om ti år?
- Eg ser for meg ei karriere innan formidling. Kva form det blir, er eg usikker på! Eg har voreinnom ulike felt og ulike delar av landet i mi karriere, vegar eg ikkje kunne ane da eg sjølv var student. Ein periode var eg også mjølkebonde, fortel Hanna Marie.
Kvardagen som klinisk veterinær er sett på pause. Hanna Marie vil sjå ei endring i arbeidskvardagen til veterinærar, særleg i systema rundt, og håpar boka vil bidra til tverrfaglege samtalar om løysningar.
- Jobben som veterinær kan vere krevjande. Vi skal ofte fylle mange roller i kvardagen. Men, det skal ikkje skremme bort nye studentar. Eg ønskjer heller at dei blir inspirerte og stolte over å sjå kor vidt kompetansen kan brukast, og at dei er ein ressurs som kan bidra i samfunnet på fleire plan.
Er du interessert i å bli veterinær?
