Bygninger frå 1859 til 1925 - arkitekter og planer

Av Kjersti Sørlie Rimer

Hovedbygninger 1859-1909
Tunet i 1859.Foto: Foto Scanna frå NLH 1859-1909

NMBU gjennom 150 år opparbeida ei stilmessig fin samling av bygningar. Bygningane si historie heng saman med skulen si historiske utvikling og mellom anna direktørar si innflyting på politiske avgjerder.

Arkitekter

Perioden rundt 1859

I åra 1854-55 vart Ås prestegard og fleire naboeigedomar kjøpte med tanke på å leggja ein landbrukshøgskule der.

Hovudbygninga vart reve og Syverud ved Årungen vart bruka som prestegard ei stund. Den sto lenge tom og vart bruka til lager for UKAs rekvisittar og kulissar, for seinare å verta riven.

Prestegården

Arkitekt Peter Høier Holtermann vart engasjert til å utforma teikningar til landbruksskulens bygningar. Dei tre hovudbygningane vart ført opp omkring eit tun, i ei enkel utgåve av den nye teglsteinsarkitekturen, ein enkel historisme, men med seinklassisismen sin faste , symmetriske form – «uden Luxus og Forsiring».

Holtermann reiste til Sverige i forkant av bygginga for å gjera seg kjend med tilsvarande anlegg der.

Cirkus og gardsbygningene.

Bygningane sto ferdige hausten 1859. Utanom dei tre hovudbygningane vart det oppført ei rekkje driftsbygningar av ymse art – i alt omfatta utbygginga 17 bygningar. Dei tre hovudbygningane vart anlagt ved ein « Svanedam» - hovudbygninga vert kalla Circus, undervisingsbygninga Tivoli, og det tredje var heilt enkelt Økonomibygninga. Sistnemnde bygning brann i 1895. Av bygningane i det opphavelege anlegget er det desse tre gjeve ei heilt ny form, mens eit svinehus, eit stabbur og ein verkstad- og smiebygning er teke vare på. Svinehuset vart likevel om– påbygd omkring år 1900.

Urbygninga
Urbygninga. Foto: Foto henta frå NLH 1859-1909

Kulturpolitisk påverking 1890- 1920

I perioden 1890 til 1910 var Lysakerkretsen det kulturpolitiske miljø i Noreg med størst påverkingskraft. Med Erik Werenskiold og Gerhard Munthe, i spissen, hadde dei som program å omdanna 1800-talets Noreg til ein europeisk kulturnasjon. På line med jugend-estetikken og den engelske Art – Craftsrørsla, ville dei fjerna skiljet mellom kunstartane og ta opp igjen samspelet mellom arkitektur, måleri, skulptur og kunsthandverk. Deira påverking kan ein finna att i bygningane frå denne perioden. Dette er spesielt tydeleg i Urbygninga, både ved utvendig utsmykking og på interiør og dekorasjonar i festsalen.

Tårnbygninga
Tårnbygninga. Foto: Foto Henta frå NLH 1859-1909

Ole Sverre var hovedarkitekt for perioden kring hundreårsskiftet fram til 1920

Første byggjeplan for omgjering til høgskule
Høgskulen blei etter fleire diskusjonar vedteke lagt til Ås, og det gjeldande skuleanlegget måtte gjerast til eit tidsmessig høgskuleanlegg for norsk landbruk. Det skulle vere eit ruralt motstykke til eit tradisjonelt, urbant universitetsanlegg.

I 1896 vart ein ny direktør – Johan Leuthäuser Hirsch – henta frå Jønsberg landbruksskule. I perioden hans vart det mest særprega bygningsmiljøet ved skulen skapt. Arkitekt Ole Sverre vart engasjert for å skapa det nye anlegget, og fram til 1904 sto Sverre attom utforminga av 13 bygningar. I alt teikna han 28 bygningar ved Noregs landbrukshøgskule, der 21 er teke vare på.

Hirsch laga eit program med fire punkt for å følgje opp omlegginga.

  • Eterom/kantine, kjøkken og rom for tenestejenter, samt kontor, møterom for skuleråd og gjesterom skulle vere eige hus åtskilt frå hyblane til studentane. Fløybygningen som var skadd i brann blei foreslått til dette.( Økonomibygningen)
  • Studentane skulle bu i dei to andre bygningane, men det skulle vere minst ei lærarleilegheit i kvar av dei. ( Tivoli og Cirkus)
  • Lærarane skulle fordelast i dei tre bygningane, pluss i undervisningsbygningen (Parkgården) og gartnarbustaden ved Svanedammen. I tillegg skulle det byggjast nye lærarbustader på dertil eigna tomt.
  • Det måtte oppførast ein ny, tidsmessig undervisningsbygning, med lese og teiknesalar, laboratoria, samlingsrom, arbeidsrom og bibliotek.( Urbygningen)

Hovudbygningene rundt Svanedammen
Hovudbygningene rundt Svanedammen, her er det bevis på korfor Andedammen opphaveleg heitte Svanedammen. Foto: Foto henta frå NLH 1859-1909

Det gamle hovudtunet vart fullstendig bygd om, og fekk preg av ein livleg nyrenesansse med tydeleg karakter av jugendstil, og store takutstikk med halvvalm henta frå den samtidige trearkitekturen. Fasadane er i hovudsak utført i raud tegl og puss, med enkelte detaljar i hogd stein – granitt og kleberstein.

Fram mot 1924 vart det lage store planer og utført ei stor mengde byggjearbeid, mellom anna lærarbustadar. Den mest markante bygninga frå denne perioden er Tårnbygninga, som sto ferdig i 1924, og står som ei fullending av Ole Sverres sentrale bygningskompleks. Denne bygningsserien er prega av nordisk nybarokk.

Lista over bygningar såg slik ut:

  • 1. Ny undervisningsbygning (Urbygningen)
  • 2. Gjenoppføring og utviding av søndre fløybygning (Økonomibygningen)
  • 3. Ombygging og utviding av nordre fløybygning (Tivoli)
  • 4. Nytt drivhus
  • 5. 1 lærarbolig for 2 lærarar
  • 6. 4 lærarboligar for 1 lærar
  • 7. Innkjøp av Landmarks bygning
  • 8. Elektrisk belysning i undervisningsbygningen (Ur), hovedbygningen (Cirkus) og dei to fløybygningane
  • 9. Sentraloppvarming i undervisningsbygningane og i vestre fløybygning (Tivoli)
  • 10. Ombygging av den nåværande undervisningsbygningen (Parkgården)
  • 11. I tillegg kom veg, kloakk, toaletter, utviding av vannledningar, utstyr og innredningar. Dette blei kostnadsberegna til 682 000,- kroner.
Meiermuseet frå den tida det vart påbygd.
Meiermuseet frå den tida det vart påbygd. Foto: Foto henta frå NMBUs bildearkiv

Fire murbygningar vart utført i same stil, kor den mest markante er den såkalla Urbygninga, som dannar eit praktfullt fondmotiv i landskapsparken. Det vart òg bygd fleire lærarbustadar i tre. Her er innflytinga frå sveitsarstil, drakestil og til ein viss grad jugendstil med på å skapa ein eigen, felles stil.

Kort tid etter at Stortinget hadde vedteke utbygginga blei det klart at det trongst to hus til, det var eit forsøksmeieri og ein bygning for behandling og lagring av frukt. Også disse kom med i den intense byggeperioden frå 1897 til 1902.

Ominnredning og utviding av hovedbygningen (Cirkus) blei holdt utanfor i første omgang. Dette skulle etter planen ikkje gjennomførast før talet av elevar og lærlingar hadde kome over 100, noko som ikkje var ansett som sannsynleg i løpet av dei første åra. Men byggeprosjekta gikk godt og hovedbygningen blei gjort om før tida. Heile byggeprosessen var omlag ferdig sommaren 1902.

Ole Sverre

Ole Sverres innsats som arkitekt ved NLH spenner frå seinhistorisme og dragestil omkring 1890 til nyklassisismen i 1920-åra. Karakteristisk for Sverres arkitektgjerning var heile tida ei gjennomarbeidd tolking av dei skiftande stilideala og ein høg arkitektonisk kvalitet på byggverka han skapte.

Med det opne sinnet sitt og vide kontaktflate klarde han å trekkje til seg gode samarbeidspartnarar, som blant anna kunstnarar til utsmykking, detaljering med vidare. Han hadde ord på seg for å vere ein dyktig administrator, med evne til å gjennomføre store og kompliserte byggjeprosjekt på ein effektiv måte. Byggjeaktiviteten i perioden 1897-1902 viser at han denne gongen også leia prosjektet på ein effektiv måte.


Informasjon om bygningane frå åra rundt 1900 er i hovudsak henta frå Erik Ås si hovudoppgåve frå UiO og informasjon frå byggmiljøet for matematiske realfag og teknologi.

Oversikt over arkitekter og bygninger ved UMB hentet fra Artemisia

Ole Sverre

Holm Munthe

Stilstudie med tegninger og kort beskrivelse

Publisert - Oppdatert

Del på