Ben Børilden har bachelor og master i kjemi frå NMBU, og arbeider i dag ved GE HealthCare Lindesnes. – Etter å ha funne ut at NMBU ville vere førstevalet mitt, drog eg på open dag og såg meg aldri tilbake, seier Ben.
Kan du fortelje om den noverande jobben din?
Stillingstittelen min er prosessingeniør ved GE HealthCare Lindesnes. Bedrifta mi driv med farmasøytisk produksjon av den aktive farmasøytiske ingrediensen (API) til ei røntgenkontrastvæske. Sjølve kontrastvæska blir produsert av same konsernet, men på ein annan fabrikk. Eg arbeider som generell prosessingeniør. Dette medfører at eg får arbeidsoppgåver som avviksbehandling, endringskontrollar, CAPA og liknande. I tillegg har eg fått ansvar som systemadministrator for produksjonskortsystemet (batch record system), som skriv ut GMP-dokumenta me nyttar for å dokumentere syntesen av produktet vårt. Eg har òg vore så heldig å få utdanning til å bli det som blir kalla GMP-inspektør. Dette er ei rolle som hjelper bedrifta mi med å kontrollere at bedrifter me arbeider med oppfyller GMP-standarden, ved å gjennomføre inspeksjonar (audits) av desse bedriftene. Alle arbeidsoppgåvene mine har eg fått anten fordi eg har spurt etter oppgåver i den retninga, eller fordi det er noko eg er flink til.
Bedrifta mi har vore i drift på same stad i over 50 år. I dag har me over 600 tilsette fordelte på mange område. For meg med mastergrad i kjemi er det mogleg å arbeide som ingeniør i eitt av dei fire produksjonsområda, i prosjektavdelinga, utviklingsavdelinga (her blir man tilsett som forskar, med moglegheit for ei nærings-PhD) eller QC-laboratoriet. Med vidare utdanning innan GMP har eg òg moglegheit til å gå i retning QA dersom eg skulle ønskje det.
Korleis var vegen frå vidaregåande til jobben du har i dag?
Eg undersøkte på nettet og snakka med lærarane mine lokalt for å finne ut kva universitet som var best til å utdanne kjemikarar i Noreg. Resultatet vart ei rangering av ulike universitet. Etter å ha funne ut at NMBU ville vere førstevalet mitt basert på denne rangeringa, drog eg på open dag og såg meg aldri tilbake. Open dag viste meg berre at NMBU var den einaste plassen for meg.
Alle emna mine var nokså likeverdige når det gjaldt å kvalifisere meg til jobben min. Grunnen til at akkurat eg fekk jobben, har eg funne ut i ettertid. Det var fordi eg var ein person som både kunne kjemi og hadde stor interesse for og kompetanse innan datamaskiner, IT og liknande. Det hjelpte òg at personlegdomen min passa svært godt inn i avdelinga. Bedrifta mi er ikkje som enkelte andre bedrifter som i stor grad sorterer kandidatar etter karaktersnitt. Her må du òg vere eit ekte menneske, ikkje berre nokon med eit perfekt snitt. Her trur eg alle verva mine i Samfunnet, Fadderveka, Molekylet og NITO hjelpte meg mykje.
Kva kan du seie om studentmiljøet på NMBU?
10/10. Det er ein god grunn til at NMBU sine studentar vinn kategorien for dei mest nøgde studentane i Noreg år etter år. Eg var svært engasjert i Samfunnet og liknande, og vil nok seie at det har mykje å seie for den generelle trivselen på campus. Men eg kjenner til fleire som aldri engasjerte seg i Samfunnet eller liknande, og som opplevde Ås på same måte. Det einaste negative eg kan seie, er at dersom du ikkje bur på campus, vil du aldri oppleve NMBU og Ås frå si beste side.

karriereintervju med tidlegare student
Ben Børilden
- Studieprogram: Bachelor og master i kjemi
- Tittel på masteroppgåve: Pretreatment of Brewer’s Spent Grain: Exploring effects on protein hydrolysis, hydrolysate composition and protein extraction
- Jobb i dag: Prosessingeniør
- Arbeidsgivar: GE HealthCare Lindesnes
Har du nokre råd til komande studentar?
Uansett kva universitet du går på, så lenge du har hatt det gøyt og ender opp med ei Bachelor- eller Mastergrad på enden av løpet, burde du klare deg. Grunnen for å velge NMBU over alle dei andre vil nok være basert på kva du ynskjer sjølv, om du vil bli teste kor opptatt du faktisk klarer å bli, kan eg sei at NMBU vil prøve deg hardt der. Om du vil få det meste ut av fritida di stiller NMBU opp med nesten ubegrensa med alternativ.
NMBU fyller mange roller og stiller sterkt på det meste, men den passer ikkje for alle. Om kulturen på Ås virker fristende eller passende til deg vil eg tru du ikkje kjem til å angre på velje NMBU. Personleg meiner eg at NMBU stiller sterkare enn dei fleste andre universiteta i Noreg på alle områdar, men garantert kultur og fritidsalternativ.
Korleis bidreg jobben din til arbeidet med FNs berekraftsmål?
Min bedrift har eit avdeling/konsept som heiter Return-Chain-Department. Det dreier seg om å gjenvinne kontrastvæske som det ellers ikkje er noko galt med og som har vært innenfor vår kontroll i dens levetid. Ei veldig fint eksempel er at dei fleste farmasøytiske produkt har ei re-test eller "utløpsdato", dette har vårt produkt også. Når det evt. har nådd re-test eller utløpsdatoen vil det bli transportert tilbake til Lindesnes og reprosessert altså at me gjenvinner API'en.
Dette er etter mi meining eit godt døme på korleis farmasøytisk industri kan arbeide med berekraft i praksis. Ved å gjenvinne API i staden for å destruere godt-produkt som framleis har verdi, reduserer me både avfallsmengder og behovet for nye råvarer. Eg vil seie at dette er eit døme på sirkulær økonomi i praksis, der målet er å halde ressursar i verdikjeda så lenge som mogleg og få mest mogleg verdi ut av materiala som allereie er produserte.

