Kvalitetssikring av ph.d.-programmer ved NMBU
NMBU arbeider kontinuerleg med kvaliteten i forskarutdanninga slik at overordna læringsmål og element som inngår i ph.d.-programma er oppdaterte og relevante. Arbeidet skal òg sikra at programma har ein plass i NMBUs samfunnsoppdrag og at dei har relevans for arbeidsmarknad og samfunn generelt. Kvalitetsarbeidet er i samsvar med NMBUs kvalitetssystem for utdanning (KSU).
NMBU har 8 ph.d.-program knyttet til 7 fakultet. Ein kombinasjon av årlege og periodiske programevalueringar skal gi nødvendig kunnskap til å sikra høg kvalitet i utdanninga og å driva eit godt utviklingsarbeid.
Ph.d.-programevalueringane høyrer til i Årsrapport for Forskarutdanninga ved NMBU og utgjer ein del av det kontinuerlige arbeidet med studiekvalitet ved NMBU (jf. US-vedtak 22.10.15). Les meir om NMBUs kvalitetssystem for utdanning (lenke)
Årleg evaluering av alle ph.d.-program
Fakulteta gjennomfører årleg ei evaluering sine ph.d.-program. Evalueringa er basert på tilbakemeldingar frå ph.d.-kandidatane (via spørjeundersøking) og diskusjonar i fakultetets ph.d.-programutval, og munnar ut i ein kortfatta årsrapport. Nedenfor følger tidslinje for arbeidet:
1. oktober
1. oktober - medio desember
1. desember
Medio desember
1. januar
1. november - 15. januar
15. januar
1. januar - 15. februar
Medio mars
Medio april