Hopp til hovedinnhold

Satellittbilete viser korleis stormar skadar skogen

Av Cathrine Glosli

Fotografi av en skog med snøflekker på bakken. I forgrunnen ligger et stort tre som er brukket i to, med splintret treverk synlig. Den ene delen står som en stubbe, mens resten ligger veltet mot bakken. Bakgrunnen viser tett skog med høye, rette stammer.
Stormskader i skogen: Ett stort tre har brukket tvers av stammen, omgitt av flekker med smeltende snø og tett barskog i bakgrunnen. Foto: Shutterstock

Ekstremvêr gjer nordiske skogar stadig meir sårbare. No viser ny forsking korleis satellittbilete, vêrmodellar og maskinlæring kan brukast til å kartleggje og føreseie skadar frå vind og snø – heilt ned til det enkelte treet. Målet er å gje skogforvaltninga betre verktøy i møte med eit klima i endring.

Nordiske skogar er under press. Ikkje berre frå hogst og arealbruk, men frå vêret sjølv. Stormar og tung snø gjer stadig større skade, og klimaendringar gjer det vanskelegare å føreseie når og kvar det skjer.

– Klimaendringane gjer skogskadar meir uforutsigbare. Difor treng vi betre verktøy for å forstå kvar og når skogen er mest utsett, seier Peter Zubkov, ph.d.-kandidat ved NMBU – Norges miljø- og biovitskaplege universitet.

I doktorgraden sin har han utvikla nye metodar for å kartleggje og føreseie skogskadar med hjelp frå satellittar, vêrmodellar og kunstig intelligens.

Portrettbilde av en person med kort, mørkt hår, kledd i en lys genser. Bildet har en ren, hvit bakgrunn og viser overkroppen fra skuldrene og opp.
Ph.d.-kandidat Peter Zubkov Foto: Karl Jørgen Marthinsen

Skogskadar som kostar

Stormar og snøfall er ein del av livet i nordiske skogar, men dei siste tiåra har skadane auka. I Noreg har fleire snøfall dei siste åra ført til omfattande skadar på gran og furu. I 2021 vart Sør-Aurdal råka av ein kraftig storm som felte over to millionar kubikkmeter skog. Slike hendingar gjev store økonomiske tap, både for skogeigarar og samfunnet. I tillegg kan skadane føre til barkebilleangrep og auka brannfare.

– Skogskadar som følgje av ekstremvêr er ikkje berre eit økonomisk problem. Dei kan òg svekkje skogen si evne til å lagre karbon og dermed påverke klimamåla, seier Zubkov.

Satellittbilete som verktøy

Resultata til Zubkov viser at satellittbilete med svært høg oppløysing kan brukast til å kartleggje stormskadar i skog. Ved å samanlikne bilete tekne før og etter ein storm, kan forskarane sjå kvar tre har falle, rett og slett ved å måle endringar i høgda på tretoppane. Metoden fungerer best i tett skog og gjev påliteleg informasjon sjølv under vintertilhøve med snø og låg sol.

– Stereosatellittbilete gjev overraskande presise målingar av vindfall, sjølv under krevjande vintertilhøve, kommenterer han.

Ein stereosatellitt er ein satellitt som kan ta to bilete av same område frå ulike vinklar. Desse bileta vert brukte til å lage tredimensjonale modellar av terrenget eller skogkroner.

Snøskadar på enkelttrær

Zubkov har utvikla ein modell som reknar ut kor mykje snø eit tre toler før det knekk. Modellen brukar vêrdata og informasjon om treet si høgd, diameter og kroneform. Ved å kople dette med snømengda som faktisk har lagt seg i tretoppane, kan forskarane berekne sannsynet for skade.

– Modellen gjev eit intuitivt risikobilete basert på enkle tredata og vêrprognosar. Han kan brukast direkte i scenarioanalysar for skogforvaltning, seier han.

Når vinden kjem ovanfrå

Zubkov har òg undersøkt ein type vindskade som tradisjonelle modellar ikkje fangar opp: fjellbølgjer. Dette er kraftige luftstraumar som oppstår når vind møter fjell og dannar turbulens og vertikal luftbevegelse. Under stormen i 2021 var det nettopp slike bølgjer som førte til omfattande skogskadar i Hedalen.

– Det var ikkje skogen si struktur som avgjorde skadeomfanget, men atmosfæren si lagdeling og vertikal luftstraum. Det viser at vi må tenkje meir heilskapleg, og inkludere landskap og topografi, ikkje berre tre, seier han.

Kva betyr dette for skogforvaltninga?

Forskninga til Zubkov gjev konkrete verktøy for å handtere skogskadar i eit klima i endring. Kartlegging med satellittbilete kan gje rask oversikt etter stormar.

Modellen for snøskadar kan brukast til å planleggje skogbruk som reduserer risiko.
Analysen av fjellbølgjer viser at forvaltninga må tenkje landskap og topografi når ho vurderer risiko for vindskadar.

– Vi treng beslutningsstøtte som kombinerer satellittdata, vêrmodellar og treet sine mekaniske eigenskapar. Berre då kan vi forvalte skogen proaktivt i møte med eit meir ekstremt klima, avsluttar han.

Peter Zubkov forsvarar sin ph.d.-avhandling "Vind- og snøskader i boreal skog: prediksjon av skaderisiko og skadekartlegging under ekstremværhendelser" fredag den 31. oktober, 2025. Prøveforelesning og disputas er åpne for alle, les mer om dem her.

Publisert - Oppdatert