Fosfor er både viktig for fiskehelsa og ei miljøutfordring for oppdrettsnæringa. Ny forsking viser korleis riktige fôrdiettar i landbasert oppdrett kan auke fisken si emne til å ta opp meir av fosforet, samtidig som fosfortapet kan reduserast med opptil 90 prosent.
Funna gir ny kunnskap som kan bidra til meir berekraftig fôrbruk og betre forvaltning av fosfor i framtidas akvakultur.
Nedanfor svarar Vegard Øvstetun Flo på fire spørsmål om doktorgradsarbeidet sitt om systemtilpassa fôr i landbaserte oppdrettsanlegg:
Kvifor er denne forskinga viktig?
Fosfor er ein avgrensa, ikkje-fornybar ressurs og ein kritisk faktor for både fiskehelse og miljø.
Norsk akvakultur brukar i dag nesten like mykje fosfor som jordbruket, og når «ubrukt» fosfor vert sleppe ut, kan det føre til overgjødsling (eutrofiering) i sårbare fjordområde.
Dette gir algar og plantar for mykje næring, slik at dei veks raskt, døyr og blir brotne ned. Denne prosessen reduserer oksygeninnhaldet i vatnet og forverrar livsvilkåra for fisk og andre organismar.
Utan betre resirkulering og kontroll kan fosforforbruket i oppdrett bli fire gonger høgare enn i jordbruket innan 2050.
Miljødirektoratet har dessutan funne at 44 prosent av norske settefiskanlegg slepp ut meir fosfor og nitrogen enn dei har lov til.
Forsking på korleis utsleppa kan reduserast, er derfor heilt avgjerande for at næringa skal kunne halde seg innanfor miljøkrava.
Kva var målet med doktorgradsarbeidet?
Målet var å utvikle kunnskap og strategiar som gjer det mogleg å redusere fosforforbruk og utslepp frå norsk akvakultur utan å gå på kostnad av fiskehelsa.
For å få det til måtte eg forstå korleis fôrformulering, miljøtilhøve og anleggsdesign påverkar både fiskens behov for fosfor og anlegga si evne til å samle opp fosforhaldige partiklar frå vatnet.
Kva er dei viktigaste funna?
Resultata viser at fosforhandsaming i oppdrett er meir kompleks enn tidlegare anteke.
Det meste av fosforet frå fisken kjem ut i partikulær form, altså som fiskebæsj, men eigenskapane til partiklane varierer med dietten.
Storleik og robustheit avgjer om partiklane blir fjerna effektivt i anlegga sine trommelfilter, som er den vanlegaste reinseforma.
Gjennom tre eksperiment har eg vist at systemtilpassa fôr kan redusere fosforutslepp betydeleg – ved at desse partiklane blir lettare å fange opp.
Temperatur spelar også ei rolle: fisk som veks opp i kaldare vatn, treng ikkje nødvendigvis like mykje fosfor som fisk i varmare miljø.
I tillegg har ei oppjustering av vitamin D-nivået i fôret vist å redusere mengda laust fosfor i avføringa, noko som gjer det enklare å samle opp større delar av næringsstoffet i slammet.
Kva betydning kan forskinga få?
Arbeidet gir eit solid kunnskapsgrunnlag for utvikling av meir målretta fôrstrategiar som reduserer fosforforbruket og utsleppa frå særleg landbaserte anlegg.
Funn frå doktorgraden har allereie bidrege til utvikling av systemtilpassa fôr med justerte vitamin D-nivå, som no er kommersielt tilgjengeleg for oppdrettsnæringa.
På lengre sikt kan denne typen forsking danne grunnlag for betre regulering, nye modelleringsverktøy og økonomiske insentiv for betre fosforforvaltning – og slik bidra til ein meir berekraftig vekst i norsk akvakultur.
FAKTA:
Vegard Øvstetun Flo
- Tidlegare utdanning: Master of Science in Aquaculture, NMBU
- Frå: Stryn
- Doktorgrad: Ved NMBUs fakultet for realfag og teknologi og EWOS AS
- Tittel på avhandlinga:
- Norsk: Bærekraftig fosforforvaltning i norsk akvakultur: Forbruk, utslipp og sirkularitet i fokus
- Engelsk: Sustainable phosphorus management in Norwegian aquaculture: Addressing consumption, emissions, and circularity
Vegard Øvstetun Flo forsvarer sin doktorgradsavhandling ved NMBU fredag 5. desember 2025.