Skreddarsydd kommunikasjon, både på staden og digitalt, kan framme miljøvennleg åtferd blant besøkande i nasjonalparkar.
Femundsmarka nasjonalpark er eit populært verneområde som tiltrekkjer seg besøkande året rundt.
– Majoriteten av dei besøkande til Femundsmarka overnattar i telt, og turane strekkjer seg gjerne over mange dagar, seier ph.d.-kandidat Sofie Kjendlie Selvaag ved NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.
Analysar viser at reiselivet i og i tilknyting til Femundsmarka mest sannsynleg vil auke i åra framover. Denne auken kan skape utfordringar for forvaltninga.
Saman med tilgrensande område, utgjer Femundsmarka eit av dei største verna områda i Sør-Skandinavia. Her finst fleire sårbare dyr- og planteartar, og den tørre, gamle fureskogen er ein av få i sit slag i Noreg.
Søppel og skar på tre
Populære aktivitetar blant besøkande i Femundsmarka er fotturar, fiske og padling. Ein typisk effekt av dette er forsøpling og slitasje langs vassdrag og leirplassar.
I doktorgraden si har Selvaag undersøkt korleis kommunikasjon kan brukast til å fremje miljøvennleg åtferd blant besøkande. Fokus har vore forsøpling og bålpraksis.
Intervju og Instagram
Selvaag har brukt kvalitative intervju og feltobservasjonar for å forstå besøkandes åtferd og kva slags effektar dei har på miljøet rundt seg. Ho organiserte workshops med forvaltninga, friluftslivsorganisasjonar, reiseliv og anna næringsliv for å utvikle strategiar og testa skilt, brosjyrar og munnleg kommunikasjon som hadde som hensikt å redusere forsøpling og ska på vegetasjonen. Ho målte også effekten av desse tiltaka. I tillegg analyserte ho innlegg på Instagram merka med emneknaggen Femundsmarka nasjonalpark .
Viktig med lokal tilpassing
Noko av det som er mest effektivt er kommunikasjonstiltak på staden. Dette kan vere skilt, brosjyrar eller personleg kontakt med tilsette i forvaltninga.
– Jo meir skreddarsydde bodskapen er til dei lokale forholda, jo betre, forklarer ho.
– Søppel er noko dei fleste er samde i at ikkje høyrer heime i naturen og dermed kan korte påminningar på skilt om å passe på søppelet sitt og gjerne plukke opp søppel ein finnar fungere godt.
Undersøkingane hennar viste at skilting reduserte forsøpling med 59% samanlikna med periodar utan skilting. Bålbrenning er likevel ein viktig del av naturopplevinga for mange i Femundsmarka og då kan det heller leggjast til rette for at dette kan skje på ein sikker, lovleg og miljøvennleg måte. Til dømers ved køyre ut ved på utvalde leirplassar eller oppmode til bruk av kvistbrennar så Femundsmarkas tre får stå i fred.
– For at dette skal skje krevst det ei åtferdsendring hos mange besøkande og då vil personleg kontakt vere meir verknadsfull.

Kva betyr villmark for turisten?
Sosiale medium, spesielt Instagram, er ein viktig faktor i turistkvardagen. Ved å dele opplevingane sine på nett, påverkar besøkande både sin eigen og andres åtferd. Selvaag har undersøkt omgrepet "villmark" i Femundsmarka via Instagram.
– Eg har analysert korleis dei besøkande oppfattar parken igjennom bileta sine eller bilete andre har publisert, seier ho.
Innhaldet dei besøkande vel å dele frå turane sine, kan gi innsikt i kva tilknyting dei har til Femundsmarka, og samtidig forme andres oppfatning av området. Bilete som viser detaljar i landskapet, som plantar og dyr, eller engasjerande aktivitetar som kanopadling, bading eller å lage bål, kan styrkje kjensla av nærleik til området.
På den andre sida kan bilete av dårleg vêr eller krevjande forhold for padling og vandring gi inntrykk av at området er utilgjengeleg eller utfordrande.
– Dette kan skape meir distanse. Villmark kan forståast som noko som må erobrast og overvinnast, eller som natur vi kjenner oss som ein del av.
– Eg meiner det er denne siste opplevinga vi bør styrkje, seier Selvaag.
– Fordi ho er meir personleg og forhåpentleg vil føre til meir miljøvennleg åtferd.
Betre informasjonsarbeid
Mange nasjonalparkar, både i Noreg og i utlandet, opplever auka press fordi besøkstala går opp.
– Sjølv om det ikkje er mogleg å nå alle besøkande direkte, er det viktig å kommunisere på ein måte som er kostnadseffektivt, kan no mange og som passar med folks preferansar, verdiar og erfaringar, seier Selvaag.
Forskinga hennar viser at digital kommunikasjon, som sosiale medium, kan støtte informasjonsarbeidet som blir gjort i verna område. Den kan bidra til å spreie bodskap om miljøvennleg åtferd til fleire individ.
– På den måten kan forvaltninga spisse bodskapen sin og auke medvitet i samfunnet om korleis vi forheld oss til naturen, både personleg og digitalt, avsluttar ho.
Referanse: Selvaag, S. K. Bruk av kommunikasjon for å fremje miljøvennleg åtferd: besøksforvaltning i nasjonalparkar [Doktoravhandling]. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
Prosjektet er eit samarbeid mellom NMBU og Norsk institutt for naturforvaltning (NINA). Det er finansiert av Forskingsrådet igjennom STIPINST-stipendiatstillingar i instituttsektoren, prosjektnummer 323289.