Doktorgradsarbeidet til Ararsa Derese Seboka viser at ved å kombinere ulike typar organisk avfall kan ein auke biogassproduksjonen med opptil 40 prosent, samstundes som restmateriale blir gjort om til nye bioenergiprodukt og avhengigheita av tradisjonelle brensel blir redusert.

I mange utviklingsregionar er energisystema framleis sterkt avhengige av tradisjonelle brensel som ved og trekull, medan store mengder organisk avfall blir dårleg handtert og bidreg til miljøforureining og tap av skogressursar.
I doktorgradsforskinga si ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) viser Ararsa Derese Seboka korleis denne utfordringa kan gjerast om til ei moglegheit ved å nytte naturlege biologiske prosessar til å produsere biogass.
Han syner vidare korleis desse prosessane kan integrerast i eit sirkulært system som òg gjer om restmateriale frå biogassproduksjonen til bio‑brikettar.
Ei oversett energikjelde
Forskinga til Seboka viser at store mengder nedbrytbart avfall framleis er lite utnytta, trass i det høge energipotensialet. Ved å kombinere biologisk omdanning til biogass med mekanisk bearbeiding av restar frå nedbrytinga til faste bio‑brikettar, kan organisk avfall nyttast til matlaging og oppvarming. Dette kan erstatte tradisjonelle brensel og betre tilgangen til lokal energi.
Eit sentralt bidrag i studien er den eksperimentelle dokumentasjonen av eit integrert avfall‑til‑energi‑system som forbetrar både energiutnytting og ressurseffektivitet.
– Ved å kombinere ulike straumar av organisk avfall kan biogassproduksjonen aukast med opptil 40 prosent, seier Seboka.
– Det gjer det òg mogleg å gjenbruke restane frå nedbrytinga som bio‑brikettar og som jordforbetringsmiddel.
Der avfall og energibehov møtest
Avhandlinga gir òg detaljert dokumentasjon frå både feltstudiar og laboratorieforsøk. I Sør‑Etiopia vart hotell og universitetscampusar identifiserte som viktige «desentraliserte knutepunkt» der organisk avfall og energibehov finst på same stad.
– Desse stadene produserer store mengder nedbrytbart avfall, forklarar Seboka.
– Opptil om lag 1 450 tonn per år på campusnivå, samstundes som dei framleis delvis er avhengige av ved og fossile brensel til matlaging og oppvarming.
Eksperimentelle forsøk med anaerob nedbryting viste at samnedbryting av landbruksrestar, som kaffeskal, saman med avfall frå avokado og blomster, forbetrar prosess-stabiliteten og metanutbyttet. Samstundes kan den attverande bioresten pressast til bio‑brikettar med energiverdiar som kan samanliknast med konvensjonelle faste brensel, og med potensial som organisk gjødsel.
Lågare utslepp, betre energiutnytting
Samla sett viser funna til Seboka at desentraliserte, sirkulære bioenergisystem kan redusere utslepp av klimagassar, avgrense miljøforureining og minske avhengigheita av trekull og ved.
Dermed bidreg dei til mindre avfall, redusert avskoging og meir berekraftig energibruk. Resultata er relevante ikkje berre for Etiopia, men òg for andre låg- og mellominntektsregionar som står overfor liknande utfordringar innan energi- og
Ararsa Derese Seboka forsvarar sin ph.d.-avhandling "Integrert sirkulær valorisering av lignocellulosisk biomasse til biogass og biobriketter med miljømessige implikasjoner i Sør-Etiopia" mandag den 18. mai, 2026. Prøveforelesning og disputas er åpne for alle.
