Kvalitetssikring av ph.d.-programma ved NMBU

NMBU arbeider kontinuerleg med kvaliteten i forskarutdanninga slik at overordna læringsmål og element som inngår i ph.d.-programma er oppdaterte og relevante. Arbeidet skal òg sikra at programma har ein plass i NMBUs samfunnsoppdrag og at dei har relevans for arbeidsmarknad og samfunn generelt.

Kvalitetssikring av ph.d.-programma ved NMBU

NMBU har 10 ph.d.-program knytte til 7 fakultet. Ein kombinasjon av årlege og periodiske programevalueringar skal gi nødvendig kunnskap til å sikra høg kvalitet i utdanninga og å driva eit godt utviklingsarbeid. Ph.d.-programevalueringane høyrer til i Årsrapport for Forskarutdanninga ved NMBU og utgjer ein del av det løypande arbeidet med studiekvalitet ved NMBU (jf. US-vedtak 22.10.15).

Årleg evaluering av alle ph.d.-programm

Det blir gjennomført ei årleg evaluering av kvart enkelt ph.d.-program ved NMBU. Dekanen har overordna ansvar for den årlege programevalueringa. Evalueringa munnar ut i ein kortfatta programrapport basert på tilbakemeldingar frå ph.d.-kandidatane (via spørjeundersøking), fakultetets Forskingsutval (Fakultet-FU), ph.d.-programutval o.a.

Programrapport for 2019 vert godkjendt av dekan og levert til Forskingsavdelinga i sak 19/05981 innan 1. februar 2020. 

Årsrapport forskarutdanninga ved NMBU

Årsrapportane for forskarutdanninga ved NMBU finn du til høgre på denne sida.

Spørreundersøking til ph.d.-kandidatane:

Alle ph.d.-kandidatar får éin gong i året (i juni) ei spørjeundersøking frå Forskingsavdelinga. Undersøkinga er på engelsk, og ph.d.-kandidatane har svarfrist 1. oktober. Forskingsavdelinga samanliknar resultata og formidlar desse, saman med anna datagrunnlag for programevalueringane, til fakulteta per 1. desember.

Periodisk evaluering av utvald(e) ph.d.-program

Det blir gjennomført periodisk evaluering av utvalde ph.d.-program, første gong i 2019. Rektor har det overordna ansvaret for periodiske programevalueringar.

Oversikt (tentativ) periodiske ph.d.-program evaleuringer ved NMBU : (vedtatt i FU-sak 26/18):

Evaluerings år

Program – namn

Fakultet

 

2019

Husdyr- og akvakulturvitenskap og Plantevitenskap

BIOVIT

2020

Miljøvitenskap og Naturforvaltning

MINA

2021

Realfag og teknologi

REALTEK

2022

Samfunnsutvikling og planlegging og Internasjonale miljø og utviklingsstudier

LANDSAM

2023

Veterinærvitenskap

VET

2024

Natur- og matvitenskap

KBM

2025

Økonomi og administrasjon

HH

 

 

Open Science

Open Science

Foto
Shutterstock

Published 19. desember 2016 - 12:31 - Updated 8. juli 2020 - 9:44