Korleis sikrar universiteta at studentar i profesjonsutdanningar er eigna for yrket dei skal utøve? Det var tema då NMBU arrangerte eit nasjonalt arbeidsseminar for skikkaansvarlege.
Skikkavurdering, eller skikkethetsvurdering, er ei lovpålagd ordning i fleire profesjonsutdanningar i Noreg. Målet er å vurdere om ein student kan utgjere ein mogleg fare for dei personen møter i praksis eller seinare yrkesutøving. Ordninga skal bidra til å sikre at barn, elevar, pasientar, klientar, dyreeigarar og dyr møter yrkesutøvarar som kan ta vare på ansvar, tryggleik, omsorg og tillit i yrket sitt.
Gjennom arbeidet med skikkavurdering skal universiteta bidra til at kandidatar som går ut i yrke med stort ansvar, er i stand til å ta vare på menneske, dyr og samfunn på ein god måte. Skikkavurdering handlar både om å ta vare på studentane, og om dyrevelferd, rettar, tryggleik og samfunnet si tillit til profesjonsutdanningane.
– Skikkavurdering handlar om å ta profesjonsansvaret på alvor. Universiteta har eit ansvar for å utdanne kandidatar som kan møte menneske og dyr på ein trygg og forsvarleg måte, seier Hans Erik Lefdal, leiar for Institutt for lærarutdanning og utdanningsvitskap ved NMBU.
Yrker med stort ansvar for dyr og menneske
Ved NMBU gjeld krav om skikkavurdering for studentar i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), lektorutdanning i realfag, veterinærmedisin og dyrepleie. Veterinær- og dyrepleiarutdanningane vart først innlemma i ordninga frå 2024. Endringa kom etter at regjeringa utvida forskrifta om skikkavurdering til fleire utdanningar med tett kontakt med menneske og dyr. Prorektor Elin Kubberød og dekan ved Veterinærhøgskolen, Ane C. W. Nødtvedt, understreka kor viktig dette arbeidet er då dei opna seminaret i Ås.
På seminaret møttest skikkaansvarlege frå heile landet på NMBU for å dele erfaringar med skikkavurdering i utdanningar der dette er lovpålagt. Representantar frå Kunnskapsdepartementet deltok også.
– Seminaret var ei anledning til å løfte fram eit arbeid mange av våre tilsette vil møte i undervisning, praksisoppfølging og studentrettleiing, seier Lefdal.

Kva er skikkavurdering?
Skikkavurdering er ei lovpålagd vurdering som skal avdekkje om ein student har dei faglege og personlege føresetnadene som trengst for å kunne utøve yrket på ein trygg og forsvarleg måte. Formålet er å vurdere om studenten kan utgjere ein mogleg fare for menneske eller dyr vedkommande møter i praksis eller seinare yrkesutøving.
Vurderinga går føre seg gjennom heile studieløpet og er ein del av universitetet sitt ansvar for utdanningskvalitet og profesjonsansvar. Dersom det oppstår grunngjeven tvil om ein student er skikka for yrket, kan det gjennomførast ei skikkavurdering. Difor skal alle universitet og høgskular som tilbyr utdanningar med skikkavurdering, ha skikkaansvarlege. Dei har ansvar for å følgje opp saker der det er tvil om ein student er skikka for yrket.
Skikkavurdering gjeld i dag ei rekkje profesjonsutdanningar i Noreg. Dette omfattar mellom anna lærarutdanningar, helse- og sosialfagutdanningar, barnehagelærarutdanning, psykologi, teologi og tolkeutdanningar, veterinær- og dyrepleiarutdanningane.
Skikkavurdering er regulert i forskrift til universitets- og høyskoleloven.
