Hopp til hovedinnhold

Ny bok om stølar i Odda

Av Cathrine Glosli

Forsiden av en bok
Reidar Borgstrøm og Harald Jordal har skrive boka «Stølane i Odda, frå Rebjørg og Skjeldsete i nord til Seljestad i sør». Utgjevaren er Odda Mållag. Foto: Odda Mållag

Odda Mållag har gjeve ut boka «Stølane i Odda, frå Rebjørg og Skjeldsete i nord til Seljestad i sør» av Reidar Borgstrøm og Harald Jordal. Ho skildrar historia til 73 stølar i Odda sokn, med detaljar om eigarar, bygningar, buføringsvegar og livet på stølen.

Reidar Borgstrøm og Harald Jordal har skrive boka «Stølane i Odda, frå Rebjørg og Skjeldsete i nord til Seljestad i sør». Utgjevaren er Odda Mållag, og verket på 225 sider er eit omfattande kulturvernarbeid.

I boka får lesaren møte 73 stølar i Odda sokn. Forfattarane har gått gjennom skriftlege kjelder, og snakka med over hundre informantar og oppsøkt stølane for å kartleggja historia. Resultatet er ei grundig framstilling av stølssoga, frå dei eldste tidene til stølsdrifta tok slutt etter andre verdskrigen.

Støling var hardt arbeid

Boka skildrar korleis livet på stølen var – frå mjølking og ysting til buføring i uver og lange dagar med slit. Vi får høyra om budeiene som bar mjølk heim over fjellet, om tvistar om stølsrettar, og om dramatiske hendingar som ras, flaumar og bjørnejakt. Forfattarane har også teke med «sidehistorier», som tamreinhaldet på Seljestad og korleis den organiserte skiidretten i Odda starta på Jordalsstølen.

Rik illustrasjon og kart

Boka er rikt illustrert med både nye og gamle bilete, og inneheld detaljert kartmateriale som gjev oversyn over kvar stølane har lege. Teksten er høveleg til samanhengande lesing eller som oppslagsverk.

Publisert - Oppdatert