Ni millionar til forsking på genredigering

Av Kristine Løwe

NMBU er partnar i nytt forskingsprosjekt som har som mål å utvikla nyskapande løysingar med hjelp av genredigeringsteknologi.

Kan ein redusera rånesmak i svinekjøt, avla fram storfe utan horn for å redusera skadar på dyra, og få mindre tørrote på poteter med hjelp av genredigering – og kva med dei etiske aspekta? 

Dette er berre noko av det NMBU, i samarbeid med andre aktørar i Heidner Bioclustrer, har fått millionstøtte frå Noregs forskingsråd til å forska på i forskingsprosjektet GENEinnovate. Heidner Biocluster er Noregs leiande næringsklynge for trygg og berekraftig matproduksjon.

Initiativet vert leia av Norsvin, og er eit samarbeid med Geno, Graminor, AquaGen, NMBU og Bioteknologirådet. Føremålet er å etablera eit forskingsmiljø med kompetanse innan genredigeringsteknologi på husdyr, fisk og planter i Noreg. 

Hos NMBU er det Matthew Kent som koordinerer prosjektet, mens Sigbjørn Lien og Trine Hvoslef-Eide er vitskaplege partnarar på høvesvis husdyr og planter. Forskingssenteret CIGENE /Senter for integrert genetikk) og Plantecellelaboratoriet ved NMBU er forskarpartnarar i prosjektet

Stor betydning for internasjonal matproduksjon

– Vi skal arbeida med tørrote i potet og laga eit «proof of concept» for genredigering i poteter som er vanskelege å foredla sidan dei har fleire kromosomsett enn vanleg, fortel Hvoslef-Eide, som er vitskapleg partnar på plantedelen av prosjektet.

– Tørrote er viktig av di vi brukar soppmiddel, vi sprøytar i gjennomsnitt sju gongar per potetsesong mot tørrote. Tørrote fører dessutan til store avlingstap og var årsaka til svoltkatastrofa i Irland midt på 1800-talet. Med endra klima, og da spesielt med meir nedbør, vil problemet auka, fortset ho.

NMBU er partner i forskningsprosjektet GENEinnovate som har som mål å utvikle nyskapende løsninger ved hjelp av genredigeringsteknologi.
NMBU er partner i forskningsprosjektet GENEinnovate som har som mål å utvikle nyskapende løsninger ved hjelp av genredigeringsteknologi. Foto: Norsvin / Frank Holm

Genredigering og CRISPR er på veg inn i landbruket verda over. Den nye teknologien er eit kraftfullt forskingsverkty, og små endringar i organismane sitt eiga arvestoff kan få stor tyding for matproduksjon og helse. Genredigering er per no ikkje i bruk i norske avlsorganisasjonar.

Jobber med løsninger for globale utfordringer

– Genredigering er en av de nye teknologiene som vil få stor betydning for internasjonal matproduksjon i framtida. Vi er ikke klare for å bruke teknologien i dag, men vi ønsker å bygge kunnskap nasjonalt, kunne bruke teknologien i forskningsøyemed og være klar for å ta verktøyene i bruk når dette eventuelt blir aktuelt. Utviklingen på dette området skjer utrolig fort på verdensbasis, sier forsknings- og utviklingssjef i Norsvin, Eli Grindflek.

Det nye prosjektet har mellom anna som mål å:

  • Testa ut teknologien for å minska rånesmak i svinekjøt ved hjelp av genredigering.
  • Testa ut moglegheita for å bruka genredigering for å fjerna horn hos storfe for å unngå skader på dyra, og å betra fruktbarheita hos norske kyr.
  • Testa ut om ein kan få fram poteter som ikkje er utsette for tørrote.
  • Utforska juridiske, etiske og samfunnsmessige aspekt med bruk av genredigering i avlsindustrien.

Prosjektet har eit totalbudsjett på 18,4 millionar kroner. I tillegg til partnarane nemnde ovanfor, er prosjektet òg eit samarbeid med forskingsinstituttet Sainsbury i England og Havforskingsinstituttet.

– For Heidner Biocluster er denne tildelinga svært viktig. Dette er eit døme på korleis vi byggjer sterke kompetansemiljø som arbeider med løysingar for dei store globale utfordringane vi har i vente. Slike samarbeid på tvers av verksemdene fører til faglege synergiar og god kostnadsutnytting, seier styreleiar i Heidner Biocluster, Olav Eik-Nes.

Publisert - Oppdatert

Del på