Engasjerte studentar, små klassar, vennskap på tvers av studieretningar og årstrinn, engasjerte forelesarar og eit godt læringsmiljø. Det er fleire ting som gjer NMBU til eit godt og trygt val. Om du ynskjer å studera hos oss, er sjansen stor for at du også blir ein av Noregs mest fornøgde universitetsstudentar.
Så, kva er det eigentleg som gjer NMBU til ein så god stad å studera? Fire studentar frå ulike studieretningar fortel om dei gode grunnane til å studera på NMBU!

- Folk er så engasjerte, både fagleg og sosialt. Ein har alltid lyst til å bidra til at kvarandre har det minbra på universitetet. Det er rett og slett berre god stemning og eit godt læringsmiljø, seier Indøk-studenten Vetle Johannes Svendsen.
Opplev eit fantastisk studentmiljø
Kristine Bosch studerer husdyrvitskap på NMBU. Ho rosar NMBU for sitt sosiale miljø og seier at ho nesten har engasjert seg for mykje på fritida si.
- Sidan Ås er ein liten plass, blir det studentane sitt ansvar å finna på ting å holde på med. Vi må sjølv passe på at vi har noko kjekt å gjer på. Det bidrar jo til at det blir vanskeleg å ikkje bli involvert i det sosiale miljøet på campus, fortel ho.

- Her blir man i tillegg oppfordra til å bli kjent med folk på tvers av studieretningar og årstrinn, seier skogfagstudent Erlend Myhre Hammersborg.
Det er mange måtar å bli kjent med andre studentar på. Erlend seier at ein ikkje må være redd for å bu i kollektiv.
- Det er ikkje skummelt å bu i eit kollektiv, og det er ikkje skummelt å bu i eit stort kollektiv. Det er ein flott måte å møte folk og være sosial på, seier han.
Mjuk overgang frå vidaregåande
Eigedomstudenten Bhavya Thakur utdjupar at overgangen frå vidaregåande til universitetet ikkje var like brå, då ho kom i ein klasse med rundt 30 studentar.

- Du forsvinn ikkje i mengda. Ein blir godt kjent med dei ein har undervisning saman med. Eg veit kven dei fleste er, og det gir eit nært og inkluderande studiemiljø, seier Bhavya.
Sjølv i større klassar, får ein ei god relasjon til dei andre studentane. Vetle fortel at han blei godt kjent med klassen sin.
- Det er eit tett og bra klassemiljø, seier han.
Engasjerte forelesarar
NMBU har noko kalla blokkfag. Blokkfag er eit intensivt fag ein tar i løpet av ein månad. Vetle fortel at ein blir godt kjent med forelesarane i denne perioden.
- Når eg først begynte på NMBU så fekk eg kjensle av at alle som studerte med meg var mykje smartare og kunne mykje meir enn meg. Men eg hugsar at forelesaren min sa at det er veldig vanleg for folk å tenke at alle andre rundt deg kan mykje meir, men absolutt alle tenker det same, seier Vetle.
- Eg kan berre gå opp til forelesaren min og stille eit spørsmål. Det er lett å rekke opp handa under forelesningane. Det må ikkje berre vere faglege ting, heller, legg Kristine til.
Eit tverrfagleg studieløp
Ved NMBU har du moglegheita til å kunne bygge opp din eigen studieplan og spesialisere deg innan områdar som interessera deg.
- Eg har hatt moglegheita til å ta ein del valfrie emne, fortel Bhavya.
Dei har ein del obligatoriske emne på studiet, men ein del av dei er også valfrie. Dei kan dermed få sin eigen profil på grada si. Bhavya har for eksempel tatt eit emne innan marknadsføring, for det var noko ho fann interessant.
- Det er ein flott moglegheit at du ikkje er låst til kunn dei faga som er spesifikke for ditt studie. Ein har rom for å utforske litt eigne interesser, seier Bhavya.
Gode jobbmoglegheiter
NMBU tilbyr utdanningar tett på næringslivet som kan brukas til noko konkret. Det bidrar til at studentane ved universitetet er ein ettertrakta arbeidskraft, og mange har ein relevant jobb å gå til fleire månader før bacheloren eller masteren er levert.
- Ein skogrådgivar prata så varmt om heile NMBU. Det fekk meg til å søka på bachelor i skogfag. NMBU var jo i 2025 nr. 10 på listen over verdens ledende universiteter innen jordbruk og skogbruk, seier Erlend.
- Det er noko med at universitetet vårt er såpass nisje. Men, det at vi er nisje, gjer jo også at vi blir spesialistar på dei tinga me studerer, seier Bhavya.

Kristine fortel at hun har kapra draumejobben sin til sommaren.
- Eg skal jobbe som dyrepassar i Dyreparken. Eg har alltid drøymd om å jobbe der, fortel Kristine.
Vetle har også fått seg ein jobb på sida av studiet sitt:
- Eg jobbar i ei studentstilling og jobbar i ei innsikt- og analyseavdeling, som er veldig relevant for utdanninga mi, seier han.
Kort veg til alt
Vel du å bu på campus kan du gløyme alt som heiter lange avstandar. Det er gangavstand til:
Ja, sjølv Oslo ligger berre ein kjapp togtur unna om du kjenner at det er på tide med ein tur til storbyen. 17 minuttar med tog for å vere heilt presis.
UKA i Ås!
Uka i Ås er kjent for å være Noregs lengste kulturfestival! Over 1200 frivillige studentar planlegg og gjennomførar eit fullstappa program med UKErevy, konsertar, Oktoberfest og mykje anna moro! Les meir om UKA og andre studentaktivitetar her.





