Fotoarkiv

Til presse og andre gjestar
Du finn arkivet her  og du trenger ikkje logge inn for å få tilgang. Her har du i utgangspunktet lov til å bruke alle bilete du finn.

Vær sikker på at du lastar ned originalfilen i full oppløysing
For å laste ned ein biletefil med god nok kvalitet må du klikke "Last ned" i øvste høyre hjørnet. Bilete lastast ned til den mappa som er definert på din maskin for nedlastingar.

Kreditering av bilete
Der det er mogleg oppgir du namn på fotografen og NMBU. Fotograf finn du etter å ha klikka på tittebilete (thumbnail) og deretter valt fanen "General". Du krediterar slik: Foto: Fornavn Etternavn/NMBU

Søk i arkivet
Uansett om du har logga inn eller ikkje, vil du starte dine søk i arkivet Utvalde bilete. Treng du eit portrett til ein kronikk eller fagartikkel er det sannsynlig at du finn det her. Sjå korleis bilete er tagga med nøkkelord og bruk fantasien når du søker. Kan du noko om bolske søk så har du glede av det her.

Arkiv for tilsette og studentar
Adressen til fotoarkivet er den same for deg som er tilsett eller student: https://foto.nmbu.no. I desse arkiva kan du laste ned originalfila for bruk der NMBU er involvert eller vert omtala. Er du student eller tilsett vil det være klokt å logge inn for å få større tilgang og moglegheit for eige album i arkivet. Du har det same brukarnamn som elles på universitetet.

Står du fast?
Arkivsystemet blir stadig oppdatert. Har du spørsmål om arkivet og bruk av bilete, eller har bilete som burde arkiverast, kontakt Håkon Sparre.

Published 15. september 2016 - 15:20 - Updated 11. september 2018 - 10:18