Monument og minnesmerke i universitetsparken

Av Kjersti Sørlie Rimer

Statsråd Håkon Five og veterinærdirektør Niels Thorshaug, byster, 2021
Statsråd Håkon Five og veterinærdirektør Niels Thorshaug, byster, 2021Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I parken kring NMBU er det ei lang rekkje monument og minnesmerke. Her er ei liste over dei viktigaste. 

Granittbyster frå Adamstua

I 1956 vart dei to granittbystane av statsråd Haakon Five og veterinærdirektør Niels Thorshaug avduka på Adamstua. No er begge flytta til Ås og dei står sentralt plassert ved hovudinngangen til Veterinærbygninga. I «Kulturuttrykk på Adamstua – Noregs Veterinærhøgskole 75 år» står det følgjande om verka:

«Billedhuggeren Arne Durban har utført de to, begge oppstilt ved inngangen til hovedbygningen. Disse ble avduket i 1956, og preges av tradisjonsfast naturalisme etter klassiske forbilder. Durbans skulpturer har sterke formale kvaliteter. Det formale står mer i fokus enn det innholdsmessige, og han lot aldri skulpturens idéinnhold sprenge den rene formen. De to bystene er utført i et behersket formspråk, uten dramatikk og store effekter, men med avdempet og fint linjespill. Det er særpreget av tradisjonsbunden naturalisme etter klassiske forbilder. Durban hadde bak seg studier på Kunstakademiet under Wilhelm Rasmussen i mellomkrigstiden. Han har skrevet flere bøker om kunst, og virket som kunstanmelder i en rekke aviser».

Dyrehoder og friser i kleberstein over inngangsportalen til Urbygninga

Campus Ås, UMB Inngang til Urbygningen. Dyrehoder av kleberstein / basalt. Billedhogger: Georg Andreas Hegglund (1860-1916)

Utført av bilethoggar Georg Andreas Heggelund (1860 – 1916).
Granitten til søylene kom frå Grorud og klebersteinen frå Voss.
Bygninga vart høgtideleg innvia 13. februar 1901, og J. L. Hirsch nemnde denne utsmykkinga i si innviingstale.
Referat i Høgskulens årsmelding 1899 – 1900, side 87.

Bergstrømbautaen

Abel Oscar Theodor Bergstrøm var gartnar ved den høiere Landbrugsskole i Aas frå 1860 til 1901. Jubileumsboka «Norges landbrukshøiskole 1859-1999», seier mellom anna at Bergstrøm har fortenesta av, med små midlar å ha grunnlagd «anstaltens hageanlæg, planteskole og park og lagt grundstenen for vort lands hagebruksundervisning». Bautaen er plassert nedanfor gartnarboligen (Villa Granly, Thorsrudgården), kor han òg budde. Vegen som gjekk forbi bautaen er seinare flytta (1940) og bekkeløpet som no svingar rundt støtta vart utforma da. Det er ein grovhogd fire meter høg støtte av hogd granitt. Den er utan inskripsjon, men har på sida som vender mot høgskuletunet eit portrettrelieff i bronse, og under står det:

ABEL BERGSTRØM
I Aas fra 1860 – 1901

Midt i nederste line er det utforma eit eple. Relieffet er signert J. M. S. 23. Det står for Jens Blichfeldt Munte Svendsen (1869 – 1957). Bautaen vart reist etter privat innsamling (vel kroner 1000), og vart avduka 20. august 1923. Statsråd Bernt Holtsmark heldt tala. Omtala i Norsk hagetidend 1923 side 146 og 204.

Dahlstøtta

Fredrik August Dahl var den første direktøren ved Aas høiere landbrugsskole. F. A. Dahl vart fødd i 1818 og døydde i 1890. Han var direktør frå 1858 til 1880. Dahl føreleste i jordbrukslære i nokre av åra han var direktør, og underviste i praktisk jordbruk under heile direktørperioden sin. Støtta er plassert vest for Tivoli, og har følgjande inskripsjon:

«Takknemmelige Elever reiste ham dette Minde i 1892».

Støtta står i parken ved NMBU aust for Urbygninga og nord for Cirkus, orientert mot det gamle tunet. Det er ein finhogd og polet obelisk, som står på ein samansett sokkel, og er 5,8 meter høg. På den sokkelsida som vender mot tunet er det ein medaljong, eit portrettrelieff av Dahl, signert Jo Visdal,1882. På dei andre sidene er det inskripsjonar.

På nordsida:
F. A. DAHL
Direktør ved Aas høiere
Lanbbruksskole
Fra 1858 – 1880

På vestsida:
Takknemmelige Elever
Reiste ham dette Minde
3. juli 1892

På sørsida:
Født 23. Marts 1818
Død 28. Novbr. 1890

Minnesmerket vart avduka 3. juli 1893. Deltakarane i Det 9.alm. Landbrugsmøte i Christiania var med, og NSB hadde sett opp ekstratog for dei. Redaktør Stabell heldt tala. Det vart sunge ein song på tre vers, som var skreve av ein tidlegare elev. Referat frå tilstelninga, tala og songen, finn ein i Norsk landmannsblad 1892, side 301 – 303. I same blad, side 432, har representant for dei som baud inn, Christian Sissener, Tomb herregård, levert rekneskap for minnesmerket. Det balanserer med kroner 1426,62. Eit overskot på 21,99 er gjeve til Ås elevar og vennars legatforeining. Steinen har kosta kroner 1 000,- bronsjerelieffet kroner 300,-

Falsenstøtta

Det var her Christian Magnus Falsen budde og forfatta utkastet sitt til Noregs grunnlov. Støtta har denne innskrifta:

«Til Minde om Christian Magnus Falsen og den Gjerning han paa dette Sted, hvor hans Arne engang stod, udførte for Fædrelandet».

Støtta vart avduka 14. september 1864, på Falsen sin fødselsdag og som markering av 50-årsjubileet for grunnlova. Det er lang tradisjon for at Falsenstøtta er samlingspunkt på 17. mai. NMBU og Ås har mange innbyggjarar som opphaveleg kjem frå mange delar av Noreg og verda, og dette ser ein att i den rikhaldige variasjonen av bunadar og folkedrakter. Falsenstøtta er hogd i granitt og forma som ein søyle i romansk stil og står vest for Tårnbygninga.

Støtta står vest for Tårnbygninga, der husa på skrivergården sto (reve 1861). Støtta er teikna av arkitekt  A.T.W von Hanno (1826 – 1882). Den er cirka tre meter høg, finhogd granittsøyle med ornament av stiliserte eikeblad og eikenøtter på kapitel og fot. Søyla står på ein samansett, trinnvis oppbygd sokkel, som ved bakken målar 209 x 209 centimeter. Minnesmerket er totalt seks meter høgt. Omkring minnesmerket er eit 63 centimeter høgt smijarnsgitter, med 6,32 meter lange sider. Mot frontsida er det ein dobbelport i gitteret.

Postament- eller sokkelsida som vender mot undervisingsbygningane er finpolerte og har innskrift med gyldne bokstavar. Innskrifta lyder:

Til Minde om
CHRISTIAN MAGNUS FALSEN
og den Gjerning han paa
dette Sted, hvor hans Arne
engang stod, udførte
for Fædrelandet.

Avdukinga gikk føre seg i 1864, 50 år etter 1814, på Chr. M. Falsens fødselsdag 14. september 1864 eller 1865 (I Høgskulens 50 årsskrift 1909 står 1865 og i Norsk biografisk leksikon 17. 05. 1864.) Professor Aschehoug heldt minnetalen. Tre av Falsens søner var til stades. Andreas Munch hadde skreve ein song med fire vers som vart sunge. Han sluttar slik:

”Thi reiste vi en simpel Støtte
Her hvor hans tanker Tiden mødte
Mens Slægter kommer, Slægter gaa
Den Bautasten her fredet staa!”

Minnesmerket og avdukinga er omtala i ”Aas Herred” av N. Dahl 1916 s. 26 – 48.

Hirschstatuen

Johan Leuthäuser Hirsh var direktør frå 1895 til 1904. Hirsch vart direktør i 1895 ved den høiere Landbruksskole. I 1897 kom «Lov om Norges landbrukshøiskole». Skulen endra namn og bevega seg i retning av meir akademisk preg. Hirsch fortsette i stillinga og «ble ved kgl. res. av 11. juni 1898 beskikket til direktør ved Norges landbrukshøiskole». (Frå jubileumsboka 1909).

Statuen er plassert mellom Cirkus og Storplena, vendt mot Urbygninga (som Hirsch har mykje av æra for). Plasseringa var visstnok sterkt diskutert. I programmet for Studentsamfunnet sin revy hausten 1929 er ein illustrasjon av statuen med to personar i diskusjon (Isaachsen og Bjørlykke?) og følgande ord:
”Forslag tilstandplass blir flere og flere.
Set hjul under statu’n, la fyren ambulere”.

Den er utforma i grovhogd larvikitt. Det er ein heilfigurstatue i bronse, på 2,7 meter på ein sokkel av stein, som er 1,85 meter. B
Innskrift på framsida:

JOH. L. HIRSCH
1843 – 1923

Statuen er utført av Gustav Lærum, som fekk oppdraget etter ein «engere» konkurranse. Den vart avduka 20. august 1930. Skulestyrar Rich. Juul heldt tala. Song på fem vers, skreve av Tormod Skatvedt, vart sunge. Omtala i Tidsskrift for det norske Landbruk 1930 side 272-280.

Kollerbautaen

Carl Theodor Fredrik Koller var direktør frå 1880 til 1895.

Koller var fødd i 1827 og døydde i 1897. Til liks med forgjengaren sin, direktør Dahl, føreleste han jordbrukslære og leia praktisk undervising i lågare avdeling.

I daglegtale kalles den Kollerbautaen eller Kollerstøtta. Den står mellom Cirkus og Parkgården. Ein grovhogd granittstein, cirka fem meter høg. På sida som vender mot sørvest, mot Tårnbygninga, er eit portrettrelieff i bronse, signert Jo Visdal 1910.

Inskripsjon på framsida:
DIREKTØR TH. KOLLER
HAUG 1858 - 1880
AAS 1880 – 1895

På baksida:
ELEVER OG VENNER
REISTE STENEN

Minnesmerket vart avduka under skulen si 50 årsfest den 25. september 1909. Kongen var til stades. Gardbrukar Olav Røen heldt tala. Høgskulens årsmelding 1901 – 1910 har omtale og gode foto frå jubiléet og avdukinga, men det er ikkje nemnt kven som laga det.

Larsenbysten

Bastian Larsen en vinterdag i 2007
Bastian Larsen en vinterdag i 2007 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Bastian Reinhold Larsen var professor og direktør ved Norges landbrukshøiskole fra 1913 til 1918. B. R. Larsen var ein pioner når det gjaldt å fremja plantedyrking i jordbruket. Han er mest kjend som grunnleggjar av frøkontrollen i Noreg, og var den første som starta organisert forsking kring plantedyrking her i landet. Bastian Larsen på sokkel er utforma av grovhogd larvikitt, han er plassert ved Halvmånen, også kalla området med viftebeda.

Skjervoldstøtta

Skjervoldstøtten, 2021
Skjervoldstøtten, 2021 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Harald Skjervold var professor ved NMBU. Fødd i 1917 og døydde i 1995. Skjervoldstøtta er plassert sørvest for Tårnbygninga, mellom gangstien og Drøbakvegen.

Sverdrupbysten

Sverdrupbauta, 2021
Sverdrupbauta, 2021 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Jacob Liv Borch Sverdrup grunnla den første landbruksskulen her til lands. Det skjedde på Semb  i Borre i Vestfold i 1825. Sverdrup vart født i 1725 og døydde i 1841. Minnesmerket er plassert sørvest for Parkgården, ved nedkjøringa til Tårnbygninga. Han hadde ei viktig rolle i oppbygging av landbruksutdanninga.

Minnesmerket står nordvest for ”Landmarks villa” (seinare reve), vendt mot Cirkus og Urbygninga. Bronsebyste 0,65 meter høg på 1,7 meter høg sokkel av granitt. Utført av Gustav Lærum. Bysta har følgande inskripsjon:

Framsida:
JACOB SVERDRUP
Baksida:
REIST 1925

Den vart avduka 16. august 1925, hundre år etter at skulen på Sem opna. Det var selskapet for Norges vel som fekk i stand jubileet og reising av minnesmerket. Kongen var til stades. Hovudtala vart halden av stortingsmannen Borch, Selskapet for Norges Vel. Utførleg omtale og foto av tilstellinga finn ein mellom anna i Norske landbrukskandidaters årbok 1925.

Gipsbyste av professor Knut Olai Bjørlykke

Utført av Nicolai Schøll. Overlevert Høgskulen 20. august 1930 (same dag som Hirschstatuen vart avduka). Gåve frå gamle elevar. Tale av Utskiftingsformann Lars Eknes. Skulle oppstillast i geologisk samling, NLH (NMBU).

Minnesmerke over statskonsulent Christian Wriedt

Står framom Husdyrfagbygninga. (Vart først plassert i parken sør for Tårnbygninga, flytta derifrå i 1966 og til noverande plass i 1967). Stein, med portrettrelieff av Wriedt i bronse på framsida og med ein okse i bronse på toppen. Under relieffet står:

CHR. WRIEDT
1883 – 1928

Og lenger nede:

NØK og NJF
DANMARK – FINLAND – NORGE – SVERIGE
REISTE DETTE MINNE
1954.

Utført av Arne Durban. Avduka 6. september 1954. Tale av Erik L. Larsson, Sverige. Omtala i Tuntreet 1954 nr 7.

Minnesmerke over statskonsulent Johan Lindeqvist

Står ved innkøyringa til Husdyrfagbygninga ved NMBU. Ein åttekanta, finhogd, 3 – 4 meter høg granittsøyle med ei skål og ein gyllen flamme på toppen og eit portrettrelieff på den sida som vender mot innkøyringa. Under relieffet står:
JOHAN
LINDEQVIST
1823 – 1898

Minnesmerket står framom Husdyrfagbygninga, NMBU. (Vart først plassert i parken sør for Tårnbygninga, flytta derifrå i 1966 og til noverande plass i 1967). Stein, med portrettrelieff av Wriedt i bronse på framsida og med ein okse i bronse på toppen. Under relieffet står:

Utført av Arne Durban. Avduka 6. september 1954. Tale av Erik L. Larsson, Sverige. Omtala i Tuntreet 1954 nummer 7.

Minnesmerke over NLH-studentar og -kandidatar som falt under 2. verdskrig

Står i vestibylen i Studentsamfunnet. Utført av bilethoggar Ståle Kyllingstad. Relieff av brent og glasert leire med inskripsjonen:

1 BJØRN ULSTAD BACHEN THOROLF WEIBYE BJØRNSGÅRD 1
9 EINAR ØYGARD BLIDENSOL CARL EDVIN FLEISCHNER 9
4 HARALD GIÆVER THOR HAUG IVAR HERRESTVEDT 4
5 FREDERIK HIORT PER KALBÆKKEN 5

Truleg oppsett i 1949.

Omtale av minnesmerke etter eit manus av Oddvin Reisæter.

Publisert - Oppdatert

Del på