Samfundet 1934

Av Kjersti Sørlie Rimer

Studentsamfunnet, 2008
Studentsamfunnet, 2008.Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I 1934 fekk Ås-studentane ei eiga bygning til disposisjon. Arkitekt Thorleif Jensen teikna Samfunnet, bygningen som er eit levande bevis på at Ås-miljøet også den gongen var eit moderne og kulturelt sterkt miljø.

Utanomfagleg aktivitet for studentane 

Høgskulen la vekt på at studentane skulle få andre impulsar enn rein fagleg undervising. Løyve til årvisse midlar til trening og song vart gjeve. Når kallskapellaniet i Ås vart ledig i 1914 vart det forsøkt å knyta kallskapellanen nærare til høgskulen. Ordninga vart slik at kapellanen skulle halda 40 foredrag kvart år mot eit lite vederlag.


Foredraga skulle ha allmenne tema utafor den ordinære undervisinga, dette for å motvirka den einsidige innflytinga på dei studerande. Det var også tenkt at ein skikka prest skulle kunna øva ein personleg og karakterdannande innverking på studentane. På denne måten ville forholda verta meir lik engelske og amerikanske studentinternat.

Ved utnemninga av kallskapellanar vart det derfor lagt spesiell vekt på at dei var skikka for arbeidet på høgskulen. Karl Marthinussen var kapellan frå 1914 og Haakon Pharo tok over i 1916. Foredraga omhandla filosofiske, kulturhistoriske og litterære emne og nokre av timane vart bruka til pedagogikk. Frå 1921 vart det tilsett ein eigen ekstralærar som underviste i pedagogikk.

Pharo leia eit studentsongkor fram til han flytta frå Ås i 1923. Stillinga vart da ståande ledig og ein kallskapellan frå Krokstad heldt foredraga for ei kort stund. Ordninga fungerte ikkje da avstanden vart for stor og ordninga vart avslutta. Det same gjorde løyvingane. Ein eigen songinstruktør vart derimot framleis leigd inn.

Studentane sitt idrettslag tok etterkvart over instruksjonen i gymnastikk og den auka aktiviteten førte til behov for både idrettsplass og gymnastikksal. Gymsal vart leigd ved Ås middelskule og studentane arbeidde fram ein idrettsplass på sørsida av Skogsdammen på dugnad. Frå 1909-1913 vart det bruka 430 kroner per år til gymnastikkinstruksjon. Den auka aktiviteten førte til behov for eit studenthus. Studentsamfunnets hus i Bjerkehagen ved Skogsdammen vart reist for innsamla midlar og frå bevilling frå Det norske Pengelotteriets overskot. Det originale bygget, som var teikna av arkitekt Thorleif Jensen, vart innvia 29. september 1934. Som ei fløy på Samfundet vart det bygd ein romsleg gymnastikksal. Staten ga løyve til 30 000 kroner til salen.

Samfunnet
Samfunnet. Foto: Henta frå jubileumsbok NLH

Funksjonalisme

Funksjonalisme er slagordet for den arkitektoniske retninga som var alminneleg anerkjent i Europa i byrjinga av 1930-åra. Som ordet gjev uttrykk for, skulle dei praktiske funksjonane vera avgjerande for byggverket si utforming. Moderne byggteknikkar skulle brukast, fortrinnsvis med jarnbetong, stålkonstruksjonar og glas.


Dei ideologiske motiva var å bringa fram arkitekturen i større samsvar med tidas andre nyhende innan teknikken sitt område. Samtidig hadde ein eit ønskje om å skapa ein arkitektur for det breie lag og fokuserte på bustadbygging og enkel heimeinnredning. Funksjonalismen skulle ikkje reknast som ein stilart, men som eit arbeidsprogram. Dette førte bygningar som ga uttrykk for den konstruktive samanhengen mellom funksjon og uttrykk og som var fri for dekorative element.

Samfundet, innvigd 29. september 1934

Funkisarkitekt Thorleif Jensen var interessert i kontrastar. Derfor sette han runde mot rette former og bruka fargekontrastar. Bruken av geometri og proporsjonalitet i fasadane er bruka med matematisk nøyaktigheit, eit bevisst verkemiddel for å balansera bildet.


Andre «stilelement» som kan nemnast er vindauga. Store opne vindauge fortel at her er det ein hovudfunksjon. «Bandvindauge» er eit typisk funksjonalistisk trekk, deira lange form gir huset det karakteristiske horisontale preget. Det var med stoltheit at Ås-studentane tidleg på 30-talet kunne visa til eit bygg som sto for modernitet og framtidsretta tankar og idéar. Det var eit klart signal til omverda at Ås var ein kulturbastion, moderne og opplyst.


Plassering

Samfunnsbygginga er ei dynamisk bygning som ligg i plan med terrenget. Den strålar ut ein mindre autoritet enn for eksempel Urbygningen. Den er jordnær og naturleg og byr inn til uformell omgang.

Samfunnet ligg rett ved gravhaugar, arkitekten har teke omsyn til dette i plassering og utforming av bygget. Rosehagen hadde opphaveleg svalgang på to sider av eit atrium. Svalgangen er kjent frå klassisk arkitektur og frå norsk tradisjonell trearkitektur. Rosehagen vart aldri fylt av det bognande blomsterfloret som var planlagt. Til det var plassen for skyggefull. Rosehagen er no bygd inn og blomsterjorda gravd ut. Dette resulterte i Restaurant Johannes, eit nytt tilskot i 1981.


Rom og funksjonar

Det opphaveleg trafikksentrum i Samfunnet var vindfanget. Til venstre hadde ein utleigedelen med Festsal og møterom. Gjekk ein til høgre kom ein til «members-only»-avdelinga. Det store rommet som vi i dag kjenner som kantina, var gjestehyblar og restauratørens leilegheit. Husfolkets hyblar romma samfunnskontor, idrettskontor og kontorlandskap. Lagerrom i kjellaren utgjorde eit stort rom – idrettshallen. Denne vart bruka som festspisesal og danserestaurant under UKA.

Selskapsromma på nordsida var utleigerom slik dei er i dag, men dei låg nærare Rosehagen. Dei breie søylene framom serveringsluka i Rosehagen var opphaveleg mellomrommet mellom vindauga i selskapsfløya. Denne fløya hadde ein flott bua veranda med trapp ned til terrenget. Den er dessverre fjerna grunna det nye bygget.

Inngangsparti Studentsamfundet, 2008
Inngangsparti Studentsamfundet, 2008. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Informasjonen er henta frå Norges landbrukshøgskole 1859 – 1934 og Gyldendal store norske leksikon, og frå montasje i Samfunnet skreve av Lars Berge.

Faktaboks

En godt bevart bygning fra funksjonalismen som har stor betydning for NMBU studentenes identitet.

Bygningen oppført etter arkitekt Thorleif Jensens bearbeidede tegninger i 1934.

Ombygget og tilbygget av arkitekt Leif Olav Moen i 1976 og 1980 – 1981.

Utvidet med konsertlokale «Halvors Hybel» i 1994.

Spisesalen «Johannes» ombygget av arkitekt Leif Tomas i 2016.

Publisert - Oppdatert

Del på