Bygningsmateriala sin generelle historikk 1865-1925

Av Kjersti Sørlie Rimer

Tømmer, panel, naturstein, teglstein, betong, jarn og stål er materialar som hadde betydning for arkitektane si formgiving i perioden. Mekaniske nyvinningar knyt arkitektkunst og ingeniørkunst saman.

Statue av Hirsch - fra 2007
Statue av Hirsch - fra 2007 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Ole Sverres sine bygningar vart reist i perioden 1895 til 1925, det var eit tidsrom kor samfunnet var prega av mange sterke brytningar og omstillingar. Tek ein med internasjonale epokar kan ein rekna inn den viktorianske epoken (1837 -1901), det tyske keisarriket si storheitstid og fall (1871 – 1918), første verdskrig (1914 -1918) og mellomkrigstida som ga framvekst av modernitet.

Alt som skjedde sette markerte spor i tida sin politikk og debatt i Noreg og ikkje minst i norsk litteratur, bildande kunst og arkitektur. Oppbygginga av høgskulen var eit stort prosjekt, som vart starta lenge før unionsoppløysinga, og med det sette utviklinga sine spor her òg. Da direktør Hirch starta i stillinga i 1895 var industrialiseringa godt i gang og hadde ein mangesidig vekst. Norsk landbruk la i desse åra naturalhushaldinga attom seg. Mekaniseringa auka i intensitet og bruken av industrielt framstilt kunstgjødsel og kraftfôr tok seg opp. Dette førte til ei industrialisering av produksjonen og at eit omsettingsapparat vart bygd opp.

 


Utvikling innan byggemateriale

Det førindustrielle samfunnet sine byggjematerialar vart i Noreg stort sett bruka fram til 1850. Både i by og bygd vart det bruka trevirke. Det vil seia tømmer bruka i laft – eller stavkonstruksjonar som i aukande grad vart kledd utvendig med panelar av varierande type. Vanleg fundamentering var mur av gråstein. Den vanlegaste taktekkinga på bygdene var torv, trespon, halm eller villskifer. I byane var det mest vanleg med teglpanner eller hogd skifer.

Smia, 2007
Smia, 2007 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Bruk av steinmaterialar, naturstein eller tegl, var avgrensa og mest knytt til representative bygg som kyrkjer, herregardar, festningsverk og til danskprega  busetting i byane.

Bygg vart sett opp med naturprodukt lokalt frå staden. Byggmateriala vart bruka utan vidtgåande omarbeiding og bygningskonstruksjonane var i det vesentlege bygd på handverk.

Detalj fra inngangsparti i Urbygningen
Detalj fra inngangsparti i Urbygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Under empire-epoken i Christiania, særskild under bygginga av Slottet og Universitetet, melde trongen for omarbeidd naturstein seg. Steinen skulle verta bruka i soklar, trapper, søyler og fasadedetaljar i dei nye prestisjebygga. Dette førte til ein etter måten stor produksjon av omarbeidd granitt og syenittar i distriktet nær byen og i Iddefjorden i Østfold. Steinindustrien hadde si storheitstid frå siste halvdel av 1800-talet fram til første verdskrig. Arbeidet vart rekna som handverk, men var organisert i store verksemder og kunne med rette kallast industri.

Steiner i og ved UMBs bygninger (kommer)

Ein tilsvarande ekspansjon skjedde innanfor produksjonen av tegl. Mange teglverk voks fram, blant anna i leirbygdene i Østfold (Fredrikstadområdet) og på Romerike. I Follo var det ved utgangen av hundreåret seks teglverk, kor tre av dei låg i Ås. Utanom veggtegl, takpanner og golvfliser produserte dei rør åt drenering av byggjetomter og i landbruk.

Rør laget i tegl
Rør laget i tegl Foto: Kjersti Sørlie Rimer

 

Teglverk i Follo (kommer)

I 1840-åra vart det ei kraftig industrialisering av byggvareproduksjonen òg innan trematerialar. Dampmaskin og nye sirkelsager erstatta fossekrafta og oppgangssagene og maskinell høvling og sirkelsag vart introdusert. Da sagbruksprivilegia vart oppheva i 1860, skaut produksjonen av industriell trelast fart. Tilbodet av skurlast tilfredsstilte krava som dei nye konstruksjonssystema bindingsverk og reisverk stilte og ein kunne laga profilerte panel til Sveitserstilens pynta fasadar.

Trappepynt i Damgården, 2007
Trappepynt i Damgården, 2007 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Industrialiseringa førte òg med seg nye bygningsmaterialar, mellom anna jarnet. Smekre søyler av støypejarn som tolte trykk avløyste allereie i 1840-åra bærepilarane av tre ein bruka tidlegare. Støypejarn vart òg bruka til rammer og sprosseverk i vindauga. Dette førte igjen til auka bruk av glas som byggingsmaterial i andre konstruksjonar (drivhus og liknande). Støypejarnet egna seg ikkje i bygningskonstruksjonar som vart utsett for bøying og strekk. Først når ein fekk til å konvertera jarn til stål fekk materialet tilstrekkeleg strekkstyrke. Frå 1855 var dette mogleg gjennom Bessemer-, Thomas eller andre produksjonsprosessar.

Rekkverk i Urbygningen, 2021
Rekkverk i Urbygningen, 2021 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Internasjonalt vart jarn og stål dominerande konstruksjonsmaterialar tidleg i andre halvdel av 1800-talet. Dette kom til uttrykk mellom anna i Chrystal Palace i London, Eiffeltårnet i Paris og mange jarnbanebruer, jarnbanehallar og marknadshallar. Mot slutten av 1800-talet vart det i Chicago utvikla ein byggjemåte kor det vart skilt mellom byggverks bæresystem og dei romavgrensande bærande element. Her tok stålet over bærefunksjonane fullt ut.

I Noreg slo bru – og hallkonstruksjonar av stål igjennom med byggverk som Ljans- og Hølenbruene på Smålandsbanen (1879) og G. A. Bulls toghall, Østbanenstasjonen, i Kristiania (1882). Cicagoskulen si lære slo ikkje igjennom før etter første verdskrig, men stålet utløyste to viktige nyvinningar innanfor tradisjonelle bygg i mur.

Det var for det første at innvendig bærande veggar vart erstatta av bærande stålsøyler og ståldragarar og at tidlegare trebjelkelag i etasjeskiljarar vart avløyst av I-bjelkar av stål med fritt bærande, bua teglelemenet i mellom. Dette ga større fridom i disponering av bygningsmaterialar.

Det andre var at jarnbetong vart introdusert som byggingsmaterial i 1870 etter patent av den franske ingeniøren Monier (1867). Betong i form av ein herda blanding av vatn, sement, sand og tilslagsmaterialar hadde vore i bruk sidan Portlandsementen vart funnen opp på 1820-talet. Armert betong ga materiale som tolte å strekkjast, noko som gjorde det mogleg å laga sjølvberande fleksible konstruksjonar. Evna til å tåla brannpåkjenningar var langt betre enn for både stål og tre. I Noreg vart betong først bruka i fundament og grunnmurar deretter i brukonstruksjonar, tankanlegg og andre tekniske anlegg. Eit tidleg døme på bruk av betong som arkitektonisk uttrykk er Oslo hamnelager (1915) teikna av arkitekt B.H. Berntsen

Fyrrom i Urbygningen hentet fra arkiv
Fyrrom i Urbygningen hentet fra arkiv Foto: ukjent

Det industrialiserte Europa og USA bar fram mange nyvinningar innan byggmateriale, byggteknikk og ulike tekniske anlegg og installasjonar som skulle letta bruk og drift av bygningar. Dette var installasjonar som sentralvarme, mekaniske ventilasjonsanlegg, heisar, trykkvatnforsyning, vatnklosett  og ordna avløypssystem. I sentrum av siste utvikling står ingeniøren med sin tekniske kompetanse. For arkitektane var det nødvendig å vera orienterte om dei nye moglegheitene og systema og å samarbeida med dei teknisk kyndige for å ta i bruk teknikken i bygningane. Det vart vanleg å samordna arkitekt- og ingeniørutdanninga i nye tekniske høgskular, dette var særleg vanleg i Tyskland.

 Ole Sverre studerte ved den tyske høgskulen og fekk med det ein god bakgrunn for å sjå nytta av tekniske nyvinningar i bygningsmassen ved høgskulen.

 

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges Landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skreve av Erik Aas jr. i 1996 og NLHs jubileumsbøker.

Publisert - Oppdatert

Del på