Tårnbygningen 1924

Av Kjersti Sørlie Rimer

Tårnbygningen 2007
Tårnbygningen 2007Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I Stortingsproposisjon 193 i 1919 låg planer og prisoverslag for ei undervisingsbygning som skulle avlasta Urbygningen. Planene vart omarbeida fleire gongar. I 1920 vart dei godkjende og bygginga tok til.

Byggjeperioden trekte ut og bygget sto ikkje ferdig før i 1924/1925. Det er usikkert om det var høgt prisnivå under jobbetida, og praksis med å utsetja offentleg utbygging i slike periodar, eller om det var eit seint forslag om å auka etasjetalet frå tre til fire, som forseinka bygginga.

Tanken rundt utvidinga var å kunna husa høgskulen sitt bibliotek, som tidlegare var tenkt til å få ei eiga bygning. Tårnbygningen ligg slik til at ho står fram som fullendinga av høgskuleanlegget Sverre skapte ved hundreårsskiftet. Utandørs, særleg mot vest og sør, er bygningen majestetisk og ruvande. Og frå mest alle himmelretningar er takryttaren eit myndig landemerke.

Parkgården med Tårnet i bakgrunnen 2007
Parkgården med tårnet i bakgrunnen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Innover avgrensar Tårnbygningen, saman med Urbygningen, Cirkus og Parkbygningen, eit hesteskoforma rom med Urbygningen sitt inngangsparti i midtaksen. Dette parkrommet dannar saman med tilsvarande rom mellom Circus, Tivoli og Økonomibygningen ein inspirerande variasjon over same formtema.

I 2023/2024 blei Tårnbygningens fasade rehabilitert.

Tårnbygningens fasade  

Med eit viktig unntak viser bygningsplanene nært slektskap med Cirkus og Urbygningen. Unntaket gjeld fløyene. Dei manglar på Tårnbygningen. Fellesnemnaren er den langstrekte planforma med hovudinngang i eit framheva midtparti, med langsgåande midtkorridorar og med eit trappehus i kvar ende. I motsetning til dei andre bygningane er trafikkaksen ikkje basert på trapp, men på vare- og personheis.

Tårnbygningen en rimfull vinterdag 2007
Tårnbygningen ein rimfull vinterdag i 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Bygningen er 72,18 meter lang og 17,58 meter breid med ei utviding på midten til 22,83 meter. Den har grunnmur av betong og står på betongfundament. Resten av bygningen er utført i murstein og taket er tekka med skifer. Bygningen vart oppført med varmtvatn som sentraloppvarming, med vannklosett i kvar etasje og elektrisk lys over alt.  


Bygningskroppen er slutta og tett og har bratt, heilvalma tak der mønelina vert understreka av ein løfta ”rygg” som rommar ein ventilasjonskanal. Midtrisalittane og dei framspringande trappehusa i kortveggane understrekar bygningen sin massive tyngde snarare enn svekkjer ho. I kontrast til denne reiser takryttaren/tårnet seg gjennomskinleg og med lett eleganse.

Tårn og tympanofelt over vindu, Tårnbygningen 2007
Tårn og tympanofelt over vindu, Tårnbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Det er neppe tvil om at det frå arkitekten si side har vore tilsikta å gi bygningen eit visst preg av klassisk verdigheit og ro. Dette i kontrast til nyrenessansens meir lausslupne form og materialglede som ein finn i nabobygningane.


 
Den klassiske stilen kjem til uttrykk i fasadestruktur og materialer, men vi finn også ein diskret variasjon av materialer og former som svingar frå det klassiske til det nesten skøyeraktige.

Hovudmaterialet er grovt fuga murverk i raud teglstein. Det er lagt i ”jobbesteinsformat” (tre skift per 20 cm høgde). Band og andre dekorelement i fasadane er utført i grovhamra, mørk grå larvikitt (Larviksyenitt). Takryttaren og mønekammen er kledd med koppar, det same er den lille takflata over inngangsportalen. 

Den kraftige kvitmarkeringa av karmar og sprosseverk i vindua er sannsynlegvis ikkje opprinneleg. Frå eldre bilete ser ein at glasflatene i vindauga har spela ei meir sjølvstendig rolle. Dei er ikkje skilde frå murflatene med kraftige kontrastar. På den andre sida kan det verta hevda at kontrasten gjev bygningane ei viss tilknyting til nyrenessansebygningane rundt. 

Bygningen sin fasade vert delt opp i horisontale delar ved hjelp av larvikittband mellom første og andre etasje og tredje og fjerde etasje. Ved hjørna er det vertikale kraftige pilastrar i larvikitt frå botn til topp. Desse har sokkel med antyding til konsollbæring ved nedre band og ender i markerte kapitelar ved øvre band. I midtrisalitten ved hovudinngangen er det i tillegg vertikale band mellom kvar vindaugerekke. Systemet med bæreliknande dekor (konsollar) vert teke opp att  i dekorelement i vindaugeaksane. I første etasje har vindauga kraftige konsollborne sålbenkar i larvikitt. Over kvart vindauge er det markerte konsollar frå vindauget til horisontalbandet over. I tredje etasje er dette ekstra tydeleg, der er konsollane større og komponerte saman med dei bua vindaugeoverdekingane.

Også i trappehusveggane er dette systemet gjennomført, sjølv om vindauga her er tilpassa trappereposet og bryt fasadebanda. Fasaden har sin eigen struktur. I kvar av dei tre horisontale felta er det ulike murverk. Sokkelen og første etasje har murverk av robust rustika-illuderande type. Flata vert delt opp i elleve kontinuerlege band som løyper rundt bygningen.

Fasadedetaljer Tårnbygningen 2007
Fasadedetaljar på Tårnbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I feltet mellom andre og tredje etasje er det mura svakt profilerte, flate pilastre mellom vindaugeaksane. Brystningsfelta er forma som speil der murverket framstiller ei rekkje geometriske forma symbol som for eksempel kors og rombar. I den øverste delen av fasaden er murflata glatt.

Under vindu er det antydning til konsollbæring som ender i kapiteler, Fasade Tårnbygningen, 2007
Under vindauga er det antydning til konsollbæring som ender i kapitelar, fasade Tårnbygningen, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Vindauga er stort sett torams-tverrpostvindauge. I første etasje er vindauga ”5-rustika-band” høge og har konkave øvre hjørne. Høgda er beheldt i andre og tredje etasje, men her har vindauga låg bogeoverdekking. I fjerde etasje er vindauga lågare og rektangulære.


Inngangsparti

Risalitten er delen av bygningen kor linene og elementa i fasadane løyper saman og konsentrerast. Vindfanget er relativt beskjeden og konkurrerer ikkje med Urbygningen sitt meir storslått inngangsparti. Inngangsdøra med sine to fløyer, med høgt bua glasfelt over, har likevel ei spanande og rik dekorering.

Inngang Tårnbygningen, 2007
Inngang Tårnbygningen, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

 

Døra vert flankert av ein pilastrar og ei frisøyle på kvar side. Både pilastrar og søyler er i larvikitt, dei har klassiske kapitelprofilar med dyrehovud plassert inn mellom uthogde rankar (voluttar). Dyretema er meir diskret her enn i Urbygningen. Dei bærande elementa løfter ein kraftig arkitrav, som på midten vert understøtta av dørbogen sin sluttstein med timeglassprofil. I veggflata over døra strålar murskifta radiært ut frå bogesenteret. Frå gesimsen over arkitraven fører ein elegant svaia takflate i koppar opp til eit gavlfelt med riksvåpenet.

Midtrisalitt, Inngang Tårnbygningen 2007
Midtrisalitt ved inngangen i Tårnbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Store vindaugeflater i partiet over vitnar om læresalane på innsida, i tympanonfeltet trer dei klassiske formelementa fram igjen. Sluttsteinen i det låge vindauget peikar oppover på symbolsk vis.


Innvendig

Innafor inngangsdøra vert ein møtt av eit rom med stor takhøgde. Golvet er i svart marmor og omkransa av lyse veggar med pilastre, søyler og arkitravar som strukturelement. Ei brei monumentaltrapp flankert av søyler og arkitravar fører ein halv etasje opp til indre vestibyle/biblioteket. Den massive veggen i vestibylen er i dag erstatta med glas, noko som gjer rommet enda meir opent og storslagent.


I korridorane er det brystpanel i kraftig raudt, men med lyse veggar. Golvet har fliser i fiskebeinsmønster.  I Tårnbygningen er det reservetrapperom i endene som i dei tidligare bygningane. Mens hovudinngangen leiar til to heisar.

Tårnet

Tårnet som løfter seg over takrytterane vart bruka i landmålarundervisinga. Over dei låge vindaugene bærer slanke søyler eit elegant svaia hjelmtak med høgt spir på toppen. Den første klassisismeperioden var frå 1750-1850.

Tårnet et kjent landemerke, 2007
Tårnet er eit kjent landemerke, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Stil

Den første klassisismeperioden var frå 1750-1850. Arkitekturen var inspirert av både antikken og renessansen, særleg Andrea Palladios bygningar.

I Norden fekk vi ei oppblomstring av nyklassisisme i tida etter første verdskrig, også kalla 20-tallsklassisime. Denne varte til cirka 1930, da den vart avløyst av funksjonalismen. Nyklassisismen i arkitekturen kjem til uttrykk i ei gjeninnføring av klassiske motiv som søyler, pilastre og tempelgavlar.

Typisk for norsk nyklassisisme er blant anna Deichmanske bibliotek.

Tårnbygningen har trekk frå tjueåra sin nyklassiske arkitektur.

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skreve av Erik Aas jr. i 1996 og NLHs jubileumsbøker.

Publisert - Oppdatert

Del på