Hopp til hovedinnhold

Økologi: Kakerlakklab

Mange har kanskje eit litt anstrengt forhold til kakerlakkar etter å ha møtt på dei der dei ikkje burde vere. Ser ein litt nærmare på desse seigliva små insekta er det i midlartid lett å bli fascinert.

Kakerlakk-labKakerlakk-lab Photo: Håkon Sparre

På kakerlakklaben til Cathrine lærer ein litt generelt om insekt og deira betydning i den store samanhengen. Visste du til dømes at åtte av ti kjente dyreartar tilhøyrer insekta?

Deretter ser ein spesielt på eigenskapane til kakerlakkane. Desse urinsekta har nesten ikkje forandra seg dei siste 300 millionar åra, noko som tydar på at dei har funne ei god oppskrift på overleving. Elevane vil lære om kakerlakkane si ferd gjennom evolusjonen, deira spesielle tilpassingar og økologi. Her er det mykje interesante fakta, som at kakerlakkane kan tole femten gongar så mykje radioaktiv stråling som oss menneske.

Til slutt får elevane eit nærmøte med dagens hovudperson.

Tittel Kakerlakklab
Tilpassa fag/nivå Naturfag, biologi1
Varigheit 45 min
Tilbys Våren 2015

Fakta

Kompetansemål og tips til forarbeid:
Biologi1
Naturfag

Publisert - Oppdatert