Nytt forskingsbygg for fjørfe

Av Kai Einar Tilley

Pikekoret Ivar under åpningen av Fjørfehuset ved Ås gård.
Pikekoret Ivar under åpningen av Fjørfehuset ved Ås gård. Foto: Håkon Spare

– No kan NMBU og den norske fjørfenæringa seia at vi saman  har reist avgjerande infrastruktur for forsking og utdanning på eit stadig viktigare dyreslag, sa rektor Sjur Baardsen under opninga av det nye bygget for forsking på fjørfe ved Ås gard.

 Det var eit sterkt ønske frå både fjørfenæringa og NMBU om å få reist eit fjørfehus ved Ås gard. Det resulterte i eit spleiselag mellom ei samla næring og NMBU. Sjølv om prosessen frå idé til vedtak og byggestart har teke tid, gikk det fort når universitetetsstyret ved NMBU fatta vedtak om igangsetting 6. desember 2018. Eit år etter står fjørfebygninga klar til  bruk. Da er det lagt ned 35 millionar kroner i sjølve bygget. Dei første kjuklingane kjem til gards rett over nyåret.

– Eg vil gjerne takka Felleskjøpet, Fiskå Mølle, Norgesfôr, KLF, Nortura og Animalia for å ha gått om bord i dette prosjektet, sa Baardsen i sin opningstale.

Stolt næring

I dag så Bernt K. Snapa i Nortura ingen grunn til å dvela ved den krunglete vegen fram til opning.

– I dag kan vi gratulera heile bransjen og NMBU med eit splitter nytt bygg for forsking og undervising på fjørfe. Egg og kvitt kjøt er ein dominerande kjelde for animalsk protein i det norske kosthaldet – og vi ser at forbruket aukar. Denne bygninga vil gi oss moglegheiter til å utvikla næringa, sa Snapa.

Knut Røflo i Felleskjøpet fôrutvikling peikte i sin helsingstale på at fjørfenæringa med den nye bygninga var rusta til å møte nye krav frå marknaden - både frå produsentane og konsumentane.

– Utvikling av nytt fôr er viktig, vi kjem til å verta meir merksame på dyras atferdsbehov og vi ser behov for nye hybridar som er tilpassa norske fôrressursar. I tillegg til dette skal huset òg verta bruka til aktivitetar som rettar seg mot forbrukarane, uttala Røflo.

Avdelingsleiar av Senter for husdyrforsøk, Irma Oskam, kunne fortelja at bygget gir mange moglegheiter for forsking- og undervising.

– Her kan vi gjennomføra forsøk og undervising knyta blant anna til fôrråvarer, dyrehelse og dyrevelferd og mattryggleik. På ei anna side skal òg huset brukast til kurs- og konferansar knyta til fjørfeproduksjon og vera ein møteplass for alle interessentar i næringa, sa Oskam.

Denne artikkelen er omsett til nynorsk:

Ny forskningsbygning for fjørfe

– Nå kan NMBU og den norske fjørfenæringa si at vi sammen har reist avgjørende infrastruktur for forskning og utdanning på et stadig viktigere dyreslag, sa rektor Sjur Baardsen under åpningen av den nye bygningen for forskning på fjørfe ved Ås gård.

Fakta

Om Fjørfehuset

  • 35 millioner kroner for bygget
  • 1500 kvm i ei høgd
  • 3,20 meter innomhus takhøgde
  • Eit stort (580 kvm) og seks små (64 kvm) dyrerom
  • Kalkulert med sju innsett av kjukling i stort rom årleg
  • Bygget kan utvidast ved behov 

Publisert - Oppdatert

Del på