Hopp til hovedinnhold

Studentdriven læringsarena gir ny innsikt i korleis universitet kan undervise

Av Johanne Høie Kolås

Bildene er av studenter og ansatte i lokalene til Eik Lab.
Samtlige personer på bildene har gitt samtykke til bruk av bilder ifm. presentasjon av Eik Lab og NMBU. 
(Alle fotos er produsert i mars 2023.

Korleis kan eit læringsmiljø utanfor den vanlege undervisninga utviklast i samarbeid mellom studentar og tilsette? Ei ny doktorgradsavhandling ser nærare på Eik Lab, ein studentdriven verkstad ved NMBU, og viser korleis samarbeid kan styrkje gjensidig læring.

Studentane i førarsetet

Stipendiat Rasa Holen har undersøkt korleis læringsprosessane går føre seg og korleis miljøet kan styrkjast gjennom samarbeid mellom studentar og tilsette på Eik Lab, NMBU sitt senter for studentdriven innovasjon.

Avhandlinga byggjer på eit forskingsprosjekt der forskaren deltek aktivt i utviklinga av miljøet, såkalla aksjonsforsking. Målet har vore å utforske og vidareutvikle Eik Lab. Eik Lab er ein teknisk verkstad der studentane sjølve skapar aktivitetar, og miljøet er frivilleg og utanomfagleg. Det vil seie at aktivitetane ikkje er ein del av pensum, men gir studentane ekstra læring og praktisk erfaring.

Fire perspektiv på læring

Gjennom fire forskingsartiklar belyser avhandlinga ulike sider ved Eik Lab:

  • Karakteristikkar av Eik Lab og forståing av senteret som læringsarena.
  • Utvikling av undervisingspraksis i studentdrivne workshops
  • Studentengasjement som ein toveg-prosess, der både studentar og læringsmiljø påverkar kvarandre
  • Dynamikken i samarbeid når ein forskar gjennom handling (aksjonsforsking)

Funna viser at samarbeid mellom studentar og universitetspedagogar er avgjerande. Tilpassa støtte utvikla gjennom samarbeid kan styrkje studentane si evne til å forme si eiga utdanning.

Kvifor er dette viktig?

Avhandlinga viser at Eik Lab er eit godt døme på korleis læringsarenaer utanfor pensum, såkalla co-curriculære miljø, kan bidra til utvikling av undervisingspedagogikk som kunnskapsfelt. Slike miljø gir rom for kreativitet, praktisk erfaring og samarbeid, noko som kan gjere utdanninga meir relevant og engasjerande.

Person med skulderlangt, rett hår og briller, iført mørk topp. I bakgrunnen står en bærbar datamaskin med fargerik skjerm på et bord, mot en lys vegg.

FAKTA:

Rasa Holen

  • Tidlegare utdanning: Master innafor utdanningsvitskap
  • Frå: Oslo
  • Doktorgrad: NMBUs Fakultet for realfag og teknologi
  • Tittel på avhandlinga:
  • Norsk: Utforskning og støtte til et studentdrevet, co-curricular senter: En samarbeidende aksjonsforskningsstudie i et universitetsbasert læringsmiljø.
  • Engelsk: Exploring and supporting a student-driven, co-curricular centre: A Collaborative Action Research study in a university-based learning environment.

Rasa Holen forsvarer si doktoravhandling ved NMBU fredag 12. desember 2025. Les meir her.

Publisert - Oppdatert