Energidepartementet har løyvd 7,5 millionar kroner til etablering av ei ny kompetanseteneste som skal hjelpe kommunar med planlegging og behandling av vindkraft på land. NMBU er ein av partnarane i det faglege samarbeidet.
Utbygging av vindkraft på land reiser komplekse spørsmål om natur, samfunn og lovverk. Mange kommunar har etterlyst meir støtte og fagleg rettleiing i planlegginga. No etablerer regjeringa ei ny kompetanseteneste som skal gi kommunane betre grunnlag for å handtere vindkraftsaker.
Den nye kompetansetenesta skal vere eit lågterskeltilbod for kommunar og fylkeskommunar som ønskjer rettleiing i saker om landbasert vindkraft.
Tenesta skal vere uavhengig og objektiv, og skal ikkje gi råd om kommunane bør seie ja eller nei til vindkraftutbygging, men bidra til at dei kjenner seg trygge på prosessen fram mot ei avgjerd.
Bak kompetansesenteret står LNVK, Advokatfirmaet Lund & Co og THEMA Consulting Group, i samarbeid med Fridtjof Nansens Institutt og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Samarbeidet skal sikre høg fagleg kvalitet og brei kompetanse.
Balansere ulike omsyn
NMBU bidreg med forsking og utdanning som gir innsikt i berekraftig energiomstilling, naturforvaltning og samfunnsaksept for fornybar energi.
– Me har lang erfaring med å utvikle kunnskap om korleis energiproduksjon påverkar natur og samfunn, seier prorektor for forsking, Erik Trømborg.
Eit av universitetets kompetanseområde er korleis ein kan balansere ulike omsyn i planlegging og utbygging av vindkraft.
– Gjennom tverrfagleg tilnærming og praktisk orientert fagområde, bidreg NMBU til å styrkje faggrunnlaget i kompetansetenesta, kommenterer han.

Styrkje kommunane
Etter lovendringar i 2023 har kommunane fått meir ansvar for planlegging av vindkraftverk. Kompetansetenesta skal hjelpe med spørsmål knytt til plan- og bygningslova, konsekvensutgreiingar og konsesjonsprosessar etter energilova.
Energiminister Terje Aasland understrekar at målet er å styrkje kommunane si rolle og sikre god lokal forankring:
– Kompetansetenesta er viktig for at kommunane skal kjenne seg trygge på prosessen, og eit viktig steg for å få fleire kommunar til å seie ja til utgreiing av nye vindkraftprosjekt.
Tenesta skal vere landsdekkande og gratis å bruke.