Turisme i verneområde må handle om meir enn vekst i talet på besøk

Av Cathrine Glosli

Kvinne med staver i Jotunheimen
Turgåer i Jotunheimen. Foto: Shutterstock

Lovisa Ulrica Molin har undersøkt turisme i norske nasjonalparkar. Ho utfordrar korleis vi tenkjer om turisme i verneområde, og korleis vi marknadsfører dei.

Noregs nasjonalparkar og verneområde har aldri vore meir populære. Men kva skjer når stadig fleire menneske søkjer naturopplevingar i område som eigentleg skal vernast?

Lovisa Ulrica Molin har undersøkt korleis turisme i norske nasjonalparkar påverkar synet både naturen og oss som menneske. Ho viser at dagens forvaltning ofte byggjer på eit snevert utval av kunnskap og verdiar – og at dette kan stå i vegen for berekraftige løysingar.

Ung kvinne med svart jakke
Ph.d.-kandidat Lovisa Ulrica Molin Foto: Privat

Meir populære enn nokon gong før

Resultata frå avhandlinga viser at verneområda i aukande grad blir brukte som turistdestinasjonar.

– Dei tilsette i forvaltninga er tydelege på at det er eit stort behov for meir ressursar i møte med stadig fleire besøkande, seier Molin, ph.d.-kandidat ved NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

Samtidig som mengda turistar aukar, skal verneområda vareta sårbare artar og økosystem. Dette skaper eit dilemma: Korleis kan vi både ta vare på naturen og leggje til rette for besøk?

Del av naturen

Molin meiner løysinga ligg i å tenkje meir relasjonelt – altså å sjå menneske som ein del av naturen, ikkje skilt frå han.

– Forvaltninga av verneområda er dominert av verdisyn der naturen sest på som ein ressurs for menneskeleg utvikling og velvære, seier ho.

– Vi må slutte å tenkje på naturen som noko vi besøkjer og forbruker. I staden må vi spørje oss korleis vi kan vere med på å ta vare på han.

Naturen igjennom bilete og nærvær

Igjennom feltarbeid i Jotunheimen og analyse av Instagram-bilete frå Femundsmarka, har Molin undersøkt korleis menneske forheld seg til naturen. Ho har analysert korleis folk opplever naturen igjennom både eigne feltopplevingar og analyse av bilete frå sosiale medium. I tillegg har ho studert delar av den norske forvaltninga og dessutan nasjonale og internasjonale retningslinjer og lovverk kopla til naturvern og turisme.

Kvinne leser kart
Kartlesing i Jotunheimen. Foto: Privat

Inkludere sansar og sosiale medium

Dagens besøkspolitikk byggjer ofte på kart og målingar som deler opp naturen i soner og tal. Dette kan gjere det lettare å byggje infrastruktur, men vanskelegare å ta omsyn til eigenverdien og mangfaldet i naturen.

Ho påpeiker at naturen ikkje er statisk, men i kontinuerleg endring, og full av relasjonar mellom menneske, dyr, plantar og landskap. Derfor bør også besøksforvaltninga vere meir fleksibel og inkluderande.

– Det er ikkje nok å telje besøkande eller setje opp skilt. Vi må forstå korleis folk faktisk opplever og forheld seg til naturen, også igjennom kjensler, lyd, lukt og sosiale medium, seier ho.

Den typen forståing i kombinasjon med kunnskap om levemønster og åtferd til andre artar kan skape eit meir heilskapleg bilete av turismens rolle som er unik til kvar plass.

Suksess er meir enn eit tal

Molin foreslår at vi tenkjer nytt om kva det vil seie å vere turist. I staden for å måle suksess i talet på besøk, bør vi spørje: Korleis kan turisme bidra til å styrkje vår evne til å bry oss om naturen? Ho viser at kjensler som tilknyting, rørsle og undring kan vere viktige nøklar.

Besøk i verneområde handlar ikkje berre om å gå på tur – det handlar om relasjonar, seier ho.

Avhandlinga avsluttar med ein klar bodskap: Skal vi sikre ei leveleg framtid for både menneske og natur, må vi forandre korleis vi tenkjer om turisme og vern. Det handlar ikkje berre om å regulere - det handlar om å ansvarleggjere oss sjølve, reiselivet og politikken bak dagens forvaltning.

Naturen må få vere vill

Molin meiner at vi bør tenkje nytt om korleis vi marknadsfører verneområde.
– Det er problematisk å jobbe for stadig fleire besøkande utan å ta ansvar for korleis dette påverkar forholdet mellom menneske og natur.

Ho trekkjer fram at aktørar som Den Norske Turistforening har eit stort ansvar, sidan dei påverkar både der folk går og korleis dei tenkjer om naturen.

– Vi må gi naturen plass til å vere vill, og oss sjølve rom til å lytte, avsluttar ho.

Lovisa kikker gjennom en portal
Lovisa Molin i Jotunheimen nasjonalpark. Foto: Privat

Lovisa Ulrica Molin forsvarer sin ph.d.-avhandling "Besøk i grenseland: relasjonelle perspektiver på turisme i verneområder" mandag den 4. august, 2025.

Prøveforelesning og disputas er åpne for alle, og annonseres her: www.nmbu.no/aktuelt/forskning/disputaser.

Publisert - Oppdatert

Del på