Åtti år etter finn forskarane framleis spor etter flatehogst i norske granskogar

Av Cathrine Glosli

Granskog i Norge
Fra Rieke Lo Madsen sitt feltarbeid. Foto: Rieke Lo Madsen

Sjølv etter 80 år ber skogen preg av flatehogst. Men når det gjeld karbonbalansen i jorda, er skilnaden frå naturskog forsvinnande liten.

Ein stor og lite kjend del av skogen sitt klimaregnskap ligg gøymd under føtene dine. Kva skjer med karbonet i skogbotnen etter at trea er hogde ned? I åra etter ein hogst held jorda fram med å puste, lagre og sleppe ut karbon. Men korleis rekneskapen ser ut i eldre skogar, veit vi lite om.

Flatehogst – praksisen der dei fleste trea vert fjerna – er den vanlegaste hogstforma i Fennoskandia. Estimat viser at om lag 70 % av den produktive skogen i Noreg har vore flatehogd ein gong etter 1940.

– Vi veit lite om dei langvarige konsekvensane av denne typen hogst på karbonbalansen, seier Rieke Lo Madsen, ph.d.-kandidat ved NMBU.

Portrettbilde av Rieke Lo Madsen
Ph.d.-kandidat Rieke Lo Madsen Foto: Privat

Ho har i doktorgraden sin undersøkt korleis flatehogst påverkar karbonkrinsløpet i boreale granskogar – fleire tiår etter at motorsaga stilna.

– Det finst få studiar frå eldre skogar. Det er òg ei utfordring å finne skogområde som er samanliknbare.

Flatehogd versus aldri flatehogd

I doktorgraden sin samanlikna Madsen 12 par med granskogar i Søraust-Noreg. Kvart par bestod av éin skog som vart flatehogd for 40–80 år sidan, og éin som aldri har vore flatehogd. I kvart område målte ho rekneskapen for kor mykje karbon som vart tilført og sleppt ut frå jorda. Tilførsel av karbon vart målt i form av nåler, konglar og kvistar, medan utslepp vart målt som CO₂.

Ho kartla òg mengda sopp i jorda og kor raskt ulike typar strø – som grannåler og blåbærblad – vart brotne ned.

Målet var å finne ut om flatehogst har langvarige effektar på korleis karbon rører seg inn og ut av skogjorda.

Poser med strø
Poser med strø. Fra Rieke Lo Madsens feltarbeid. Foto: Rieke Lo Madsen

Mindre strø og lik nedbryting

Skogar som har vore flatehogde tidlegare, og skogar som aldri har vore flatehogde, har ulik mengd strø frå både tre og botnvegetasjon. Dei flatehogde skogane hadde meir strø frå trea, medan naturskogane hadde 45 % meir strø frå botnvegetasjonen – mesteparten frå blåbærplantar.

Det var likevel lite skilnad i nedbryting, og typen strø (t.d. gran, blåbær eller sopp) hadde større betydning enn om skogen var hogd.

– Det er lite som tyder på at tidlegare flatehogst har langsiktige konsekvensar for den tidlege nedbrytingsfasen av over- og underjordisk strø, seier ho.

Temperatur er viktigast

På same måte som dyr og plantar pustar, skjer det same i jorda. Ho «pustar ut» karbondioksid (CO₂). Det skjer når små organismar i jorda – som bakteriar, sopp og planterøter – brukar energi og slepp ut CO₂.

Generelt var CO₂-utsleppet frå skogbotnen høgare i flatehogd skog samanlikna med naturskog, men det er uklart om skilnaden kjem frå nedbryting av jordkarbon eller frå planterøter.

– Det er først og fremst temperatur, ikkje hogsthistorikk, som styrer CO₂-utsleppet, og modellane våre tyder på at auka utslepp i eit varmare klima ikkje vil vere avhengig av om skogen har vore flatehogd eller ikkje, seier Madsen.

Fukt, nitrogeninnhald og tettleik av tre spelte òg ei rolle for storleiken på CO₂-utsleppet frå skogbotnen.

Person i mørket med hodelykt.
Fra Rieke Lo Madsens feltarbeid. Foto: Privat

Meir sopp utan flatehogst

Sopp er ein viktig del av skogen sitt økosystem. Dei hjelper trea med å ta opp vatn og næring frå jorda, og bryt ned døde plantar og dyr slik at næringsstoffa kan brukast på nytt. Utan sopp ville skogen vekse saktare, og dødt materiale ville hope seg opp.

– Mange sopparter er følsame for skogbruk, særleg flatehogst, forklarer Madsen.

Resultata hennar viste at soppane føretrekk skog som ikkje har vore flatehogd. Desse skogane hadde meir sopp i jorda, spesielt i det øvste jordlaget der det er mykje restar av døde plantar og mikroorganismar.

– Dette kan tyde på at sopp spelar ei viktig rolle i langtidslagring av karbon i granskog, seier ho.

Lik karbonbalanse

Fleire tiår etter flatehogst er karbonbalansen i modne granskogar overraskande lik den i skogar som aldri har vore flatehogd.

– Sjølv om tidlegare hogstpraksis påverkar variasjonar i tilførsel og utslepp av jordkarbon, er skilnadene i den totale noverande karbonbalansen truleg liten, seier ho.

Avhandlinga er eit viktig bidrag til forståinga vår av dei økologiske mekanismane i eldre, boreal granskog. Ho gir òg konkret innsikt i langtidskonsekvensane av flatehogst.

– Dette er viktig kunnskap fordi vi framleis ikkje heilt forstår dei pågåande endringane i karbonbalansen i dei boreale skogane, kommenterer ho.

Ho peikar òg på noko anna:

– Det er viktig å merke seg at eg har undersøkt skogar som vart flatehogd for førti til åtti år sidan, seier ho.

– Dette gir oss viktig informasjon om situasjonen rett før dei vert så gamle at dei skal hoggast igjen.

– Eg har ikkje undersøkt ferske hogstflater. Kva som skjer med karbonet i jorda rett etter hogst og i skogen sin ungdom er eit kapittel for seg sjølv.

Publisert - Oppdatert

Del på