Vannsenteret 2023

Ideen om eit nasjonalt senter starte i 2014. Vassbransjen samla seg om eit felles løft gjennom etablering av «Nasjonalt senter for vanninfrastuktur AS» (Vannsenteret) på Ås. «Vannsenteret» er eit senter som svarar på det samla nasjonale behovet for kompetanse og handtering av noverande og framtidige utfordringar for eigarar av vatn- og avløpsleidningar, system for handtering av overvatn og tilhøyrande infrastruktur. Senteret er ein møteplass for opplæring, forsking, utvikling og utprøving i framtidsretta vassinfrastruktur.

I fleire år blei det jobba med etablering av eitt «Nasjonalt senter for vanninfrastruktur» på Ås. NMBU mottok løyvingar på 20 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet til etablering av senteret i 2018 og 2019. «Vannsenteret» og bransjen var med på å delfinansiere bygget.

NMBU var byggherre og blir saman med «Vannsenteret» eigar av bygning og nærliggjande uteanlegg. Byggeprosjektet vart gjennomført i tett kontakt med «Vannsenteret» som engasjerte Aase prosjekt AS til prosjekt- og byggeleiing i for- og gjennomføringsfasen. Eit testanlegg er plassert utafor bygget. Den offisielle opninga var 17. juni 2024, og bygget fikk namnet H2O-bygget.

Vannsenteret
Nasjonalt senter for vanninfrastruktur vart etabert i 2023. Foto: Eigedomsavdelingen

Fakta om bygget

  • Byggets vegger er utført i tre, med søyler og dragarar i limtre.
  • Areal 1. etasje er 80.8 kvm. Areal underetasje er 59,3 kvm. Totalt areal: 140 kvm
  • Det er testanlegg under og utanfor bygget.
  • Bygget ligger i Arboretveien 75, mellom Statskraft Varmes anlegg og Senter for husdyrforsøk

Besøk Vannsenteret