Fleire byggjearbeidarar blir utsette for helseskadeleg kvartsstøv

Av Cathrine Glosli

Johanne iført verneutstyr på byggeplass.
Ph.d.-kandidat Johanne Ø. Halvorsen (MINA)Foto: STAMI

Johanne Ø. Halvorsen har forska på eksponering for støv i byggjebransjen. Resultata viser at både rivningarbeidarar og andre som jobbar i same bygg, kan bli utsette for helseskadeleg støv – sjølv utan å vere direkte involverte i rivningarbeid.

Byggjebransjen er i endring, med auka fokus på gjenbruk og berekraft. Men når gamle bygg skal få nytt liv, så aukar òg risikoen for helseskadar.

Innvendig rivning gir andre utfordringar enn å rive heile bygget og byggje nytt. Det blir brukt mange ulike materiale, ventilasjonen er ofte dårleg, og arbeidsoppgåvene varierer. Alt dette påverkar både mengda støv som blir danna, og kor mykje arbeidarane pustar inn.

– Støv på byggjeplassar kan skade lungene, spesielt viss det inneheld farlege stoff, seier Johanne Ø. Halvorsen, ph.d.-kandidat ved NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

Kvinne med blondt hår og rød genser.
Ph.d.-kandidat Johanne Ø. Halvorsen (MINA) Foto: STAMI

Støv som kan forårsake kreft og sjukdom

I doktorgradsavhandlinga si har Halvorsen undersøkt kor mykje støv og respirabelt krystallinsk silika (RCS) arbeidarar blir utsette for under innandørs rivning og renovering. At noko er respirabelt betyr at partiklane i lufta er så små at dei kan trenge djupt ned i lungene når vi pustar.

RCS dannast når materiale som inneheld krystallinsk silika, som betong og mur, blir omarbeidde, til dømes ved kutting, pigging eller riving.

Stoffet kan forårsake alvorlege lungesjukdommar som lungekreft og silikose. Sistnemnde er ein sjukdom som kan føre til varig redusert lungefunksjon. Den er også kjend som «steinstøvlunge», og kan i verste fall vere døyeleg.

– Sjølv låge nivå av RCS kan vere skadelege for helsa over tid, forklarer ho.

Halvorsens forsking viser at dagens tiltak ikkje er tilstrekkelege for å verne alle arbeidarar.

Påverkar fleire enn anteke

Resultata viser at eksponeringa for RCS på byggjeplassar ofte er høg. Også arbeidarar som ikkje sjølv riv, men berre jobbar i nærleiken, kan puste inn farlege mengder støv.

– Sjølv arbeidarar som ikkje er direkte involverte i rivning, kan utsetjast for ei stor eksponering for RCS, seier ho.
Dette er problematisk fordi mange av dei ofte ikkje bruker verneutstyr.

– Det er viktig at vi inkluderer fleire yrkesgrupper i eksponeringskartleggingar, og at vi får betre ventilasjon og støvkontroll på byggjeplassar, seier ho.

To mennesker iført verneutstyr på byggeplass.
Forskning på skadeleg støv på byggjeplass. Foto: STAMI

Ryggsekker med måleutstyr

Halvorsen besøkte 14 byggjeplassar der det blei rive eller pussa opp innandørs. Ho målte kor mykje støv som var i lufta og kva det inneheldt. Arbeidarane bar små ryggsekker med måleutstyr gjennom heile arbeidsdagen.

Ho plasserte også måleinstrument i romma for å måle støv i ulike storleikar. Seinare brukte ho spesialutstyr i laboratoriet for å finne ut kor mykje av støvet som var kvarts – ein type silika som kan ska lungene. Ho samanlikna støvet i lufta med materiala som blei jobba med, som betong og murstein.

– Eg har også testa nye metodar for å analysere støvprøvar, som kan gi meir presis informasjon om kva støvet inneheld og kvar det kjem frå, seier ho.

– Dette kan bidra til betre risikovurderingar og målretta tiltak.

Manglande målingar

RCS er eit svært helsefarleg stoff, men trass i dette blir det framleis gjennomført få målingar i bygg- og anleggsindustrien. Konsekvensane er potensielt store, då byggjebransjen åleine sysselset nesten 275 000 personar i Noreg.

RCS-støv kan vere helseskadeleg, og det spreier seg ofte i heile bygget, ikkje berre der rivningarbeidet går føre seg.

– Vi må slutte å gå ut frå at berre rivningarbeidarar er utsette, seier Halvorsen.

– God ventilasjon og betre kartlegging er nøklane til tryggare arbeidsplassar, avsluttar ho.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NMBU og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), og ein del av prosjektet ByggX – les meir om dette prosjektet her.

Publisert - Oppdatert

Del på