Fjell over heile verda er i rask endring som følgje av klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet. Gjennom etableringa av Nordisk senter for fjellforsking – Nordic Centre for Mountains in Transition (CMT) går forskarar no saman for å forstå kva dette betyr for natur, klima og samfunn.
Nordisk senter for fjellforsking skal vere ein viktig plattform for å utvikle løysingar som skal tryggje naturen og samfunna i fjellområda. Forskarane knytte til senteret skal forske på korleis klimaendringar og menneskeleg aktivitet påverkar fjellområda i Skandinavia.
Raske endringar i fjellet
Vedvarande temperaturauke globalt fører til at isbrear og snøfonner smeltar, nedbørsmønster endrar seg, og snø vert stadig oftare erstatta av regn i høgfjellet. Dette påverkar ikkje berre det biologiske mangfaldet i fjellområda, men òg økosystema som er avgjerande for lokal og regional miljøbalanse. Nytt land vert gjort tilgjengeleg etter kvart som snøfelt og brear forsvinn, vegetasjonsmønster endrar seg, og tregrensa flyttar seg oppover.
– Fjellområda våre er blant dei mest sårbare og samstundes viktigaste natursystema vi har. Endringane skjer raskt. Det er avgjerande at vi forstår samspelet mellom klima, is og snø, og økosystem for å sikre berekraftig forvalting av desse områda, seier leiar for det nye fjellsenteret, professor Jostein Bakke ved Universitetet i Bergen.
– Ved å forstå korleis klimaendringar påverkar fjellområda, får vi betre føresetnader for å ta vare på både naturverdiane og samfunna som er avhengige av dei.
Effektar på planter og insekter
Senteret samlar forskarar frå ulike fagmiljø for å studere konsekvensane av globale miljøendringar i fjellheimen — både lokalt klima, is og snø, økosystem, biologisk mangfald og påverknaden på nasjonalparkar og naturreservat. Dei skal kombinere feltobservasjonar med avanserte klimamodellar for å gje beslutningstakarar og den breie offentlegheita eit betre kunnskapsgrunnlag i arbeidet med berekraftig naturforvalting.
Ved NMBU skal forskarane særleg sjå nærare på effektane av klimaendringar på fjellets plantar og insekt.
– Vårt fokus er mellom anna korleis ulike artsgrupper responderer på klimaendringar i fjellet, og spesielt korleis interaksjonar mellom artsgrupper påverkar artar si forflytting til kaldare område, seier professor John-Arvid Grytnes ved NMBU.
Andre involverte frå NMBU er Erik Aschehoug, Kari Klanderud og Siri Lie Olsen.
Den globale trenden med endra fjellområde er godt dokumentert av mellom andre FNs Klimapanel (IPCC) og Naturpanelet (IPBES). No skal norske forskarar bidra med ny kunnskap og løysingar som kan kome både nasjonale og internasjonale fjellområde til gode.
Om senteret:
Namn: Nordisk senter for fjellforsking - Nordic Centre for Mountains in Transition (CMT)
Totalbudsjett: 53 millioner NOK
Finansiering: Trond Mohn forskningsstiftelse (TMF), eigenfinansiering
Varigheit: 5 år
Planlagd oppstart: Høsten 2025
Partnarar:
- Universitetet i Bergen (koordinator)
- NMBU
- Bjerknessenteret
- NORCE
- Den Norske Turistforening