NMBUs historie

Bildet er hentet fra Det laktologiske selskap sitt fotoalbum.
Bildet er hentet fra Det laktologiske selskap sitt fotoalbum. Foto: Ukjent

Frå den høiere landbruksskole i Ås via Norges landbrukshøgskule (NLH), Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Noregs veterinærhøgskule (NVH) til Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU).

Allereie i 1758 vart dei første tankane om ei høgare landbruksundervising i Noreg sett fram. Bergmedicus Becker foreslo at slik undervising skulle leggast til det nyoppretta Kongsberg Bergseminar, landets første vitskapelege undervisningsanstalt med røter i saksisk tradisjon og tysk opplysningstid. Men forslaget førte ikkje fram.

I tiåra etter unionsoppløysinga kom landbruksskulane og etter 1844 økte talet sterkt. I 1857 var det oppretta ein landbruksskule i kvart fylke. Alle drivne med Jacob Sverdrups skule på Semb i Borre, som forbilde. Dei hadde to timar undervising morgon eller kveld. Administrasjonen (departementet) vart i løpet av denne perioden bekymra over den manglande utdanning av lærarar til landbruksskulane, og ideen om ein sentral landbruksskule vart skapt.

Den høiere landbruksskole i Ås

Departementet bruka Frederik August Dahl (1818-1890) som rådgjevar i arbeidet med etablering av ei høgare landbruksutdanning. Dahl var svensk og hadde solid teknisk-agronomisk utdanning. Han hadde erfaring frå arbeid som styrar ved ein stor landbrukseigedom og som inspektør og annanlærar ved det nyoppretta Ultuna Landbruksinstitutt. Dahl anbefalte kjøp av Ås gard (prestegard) og Vollebekk (sorenskrivargard) eid av Christian Magnus Falsen. Ås gard låg den gongen i området ved Falsenstøtta. Dahl vart utnevnt til skulen sin første direktør og hadde stillinga frå 1858 til 1880.

Den 28. juli 1854 kom den første bevillinga til bygningar. Ås prestegard, mot ei godtgjering på 20 000 spesidalar, vart stilt til rådigheit til sokneprestembetet. Året etter ble nabogarden Vollebekk kjøpt inn for 12 500 spesidalar. Det samla arealet var no 3 400 dekar, av dette 1 075 ”dyrkbar mark”.

Skulen starta 1. oktober 1859. Det var fem lærarar og ein gardsstyrar som tok seg av dei 32 elevane som starta på ei 2-årig utdanning innan jordbruk. Elevane måtte betala skulepengar og etter kvart kost og losji. Etter 1860 sank søkninga og i 1869 vart skulen nesten nedlagt, men Stortinget gjekk inn for ei omlegging og vedtok at det skulle takast opp studentar til ei 2-årig lågare utdanning og ei 1-årig høgare utdanning med berre teori. Det vart no stilt krav til alder og bakgrunnskunnskapar.

Frå 1875 begynte næringa å krevja at Noreg burde ha ei høgare utdanning innan skog- og hagebruk. I 1886 kom hagebruk inn i undervisinga.

Rundt midten av 1890-tallet vart det nemnt opp fleire komitéar som skulle komma med eit utkast til ei ny ordning for landbruks-, skogbruks- og veterinærundervising. Det var svært vanskeleg å verta einig. Både om kor skulen skulle liggja, kva for fagområde han skulle dekkja, kva for forkunnskapar som skulle verta kravd og om lærarane skulle verta titulerte dosentar eller professorar. Komiteens endelege forslag heldt på dosenttittelen og lik lengde på alle studieretningane, det kom inn i Stortingsdokument nr.72 for 1896. Komiteen meinte den gongen at veterinærhøgskulen måtte liggja i Kristiania, men at det første året kunne verta lagt til Ås.

Lovforslaget gjekk igjennom i Odelstinget med 43 mot 42 stemmer. Dette betydde at Den høiere landbruksskkole i Ås´ tid var forbi, han vart lagd ned i 1897.

Noregs landbrukshøgskule (NLH)

Første kull ved Noregs landbrukshøgskule vart tekne opp 15. august 1897, det var 28 elevar. I § 1 i loven om Noregs landbrukshøgskule av 22. mai 1897 står det. ”Den skal meddele en på videnskapelig grunnlag hvilende undervisning til utdannelse av jordbrukere, skogbrukere, hagebrukere, utskiftningsmenn, og meierister og fremme den videnskapelige forskning på de områder høiskolen omfatter.” Skulen var toårig for fire avdelingar, skogbruk var treårig. Dette førte til ei betydeleg utviding av aktiviteten og gamle bygningar vart utvida og gjorde om. Eit stort undervisingsbygg og lærarboligar for fem lærarfamiliar vart bygd. Lærarstaben voks, i 1897 var det 13 stykkjar, i 1898 auka det til 21 og i 1909 var staben på 31 personar. Det var 24 uteksaminerte studentar i 1899, i 1906 var det 52, medan det sank til 26 i 1909.

I 1919 vart alle fem fagretningane treårige. Samtidig vart rektor og eit professorutval peikt ut til å leda NLH. No var 60 år med direktørar i leiarstolen forbi. Rektorordninga ved NLH vart organisert på ein annan måte enn på universitetet (no UiO) og den tekniske høgskule (no NTNU). Dette kom av at det administrative apparatet var meir omfattande ved denne høgskulen enn ved dei to andre.

I mellomkrigstida og etterkrigstida voks campus på Ås jamt og trutt, spesielt i forhold til bygging av hus til praktiske forsøk. Dei ulike næringane som støtta fagområda skog, hagebruk, landbruk og meieri la aktivitet til Ås. Dette førte til stadig meir utbygging, både i regi av NLH og andre interessentar.

Statens skole for småbrukslærarar starta på Sem, men vart innlemma i NLH i 1963 og eit program for pedagogikk vart etterkvart etablert.

NLH og veterinærhøgskulen (NVH) vart flytta frå Landbruksdepartementet til Kyrkje- og undervisingsdepartementet med verknad frå 01.01. 1997.

Studietilbodets utvikling etter krigen

Utviklinga i utdanningstilbodet ved landbrukshøgskulen kan naturleg verta delt i to epokar før og etter studieomlegginga i 1971. Den lange første perioden var utan store forandringar i sjølve studietilbodet. Den var prega av profesjonsretta studiar – for det meste orientert mot å utdanna rådgivarar og faglærarar innan jord-, skog- og hagebruk, rekrutter til jordskifteetaten, hagearkitektar og leiarar til meieribruket. Etter studieomlegginga følgde ein omfattande og på det næraste kontinuerleg omstillingsperiode i 1970-90-åra. Utdanning i landbruksfag i vid forstand er framleis hovudbasis, men med breiare, meir differensierte og fleksible studietilbod. Nye samfunns- og planleggingsretta grøne studieretningar er komme til.

Delar av NLH-miljøet arbeidde sterkt for at NLH skulle etablera 5-årig  ingeniørutdanning. Deira arbeid bar frukter og det første kullet med sivilingeniørstudentar vart tekne opp hausten 1989. Nokre år seinare sette ein saman eit studieprogram som førte fram til cand.scient grad. Det første kullet som fekk glede av dette studieløpet starta i 1994. Desse to hendingane la grunnlaget for vekst i lærarstaben og i studenttilstrøyminga innan ingeniørfag og matematiske realfag.

I 1970- og 80-årene gjennomførte NLH nye utgreiingar i eigen regi om høgskulens vidare tilpassing til ein kunnskaps- og arbeidsmarknad i rask utvikling. Dette førte til ei omorganisering og reduksjon av talet på institutt (frå 35 til 12). NLH hadde no 12 studieretningar: hagebruk, husdyrfag, jord-/plantefag, karttekniske fag, landskapsarkitektur, naturforvalting, næringsmiddelfag, naturvitskapelege fag, planfag, skogfag, tekniske fag og økonomi og ressursforvalting.

Tilsette ved NLH arbeida for å få lærarutdanning til Ås, og i 2004 starta det første kullet på 5-årig lærerutdanning innan realfagsdidaktikk og yrkesfagsdidaktikk.

Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB)

På 1990-tallet vart i statleg sektor lagt meir vekt på målstyring og planlegging for verksemda. Dette gjekk etter kvart over til fenomenet resultatstyring. Noko som førte til at universitet- og høgskolesektoren vart målt, og fekk deler av rammeløyvene, på bakgrunn av produksjonsresultat. Ei ny omorganisering kom som ei følgje av den nye styringsforma. I 2003 vart 12 institutt slått saman til sju. Eit par år etterpå vart Noragric innlemma som institutt og talet vart åtte. Talet på studentar har nå stabilisert seg rett i underkant av 3000. Universitet og høgskular fekk, etter endring i Universitetsloven (01.01.2005), moglegheit til å tilsetja rektor.

NLH hadde i lang tid hatt eit bredt fagfelt med gode forskingstradisjonar. Da det vart opna for å søkja om universitetsstatus var høgskulen raskt ute med ein søknad. Etter ein kraftig debatt om namneval både ved høgskulen og i stortinget vart det vedteke at universitetet på Ås skulle heita Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB). 10. desember 2004 godkjente Kongen i statsråd at Noregs landbrukshøgskule skulle få universitetsstatus. Landbruksminister Lars Sponheim og utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet var til stede og gratulerte. Kronprins Haakon og Mette Marit kom på besøk og Universitetslunden, ved Andedammen, ble høgtideleg opna.

Ved UMB var det valt rektor, som satt som styreleiar i universitetsstyret. På instituttnivå var instituttleiarane tilsette på åremål, dei var dagleg leiar og styreleiarar i instituttstyra.
På denne tida var det ca. 2800 studentar på Ås.

Noregs veterinærhøgskole (NVH)

Noregs veterinærhøgskule vart etablert på Adamstua i Oslo i 1935, Arkitekt Bredo Greve fekk oppdraget med å teikna skuleanlegget, som skulle visa nasjonal monumentalitet. Den Kgl. Veterinær- og Landbohøjskole i København var modell. Dei tidlegaste bygningane sto ferdig på 1920-talet, og det siste store byggeprosjektet, fellesbygget med Veterinærinstituttet og Mattilsynet, vart avslutta i 1996. Funsjonen mellom Norges Veterinærhøgskule og Universitetet for miljø- og biovitskap fann sted i 2014, og Veterinærhøgskulen flytta til Ås i 2021.

Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU)

I 2006 og 2007 var det store diskusjonar om samanslåing av Norges Veterinærhøgskule (NVH) og UMB. Dette viste seg å vera ei vanskeleg sak. Eit endeleg vedtak vart utsett tre gongar i Stortinget. I 2008 blei det bestemt at NVH skulle flyttast frå Adamstuen i Oslo til Ås. I 2014 blei dei to institusjonane slått saman. Universitetet fekk namnet Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Kong Harald var til stade ved den høgtidelege offisielle opninga i Aud Max, universitetets storstue.

I 2016 vedtok universitetsstyret at NMBU skulle ha ein rektor som var tilsett ikkje valt. Etter mykje planlegging starta bygginga av lokalane som skulle huse Veterinærhøgskolen og Veterinærinstituttet (VI). Etter store kostnadssprekkar og forseinkingar, kunne heile Veterinærhøgskolen, med utstyr, folk og fe, flytte frå hovudstaden i 2021. Veterinærinstituttet flytta litt seinare. Veterinærhøgskolen og VI flytta inn i nesten ferdige lokalar med omtrent berre nytt utstyr, til en kostnad på nesten 10 milliardar.

I 2024 har universitetet om lag 7000 studentar. Nokre av dei tar nettbaserte studier.

For perioden fram til 1950 er informasjonen i stor grad henta frå kompendiet "Bygninger ved Norges landbrukshøgskole tegnet av arkitekt Ole Sverre", skrevet av 1996 Erik Aas jr. Og jubileumsbøkene Norges landbrukshøgskolen 1859-1909, Norges landbrukshøgskolen 1859-1934 og Norges landbruksskole 1859-1959.