Bygningane 1859 til 1925

Da anlegget for den høiere Landbruksskole i Aas stod ferdig i 1859 var det 17 bygningar på hovedtunet. I dag har NMBU 120 bygningar.

Planlegginga av den høiere Landbruksskole

I 1855 vert det oppnemnt ein kommisjon for bygging av den høiere Landbruksskole, med stortingsmann J. Hoelstad (Ås), rittmeister C. Th. Zwilgmeyer (Ås) og arkitekt P.H. Holterman. Dei skulle planleggja og leia byggearbeida for anlegget og gjorde dette i nært samarbeid med Fredrik A. Dahl. Dahl hadde stor påverknadskraft og ein meiner det var hans idé å forma skuleanlegget nærast som eit stort gardstun og han si forteneste at kommisjonen dro til Sverige for å gjera seg kjende med landbruksskulebygningar der.

Hovedbygningene rundt Svanedammen, her er det bevis på hvorfor Andedammen opprinnelig het Svanedammen

Hovudbygningane rundt Svanedammen, som i dag kallast Andedammen. Her er det bevis på kvifor Andedammen opprinneleg hadde namnet Svanedammen.Foto: Henta frå NLH 1859-1909.

Anlegget vart reist slik at direktøren budde på storbondevis i hovudbygninga, mens dei tilsette heldt hus i den sørlegaste fløybygninga. På det tradisjonelle gardstunet ville det vore drengestua. Den eigentlege skulefunksjonen gjorde lite av seg, den var konsentrert i ei enkel bygning, i den nordlege fløybygninga, med elevane buande i spreidde hyblar i hovudbygninga og i den sørlege fløybygninga. Desse tre bygningane danna inntunet.

Driftsbygningane var samla i eit uttun, skilt frå inntunet. Anlegget sitt arkitektonisk formspråk var ikkje eitt og samanhengande. Bygningane viser heller ulikskapar, som ein kan sjå som eit resultat av brytningstida i norsk kunst på midten av 1800-talet.

Arkitektane

P. H. Holterman (1820-1865) hadde utdanning frå Kgl. Bauhochschule i Berlin i 1840-åra, da romantikken blomstra. Han tok fleire studiereiser til Tyskland i Kugler/Semperepoken og samarbeidde med J. H. Nebelong og J. W. Nordan i samband med Oscarshall, kor han hadde levert teikningar til eit badehus i seinromantisk formspråk. Mot slutten av 1850-åra var dette over, og under innflyting av H. E. Schirmers og A. F. W. von Hannos gotiserande teglsteinsarkitektur bygde han ei kyrkje i Nes på Romerike og i Aremark. Interessa for funksjonell rasjonalitet vart gjeldande og dette vert spegla i dei bygningane som vart teikna og ført opp til skuleanlegget i Ås.

Ole Sverres sine bygningar vart reist i perioden 1897 til 1925. Det var eit tidsrom kor samfunnet var prega av mange sterke brytningar og omstillingar. Tek ein med internasjonale epokar kan ein rekna inn den viktorianske epoken (1837-1901), det tyske keisarriket si storheitstid og fall (1871-1918), første verdskrig (1914-1918) og mellomkrigstida som ga framvekst av modernitet.  

Oppbygginga av høgskulen var eit stort prosjekt. Da direktør Hirch starta i stillinga i 1895 var industrialiseringa godt i gang.

Ole Sverre studerte ved den tyske høgskulen og fekk med det ein god bakgrunn for å sjå nytta av tekniske nyvinningar i bygningsmassen ved høgskulen.

Inntunet, hovudbygning og to fløybygningar

Dei tre skulebygningane (hovudbygning med to fløybygningar) hadde ein særs nøktern og spartansk utsjånad, med eit forsiktig tilløp til detaljar i tidleg sveitsarstil. Denne stilen finn ein att i bygningar kring slottsparken i Christiania frå 1840-talet.

Driftstunet (uttunet)

I driftstunet var formspråket på dei opprinnelege bygningane enkle. Etter utbygginga 1892 vart låvebygninga heilt gjennomført i sveitsarstil, men rasjonell, både teknisk og funksjonelt. Kombinasjonen av mura husdyrrom og fôrrom i bindingsverk vart sett på som eit stort framskritt i forhold til den tradisjonelle laftinga. Lafting var no sett på som romantisk og med det gamaldags og umoderne.

Stabburet 2007
Stabburet 2007.Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Dei einaste bygningane som syner ein tendens til romantisk bondekulturtradisjon er stabburet og smia/verkstadbygninga. Stabburet med lafteverket sitt og klokketårnet er norsk i uttrykket, mens smia/verkstaden med sitt utmura bindingsverk viser til svensk og kontinental tradisjon.

Driftsbygninga i uttunet

Låve og Vognskjul sett fra Kirkvegen

Låve og vognskjul sett frå Kirkvegen.Foto: henta frå arkiv.

Driftsbygninga med sin tette U-form danna eit motstykke til inntunet sin opne hestesko, og låg i 90 graders vinkel mot denne. Driftsbygninga var sett saman av tre fløyer, ein sørleg låvefløy, ein austleg fjøsfløy og ein vestleg stallfløy. Det var 72 båsar og bingar til 16-20 ungdyr, 24 spiltau, 4 boksar for sjuke eller drektige hestar og rom for 60 sauar.

Palasset
Svinehuset, i dag kalla Palasset.Foto: Håkon Sparre.

Svinehuset låg slik at det delvis stengde rommet mellom fløyene i driftsbygninga. Rommet i tunet vart bruka til gjødingsplass med landkum under. Svinehuset vart på midten av 1890-talet gjort om til husrom for dei som arbeidde i uthusa. Det står den dag i dag, og vert kalla Palasset.

Vogn- og redskapsskjulet.

Vogn- og redskapsskjulet var ein einetasjes bygning med loft i knestokkhøgde. Konstruksjonen var bindingsverk med utvendig tømmerpanel. Bygninga hadde portar mot nord og innkøyring i austleg gavl til ei langsgåande køyrebru. Vedskjulet og drensrørlageret var enkle skur i panelt bindingsverk. Sistnemnde hadde plass åt 40 000 drensrøremner til tørking. Desse vart brende i den nærliggjande teglomnen som hadde kapasitet for brenning av 20 000 rør på ein gong.

Driftsbygningar utanfor uttunet

Driftsbygningane utanfor uttunet låg spreidde og var meir individuelle i formspråket. Den tre-etasjar høge kornbua var orientert mot vegen ein kom inn og var konstruert i lafteverk, truleg med utvendig panel.

Dei to stabbura vende mot inntunet og tente som forrådshus for husfunksjonane der. Dei var begge bygd i lafteverk og det største av dei hadde tradisjonell takryttar med matklokke og vindfløy med årstalet 1859. Dette stabburet står den dag i dag.

Skille mellom gammel og ny stein, kan sees. Smia 2007

Skille mellom gammel og ny stein kan sjåast. Smia 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer.

Verkstad og smiebygninga besto av to delar, adskilt av eit ope midtparti der hestar vart skodde og større reparasjonar vart utførde. Eit gamalt bilde viser at taket dekka begge bygningane og den opne arbeidsplassen mellom dei.

Bygningar bygd, brent og reve mellom 1859 og 1895

Dei tre nye bygningane som kom mellom 1859 og 1890, kom som følgje av driftsmessige moment som ikkje var forutsett i planleggingsarbeidet på 1850-talet. I 1862 vart det reist ein fjørfebygning. Den vart etter kort tid ombygd til undervisnigsformål, til anatomisk og geologisk samling og disseksjonsrom.

Cirkus og gårdsbygningene
Cirkus og gårdsbygningane.Foto: henta frå NMBU sitt biletearkiv.

I 1863 dukka det opp eit problem. Det viste seg at det var umogeleg å få omsett den produserte mjølkemengda og ein måtte etablera eit meieri for foredling. Verkstadsdelen i smia vart teken i bruk til formålet fram til 1867, men da vart Parkgården bygd som eige meieribygg.

Parkgården uten tilbygg
Parkgården utan tilbygg. Foto: henta frå arkiv

Meieridrifta vart lagt ned i byrjinga av 1880, da den nye jernbanen gjorde det mogleg å levera mjølka direkte til Oslo. Parkgården vart påbygd og ominnreda, delvis til samlingar og boligformål, men hovudsakeleg til undervisingsbygg. Arkitekten for parkgården er ukjent. Bygninga er bygd i tradisjonell sveitserstil. Med blomstrande gotiserande snekkarglede i inngangspartiet.

I 1891 søkte direktør Koller om bevilling til ny fjøsbygning og fekk tilslaget. Låvedelen i uttunet vart reve og i 1892 sto ein vesentleg utvida driftsbygning ferdig (prislapp: 61 344,- kroner). Bygget representerte eit stort framskritt og bygde på erfaringar innan landbruksbygg gjennom dei tiår skulen hadde vore i drift. Det var skreve publikasjonar om dei djuptgripande endringane i landbruksbyggeskikken i Noreg og dette fekk mønsterdannande verknad, ikkje minst ved sin trendsetjande markering av den tidlege sveitserstilens formspråk.

Tre hus vart reve på midten av 1890-talet, det var teglovnen, iskjellaren og nødtørftshuset.

Natta mellom 1. og 2. februar 1895 brand sørlege Fløybygning (i dag kalla Økonomibygningen) ned til grunnen. Dette ramma skulens forvaltning hardt og det var krisestemning når Johan L. Hirsch den 20. juli avløyste den sjuke direktør Koller. Hirsch starta arbeidet med å utvikla skulen.

Informasjonen er i sin heilskap henta frå ”Bygninger ved Norges Landbrukshøgskole teikna av Ole Sverre” skriven av Erik Aas jr. i 1996.

Utvikling innan byggemateriale i perioden

Det førindustrielle samfunnet sine byggjematerialar vart trevirke. Det vil seia tømmer bruka i laft – eller stavkonstruksjonar kledd utvendig med panelar av varierande type. Vanleg fundamentering var mur av gråstein. Den vanlegaste taktekkinga på bygdene var torv, trespon, halm eller villskifer.

Bruk av steinmaterialar, naturstein eller tegl, var avgrensa og mest knytt til representative bygg som kyrkjer, herregardar, festningsverk og til danskprega busetting i byane.

Under empire-epoken i Christiania, særskild under bygginga av Slottet og universitetet, melde trongen for omarbeidd naturstein seg. Steinen skulle verta bruka i soklar, trapper, søyler og fasadedetaljar i dei nye prestisjebygga. Steinindustrien hadde si storheitstid frå siste halvdel av 1800-talet fram til første verdskrig. Ein tilsvarande ekspansjon skjedde innanfor produksjonen av tegl. I Follo var det ved utgangen av hundreåret seks teglverk, kor tre av dei låg i Ås.

Internasjonalt vart jarn og stål dominerande konstruksjonsmaterialar tidleg i andre halvdel av 1800-talet. Dette kom til uttrykk mellom anna i Eiffeltårnet i Paris og mange jarnbanebruer med mer.

I Noreg vart betong først bruka i fundament og grunnmurar deretter i brukonstruksjonar, tankanlegg og andre tekniske anlegg.

Det industrialiserte Europa og USA bar fram mange nyvinningar innan byggmateriale, byggteknikk og ulike tekniske anlegg og installasjonar som skulle letta bruk og drift av bygningar. Dette var installasjonar som sentralvarme, mekaniske ventilasjonsanlegg, heisar, trykkvatnforsyning, vatnklosett og ordna avløypssystem.

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skreve av Erik Aas jr. i 1996 og frå NLHs jubileumsbøker.