Filming og fotografering på NMBUs eigedommar
Følgjande reglar gjeld for filming, fotografering og opptak av lyd på NMBU sine eigedommar. Reglane omfattar alle areal ute og inne.
Du kan søke om filming på campus gjennom dette skjemaet.
NMBU føreset at alle opptak og seinare bruk følgjer norsk lov. Dersom det er personar som er i hovudfokus enkeltvis eller i gruppe må det verta henta samtykke frå alle involverte.
Filming, fotografering og opptak av lyd til redaksjonelle produksjonar
Det er ingen avgrensingar for opptak til produksjon av nyheiter, reportasjar og dokumentarar på NMBUs eigendommar så lenge dette ikkje uroar NMBU si daglege drift. Produksjonar som krev tilrettelegging, enten i form av utstyr, tenester eller tilgang på lukka område, må avtalast med NMBU. Tilrettelegging føreset at NMBU har kapasitet og ressursar til å komma behova imøte.
Filming, fotografering og opptak av lyd til kommersiell bruk
NMBU ønskjer å verne om universitetets merkevare og verdiar og våre plikter til å forvalte eigedommane i tråd med samfunnet sine intensjonar. Dei gamle bygningane er sterkt knytta til NMBU si merkevare, og vi ønskjer ikkje at dei blir brukt til reklame og kommersielle føremål.
Droneflyging
Før droneflyging kan utførast må det leverast dokumentasjon:
- At droneførar har riktig sertifikat og er godkjent førar
- Flyplan m/kart og tidsplan
- Naudlandingsplass
- Varslingsplan til tilsette/studentar
Dette skal sendes NMBU i god tid før planlagt flyging. NMBU kan vera interessert i å bruka opptaka som blir gjort. Om opptaka er av ein slik art at det er relevant og mulig å bruka for NMBU, kan det bli aktuelt å gjere avtale om rettar til opptaka.
Leiekostnadar
Dersom opptak krev tilrettelegging frå NMBU, må vi ha kapasitet og ressursar til å imøtekomma dette. Der det er behov for at tilsette følgjer leigetakar, må vi ta betalt for dette. Vi tar betalt for tida vi må sette av mellom anna til syning, administrasjon, sikkerheit, reinhald og anna tilrettelegging. Vi vil vurdera kvar enkelt søknad.
Om opptak må gjerast utover arbeidstid, vil det virke inn på kostnaden med 100 prosent overtid.
NMBU har ein verneverdige campus. Leigetakar/ firma står ansvarleg for eventuelle skadar på eigedommen. Du kan lese meir om retningslinjer for bruk av eigedommen her.
Søknad må sendes i god tid før opptak.