Ny liste over framande arter

Av Cathrine Glosli

Husspissmus
Husspissmus (Crocidura russula)Foto: Shutterstock

Talet på framande artar i Noreg aukar.

Framandartlista viser kva for ein økologisk risiko framande arter kan utgjera for naturmangfaldet i Noreg. Den er utarbeidd av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar. Lista for 2023 er nettopp kommen.

Ekspertkomitéane har lagt 2342 ulike framandarter som allereie er etablert eller kan kome til Noreg under lupa. Båe plantar, dyr og små organismar har vorte vurderte. Den nye lista inneheld vurderingar av økologisk risiko for cirka 800 fleire framande arter enn den føregåande.

Gamle kjenningar og nokre nye

– Nokre av framandartene blant pattedyra er godt kjend frå førige versjon av lista, seier NMBU-professor Katrine Eldegard.
– Som til døme mink og villsvin.

Eldegard har leia arbeidet i pattedyrkomitéen. I 2023 har det kome nye pattedyr til på lista.

– Husspissmus er eitt eksempel på ein framandart som nyleg har etablert seg i norsk natur, seier ho.

Husspissmusa har stort potensial for å spreie seg i Noreg, men om arten vil fortrenge stadeigne spissmusarter er førebels uvisst.

Eldegard fortel vidare at eitt nytt og utfordrande tema denne gong har vore vurderingane av såkalla bruksarter. For pattedyr vil det seia kjæledyr og husdyr.

Du kan sjå heile lista på Artsdatabanken sine nettsider her.

Publisert - Oppdatert

Del på