Martine Molland - Avdelingsingeniør ved Labora AS

Av Janne Karin Brodin

Martine Molland
Foto: Labora AS

Avdelingsingeniør ved Labora AS

Utdannelse: bachelor og master i biologi, studieretning molekylærbiologi og evolusjon

Kvar jobbar du no?

Eg jobbar i dag som avdelingsingeniør på mikrobiologisk avdeling i Labora, som er eit vatn- og næringsmiddellaboratorium i Bodø. Snart flyttar eg sørover for å starta i ny jobb som avdelingsingeniør hos Slab, som òg arbeidar med næringsmiddel og vatn.

Kan du fortelje om din nåverande jobb?

Som avdelingsingeniør er det min jobb å ta ut prøvar frå produkta me får sendt frå kundane våre, og utføre dei mikrobiologiske analysane kunden ønskjer. Dei kan vera interessert i bakteriar som forringar kvaliteten på produktet, bakteriar som indikerer dårlege produksjonsforhold, eller som kan gjera folk sjuke. Me tek prøvar av alt frå vatn til fisk og kaker. Noko av det eg likar best ved denne jobben er å bidra til at folk ikkje vert sjuke av det som finst i butikkhyllene. I tillegg er det utruleg kult å arbeida med organismar som for «vanlege folk» er usynlege.

Korleis var vegen frå videregåande til den jobben du har i dag?

Då eg skulle søka på studie hadde eg ikkje ein gong høyrd om NMBU. Det var bilete frå campus og lista over emne som vart tilbydd ved biologistudiet som var med på å overtyda meg. I tillegg ville eg utfordra meg sjølv ved å flytta til ein stad der eg ikkje kjende nokon. Det tok heldigvis ikkje lang tid som student på Ås før eg var sikker på at eg hadde valt rett.

Martine Molland
Foto: Marian Schubert


Det som er så fint med biologiutdanninga på NMBU, er at ein får ein solid base som ein kan bygga ut i dei retningane ein sjølv vil. Eg valte ein retning der eg fekk mykje praktisk laboratorieerfaring, noko eg har fått stor nytte av i den jobben eg har no.

Kva kan du sei om studentmiljøet på NMBU?

Studentmiljøet på Ås er rett og slett magisk. Det finst foreiningar, organisasjonar og arrangement for ein kvar smak. Noko av det kjekkaste med å vera biologistudent på NMBU er å møta andre som synest mose-sex, restaurering av myr og bakteriar med sære eigenskapar er kult.

Ved biologistudiet er det òg mange dyktige forelesarar, og dei aller fleste er ivrige etter å hjelpa deg så godt dei kan. Deira største ønske er jo å få deg like interessert i emnet som det dei sjølv er. Om ein interesserer seg ekstra mykje for noko, er det fleire forskingsgrupper som tek i mot studentar. Sjølv var eg med i ei forskingsgruppe i fleire år, der eg var med å arbeida på gruppa sine pågåande forskingsprosjekt. I tillegg fekk eg gjennomføra mitt eige prosjekt, noko som var utruleg lærerikt.

Har du nokon råd til komande studentar?

Sei ja og bli med på det som skjer, sjølv når det er litt skummelt. La deg omfamna av studentmiljøet på Ås og nyt campus. Ver open for nye moglegheiter både under og etter studiet. Eg skreiv til dømes masteroppgåve om gener som regulerer fleirårigheit og eittårigheit i gras, men jobbar no med bakteriar i næringsmiddel og vatn. Det er med andre ord ingenting feil med å endra planar undervegs!

Publisert - Oppdatert

Del på