Ny forsking frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) viser korleis robuste robotsystem kan støtte både matproduksjon og bioenergi i krevjande tropiske jordbruksområde.
Forskar på landbruksrobotar for store jordbruksfelt
NMBU-stipendiat Marco Fernandes dos Santos Xaud har utvikla løysingar som gjer det mogleg for robotar å operere i store tropiske jordbruksfelt, særleg sukkerørplantasjar. Desse felta skil seg mykje frå norsk landbruk og spelar ei viktig rolle i den globale energiomlegginga, sidan sukkerør kan brukast til å produsere bioenergi.
To innovative robotløysingar
Avhandlinga til Xaud presenterer to hovudinnovasjonar:
TIBA – feltrobot for navigasjon i sukkerørrader
Ein kompakt, rimeleg skid-styrt robot som nyttar termiske infraraude kamera og djup læring for å oppdage og følgje radene under tett bladverk der GNSS-signalar ikkje er tilgjengelege. Ein robust regulator basert på «sliding mode»-teknikk sikrar presis navigasjon sjølv under skiftande lysforhold, utan dyre sensorar.
Hyper-constrained parallel mechanism (HCPM)
Ein robotarm utvikla for høg presisjon og fart i industrielle og landbruksrelaterte oppgåver. Xaud har laga ein systematisk modelleringsmetode og ein robust styringsstrategi som gjev nøyaktig rørsle, sjølv med usikre modellar og ytre forstyrringar.

Kvifor er dette viktig?
Målet med forskinga er å kombinere robuste styringsmetodar med praktisk og rimeleg teknologi for å gjere landbruksrobotar klare for reell bruk i store felt. Vitskapleg bidreg avhandlinga med nye metodar for IR-basert navigasjon, modellering av parallellmekanismar og robust styringsdesign under usikkerheit. I ein større samanheng kan resultata bidra til meir effektiv matproduksjon og styrke verdikjeder for bioenergi, som etanol og bioprodukt frå sukkerør.

FAkta:
Marco Fernandes dos Santos Xaud
- Tidlegare utdanning: BSc in control and automation engineering (UFRJ – Federal University of Rio de Janeiro). MSc in electrical engineering with emphasis on control, automation and robotics (COPPE/UFRJ – Federal University of Rio de Janeiro)
- Frå: Rio de Janeiro, Brazil
- Doktorgrad: NMBUs Fakultet for realfag og teknologi
- Arbeidsgivar: Equinor
- Tittel på avhandlinga:
- Norsk: Mekanisk design, modellering og robust regulering av robotsystemer for landbruksapplikasjoner: teori og eksperimenter
- Engelsk: Mechanical Design, Modeling and Robust Control of Robotic Systems for Agricultural Applications: Theory and Experiments
Marco Fernandes dos Santos Xaud forsvarar si doktoravhandling den 16. desember 2025. Les mer her.
