Forsking viser at miljøberiking kan gi både forsøksfisk og oppdrettsfisk eit betre liv, men måten miljøet blir utforma på må tilpassast både arten og oppdrettstilhøva.
Både fisk som blir brukt i forsøk, og oppdrettsfisk, blir ofte haldne i enkle miljø som skil seg betydeleg frå deira naturlege leveområde. Miljøberiking er å sørgje for eit meir spennande miljø for fisken. Det kan vere å innføre bobler, vass-straum, steinar, plantar, ulike fargar eller anna som etterliknar det naturlege miljøet fisken lever i. Alt dette kan betre fiskevelferda. Men er eit meir variert miljø alltid betre for fisken? Det har ph.d.-kandidat Evgenia Dunaevskaya ved Veterinærhøgskolen, NMBU, forska på for å finne ut av.
– Miljøberiking har potensial til å forbetre fisken si velferd, men ikkje under alle forhold, fortel Evgenia Dunaevskaya.
Miljøberiking er viktig når laksen byter miljø
I doktorgraden sin har ho undersøkt korleis ulike typar miljøberiking påverkar åtferd og velferd hos atlantisk laks, og forsøksfiskane sebrafisk og medaka. Ho har òg sett på korleis effektane av miljøberiking har påverka dei ulike artane, korleis dette har gitt utslag over tid og under ulike miljøforhold.
– Hos laks påverka miljøberiking fisken si evne til å tilpasse seg nye omgjevnader. Fjerning av beriking ved overføring til eit nytt miljø kunne gjere tilpassinga vanskelegare, noko som tyder på at miljøberiking kan vere særleg viktig under større miljøendringar, fortel ho.
Miljøa fisken føretrekte var ikkje alltid best
Studiane av sebrafisk og medaka viste at artane hadde ulike preferansar for både fysiske og sensoriske miljøforhold. Preferansane endra seg òg over tid, noko som kan henge saman med fisken sine biologiske rytmar og fysiologiske prosessar.
– Langtidsstudien viste dessutan at miljø fisken føretrekte, ikkje nødvendigvis gav betre velferd over tid, og at dette påverkar reproduksjon, overleving, åtferd og stressnivå, forklarer Dunaevskaya.
Forskinga kan bidra til betre oppstallingsforhold både for forsøksfisk og oppdrettsfisk ved å identifisere miljøtiltak som støttar naturleg åtferd og god velferd.
– Resultata viser òg at miljøberiking er samansett og bør tilpassast både arten og oppdrettstilhøva, seier ho.
Meir komplekse miljø betrar ikkje alltid velferda
Dunaevskaya håpar at forskinga hennar kan bidra til kunnskapsbaserte tilrådingar og velferdsstandardar for fisk som blir haldne i forsking og oppdrett.
– Særleg ønskjer eg å fremje ei meir heilskapleg tilnærming til fiskevelferd, der miljøtiltak blir vurderte ved hjelp av fleire biologiske og åtferdsmessige indikatorar, framfor å leggje til grunn at meir komplekse miljø alltid gir betre velferd, seier ho.
Meir kunnskap er nødvendig for å kunne ta endå betre val for oppdrettsfisk og forsøksfisk i framtida. Evgenia Dunaevskaya håpar framtidig forsking vil undersøkje langtidseffektane av miljøberiking over fleire generasjonar hos modellfisk og gjennom både ferskvass- og sjøvassfasen hos atlantisk laks. Ho meiner òg det bør rettast større merksemd mot eigenskapane til lyset, sidan lys spelar ei viktig rolle for fiskevelferd og lysforholda varierer betydeleg mellom ulike anlegg.
– Mi forsking viser kvifor det er viktig å forstå korleis ulike miljøforhold påverkar fisken si åtferd og velferd før ein innfører endringar i oppdretts- og forsøksmiljø, seier ho.
Metode

FAKTA:
Evgenia Dunaevskaya
- Utdanning: Master i havbruk, Nord universitet
- Frå: Murmansk, Russland
- Alder: 41 år
- Doktorgrad: Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Veterinærhøgskolen, Institutt for produksjonsdyrmedisin
- Tittel på avhandlinga
- Engelsk: Context-dependent effects of environmental enrichment on fish welfare
- Norsk: Kontekstavhengige effekter av miljøberikelse på fiskevelferd
- Hovudrettleiar: Eirill Ager-Wick
- Medrettleiarar: Marco A. Vindas og Ian Mayer
- Evgenia Dunaevskaya skal forsvare avhandlinga si ved NMBU Veteritærhøgskolen, Institutt for produksjonsdyrmedisin, 20. november 2026.
