Fire NMBU-studentar fekk eit innblikk i korleis kvardagen etter studia kan bli gjennom praksis hos Kartverket. Studentane laga ein chatbot som tilsette i Kartverket kan bruke til å søkje i databasane sine på ein enkel og effektiv måte.
Gjennom vårsemesteret har studentane tilbrakt ein dag i veka på Kartverket sitt kontor i Oslo. I lag løyste dei ei prosjektoppgåve som gjekk ut på å lage ein chatbot for Kartverket. Oppgåva var eit såkalla «proof-of-concept»-prosjekt, som skulle vise Kartverket kva dagens teknologi kan brukast til. Studentane nytta verktøy dei kjenner frå studia, som kildekodeprogrammet PostGIS, ulike agentar og opne språkmodellar frå nettet. Dei gav chatboten namnet «FindinGeo», og fekk testa han på eit utval frå databasane til Kartverket.
Kor mange bilvegar er det i Ås?
Studentane støtte på fleire utfordringar undervegs. Serverar som vart overbelasta, språkmodellar som fungerte godt, men vart fjerna, datasett med manglande informasjon og maskinvare som ikkje alltid spelte på lag, var nokre av dei. Men gruppa klarte å levere ein chatbot med gode resultat til slutt. På demonstrasjonen dei hadde siste dag for tilsette i Kartverket og andre interesserte, fekk dei vist at chatboten kunne gi korrekte svar på spørsmål som «Kor mange bilvegar er det i Ås?».
Hensikta med samarbeidet var å gi studentane eit innblikk i korleis arbeidslivet kan vere. Studentane har vore svært nøgde med praksisplassen, og meiner at fleire studentar burde få ei slik moglegheit.
– Eg har lært meir om korleis Kartverket arbeider, noko eg trur er relevant uansett kvar eg endar opp med å jobbe, seier Christian Aron Vea, som tek master i datavitenskap med spesialisering i geoinformatikk.
– Eg kjenner meg meir sikker på kva veg eg vil gå etter å ha hatt denne praksisplassen, seier Harrishan Jegatheeswaran, som tek master i geoinformatikk.
To av studentane har òg fått sommarjobb i Kartverket etter praksisperioden.
– Alle studentane synest det har vore herleg å få ha praksisplass hos Kartverket. Det å gjere noko anna enn «vanleg» skule har vore forfriskande, seier Hans Ekkehard Plesser, professor i informatikk ved NMBU.

Vil du studere geomatikk, geoinformatikk eller datavitskap?
Er du interessert i kart og data? Vi tilbyr fleire ulike utdanningar innan desse fagfelta:
- Datavitenskap (femårig master, sivilingeniør)
- Data Science (toårig master, engelskspråklig)
- Geomatikk (bachelor)
- Geoinformatikk (femårig master, sivilingeniør)