Klimaendringane gir ikkje berre meir regn, men òg meir intens nedbør med mykje regn på kort tid. I byar kor vi byggjer stadig tettare, skapar det problem. Meir asfalt og fleire hus gjer at det blir vanskelegare for vatnet å finna naturlege vegar ned i bakken. Med det får avløpssystema ein stadig meir krevjande jobb med å hindra flaum.
– Å byggja røyrsystem er kostbart. Av den grunn ville vi undersøkja om det var mogleg å utnytta eksisterande leidningsnett betre enn i dag, seier Harsha Ratnaweera, professor i vatn- og miljøteknologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
Gjennom forskingsprosjektet «Regnbyge 3M» er det utvikla eit heilt nytt varslings- og styringsverktøy som skal bidra til at totalkapasiteten i dagens avløpssystem vert meir effektivt. Utprøving i Drammen har gjeve lovande resultat.