Naturforvaltning
Arkiv - NF

Ingrid Kongsvoll

Ingrid Kongsvoll har ein mastergrad i naturforvalting. No jobbar ho som prosjektleiar kor ho hjelper reiselivsbedrifter og landbruksbasert næring. 

Ingrid Kongsvoll

Kan du fortelle litt om din nåværende jobb?
I min jobb som prosjektleiar i Skåppå kunnskapspark hjelper eg reiselivsbedrifter og landbruksbasert næring med produktutvikling, marknadsføring og strategiarbeid. Det er også ein viktig del av jobben å bygge nettverk mellom sentrale aktørar i lokalt næringsliv.

Hvorfor valgte du å studere ved NMBU?
Eg valde å studere ved NMBU fordi eg er interessert i natur og miljø og hadde lyst til å fordjupe meg i korleis vi kan balansere omsyna til bruk og vern av norsk natur. NMBU har eit godt rykte, og den tverrfagleg profilen til universitetet var avgjerande for at eg valde å studere master nettopp her.

Ingrid Kongsvoll

Foto
Anne Marte Johnsen

Kva for nytte har du hatt av utdanningen du tok ved NMBU?
Gjennom studie lærte eg å jobbe analytisk og sjølvstendig med kompliserte og tverrfaglege problemstillingar. Dette har eg stor nytte av som prosjektleiar.

Fleire av bedriftene eg jobbar med ynskjer å bidra til det grønne skiftet og drive meir berekraftig. Det blir også stilt strengare miljøkrav til reiselivsnæringa og landbruket. Her kan eg bidra med mykje kunnskap om natur og vurdering av miljøomsyn.

Har du nokre råd til kommande studenter?
Følg magefølelsen og vel fag og spesialisering etter kva du er interessert i! Når du er engasjert i det du driv med, blir du lettare god i faget ditt og du utstråler ein glede ved det du driv med. Dette merker ein potensiell arbeidsgjevar, og det aukar sjansen for at du skil deg ut positivt i ein søknadsprosess.

Published 16. April 2019 - 10:11 - Updated 16. April 2019 - 10:11