Åsmund Mikalsen - forskar på drenering

Av Cathrine Glosli

Åsmund Mikalsen har ein mastergrad i miljø og naturressurser og jobber nå som doktorgradsstipendiat ved NIBIO. 

Kan du fortelja litt om din noverande jobb?
Eit doktorgradsstipend går i grunn ut på å gjera meir av det ein gjorde under masteroppgåva, men meir omfattande og meir sjølvstendig. Ein planlegg feltarbeid og datafangst, gjennomfører det, og les masse vitskapleg litteratur. På grunnlag av dette skriv ein vitskaplege artiklar, og alt skal skje med hjelp frå rettleiarane. Sjølv skriv eg om drenering, og skal testa om drenering med undersug i grøfterøyra vil drenera jorda snøggare og grundigare.

Kvifor valde du å studera ved NMBU?
Miljø og naturressursar var eit studie som høyrdest interessant ut og som krevde realfag. Difor tenkte eg det var seriøst. I tillegg tykte eg det kunne vera sunt å koma seg vekk frå Hordaland for å studera, og ende tilfeldigvis opp på Ås.

Kva for nytte har du hatt av utdanninga du tok ved NMBU?
Skal ein drenera jord, er det nyttig å vita noko om korleis jord fungerer, korleis vatn i jord ter seg, og korleis vatn ter seg ålment. Skal ein forstå det, treng ein ein breid realfagleg basis. Båe delar har MINA-studiet gjeve meg. I tillegg gav MINA-studiet meg ein meir heilskapleg og prosessbasert forståing av naturen som eit komplekst system. Dette er tankebanar og forståingsmåtar som eg tykkjer eg har stor nytte av òg på fritida og i frivillige verv.

Noken råd til kommande studentar?
Det er lurt å engasjera seg, både i organisasjonar som har noko med studiekvardagen eller fagområdet å gjera, og i lag som ikkje har det. Det er moro og nyttig. I tillegg er det viktig å kjenna folk som driv med tilgrensande fagfelt, slik at ein har nokon å spyrja om råd når ein lurar på noko litt utanfor kjerneområdet sitt. Dersom du maktar å taka meir og tyngre matte, vil nok det betala seg seinare. Kjemi er òg eit veldig nyttig grunnfag å kunna. Og kjøp pensumbøker – dei er veldig nyttige å ha om ein skal slå opp noko eit år eller to seinare.

Publisert - Oppdatert

Del på