Jorunn Vallestad: Brennande miljøengasjement

Av Cathrine Glosli

Jorunn har ein master i økologi, med spesialisering i tropisk økologi og naturforvaltning. For tiden jobbar ho som fagrådgjevar i Naturvernforbundet.

Kan du fortelle litt om din nåværende jobb?
Eg jobbar no i Naturvernforbundet, som fagrådgjevar på Natur- og klimaavdelinga. Her gjere eg alt eg kan for å hindre raseringa av dei reine og verdifulle norske fjordane der regjeringa vurderer å gje løyve til dumping av store mengder gruveslam. Eg jobbar også med dei store utfordringane frå ein stadig vaksande oppdrettsnæring, samt med norsk oppfølging av den internasjonale konvensjonen om biologisk mangfald. Dette kan vere krevjande arbeid med mange større og mindre nederlag, og då er det av og til godt å kunne konsentrere seg om det andre ansvarsområdet mitt, nemleg det positive arbeidet med naturglede. Arbeidsdagens aktivitetar varierer frå møter på Stortinget til rydding etter å ha tilbragt ein dag med å lage meisebollar med barnehagebarn. Mesteparten av tida blir likevel brukt foran PC-en, i telefonen eller i møterom, for å  koordinere dei ulike prosjekta, planlegge seminar og andre aktiviteter, skrive søknadar, rapportar og pressemeldingar. Det einaste som manglar i kvardagen er litt meir skikkeleg feltarbeid!

Hvorfor valgte du å studere på NMBU?
Eg begynte å studere på Ås fordi eg ynskja å jobbe med tropisk regnskog, og då var jo masteren i Tropisk Økologi og Naturforvaltning perfekt!
I tillegg ynskja eg å møte likesinna miljøinteresserte, og hadde høyrt om det gode studentmiljøet på Ås. Etter bacheloren i Økologi og Naturforvaltning byrja eg å innsjå at eg kanskje ikkje kom til å tilbringe resten av livet i Amazonas, og var veldig i tvil om eg burde vere fornuftig og velje den vanlege naturforvaltningsmasteren, men eg valgte å følgje hjertet, noko eg er glad for i ettertid.  

Hvilken nytte har du hatt av utdanningen du tok ved NMBU? 
Økologi og naturforvaltning er ei veldig brei utdanning som gir deg den nødvendige oversikten for å jobbe tverrfagleg med ulike miljøspørsmål. Kombinasjonen av god økologikunnskap og litt kjennskap til både jus, økonomi og forvaltning føler eg sjølv at eg har hatt god nytte av i ettertid. Det er vanskelegare å hevde at faga i tropisk økologi er like relevante for det eg driv med i dag, men det gir deg i alle fall alltid noko å snakke om i intervjuprosessen!

Råd til kommende studenter?

  1. Vel det du faktisk ynskjer å studere, ikkje det du trur er fornuftig! Det aller viktegaste er at du brenner for det du driver med.
  2. Engasjer deg ved sidan av studiane. Det var engasjementet gjennom Studentlaget for Naturvernforbundet og Natur og Ungdom, meir enn fagval og gode karakterar, som gjorde til at eg har drømmejobben i dag.
  3. Bruk moglegheitane til spanande opplevingar i form av utveksling og feltarbeid i inn- og utland! Du kjem til å angre viss ikkje…

Publisert - Oppdatert

Del på