Beste masteroppgåve ved MINA i 2018

Av Cathrine Glosli

.
.Foto: kenneth spadberg/Foap/Visitnorway.com

Gunn Evy Auestad skreiv masteroppgåve med tittelen "Frå fast-food til lokale matopplevingar - ein studie av lokalmat-satsing til Hurtigruten." Den ga ho prisen for beste masteroppgåve ved MINA i 2018. 

Det er rettleiarane som nominerer oppgåver til prisen. 

Frå nominasjonen: 

"Auestad (2018) er ei mastoppgåve utanom det vanlege. Oppgåva kunne oppfattast som del av ein dr. avhandling dersom ein ikkje visste anna. (...) 

Oppgåva studerer innanfor praksisfeltet sitt eit særdeles relevant tema, korleis mat kan gjerast til ein turistattraksjon og det sosiale samspelet som er nødvendig for å realisere dette. Oppgåva er ambisiøs teoretisk ved å kombinere innovasjon, produktutvikling og nettverksteori. Forfattaren bruker i oppgåva denne teoretiske miksen på ein framifrå måte til å opplyse det empiriske problemet."

Frå oppgåva: 

"Opplevingsturisme er i kraftig vekst og turistar i Noreg etterspør i aukande grad lokale matog drikkeopplevingar. Tilbodet er likevel mangelfullt. Denne kvalitative casestudien undersøkjer korleis Hurtigruten har gjennomført si satsing på lokalmat, «Norwegian Coastal Kitchen» (NCK), som ein del av eit opplevingsbasert reiselivsprodukt. Studien skildrar produktkonseptet og kva rolle nettverk og innovasjon har spela i realiseringa av det. 

(...) Produktkonseptet NCK dreier seg om å tilby kvalitetsmat frå nærområda der Hurtigruten seglar og gjennom historieforteljing skapa ei «hyperlokal» kopling mellom maten og landskapet som skipa seglar forbi. Opplevingskonseptet er å rekna som «edutainment» – ei blanding av utdanning og underhaldning. Intern forankring av konseptet har vore ein av dei største utfordringane i realiseringa av konseptet. For å gje passasjerane ei oppleving av å koma tett innpå dei små lokalsamfunna dei passerer, har det for Hurtigruten vore viktig å utvikla direkte og tillitsbaserte band til mange lokalmatprodusentar langs heile kysten.

Funna syner at det kan vera utfordrande å ivareta nære relasjonar i eit veksande nettverk og at tredjepartsaktørar også er viktige for å klara å kopla reiseliv og lokalmat. Nettverket har karakteristikkar som kan hemma innovasjonsgraden i samarbeidet. Lokalmatsatsinga har likevel medført ulike typar innovasjon, både hos Hurtigruten og lokalmat-leverandørane. (...)

Denne studien syner at konsept, nettverk og innovasjon påverkar kvarandre gjensidig og at det er viktig å ha kunnskap om dei innbyrdes samanhengane i produksjonen av opplevingsprodukt. Hurtigruten sine erfaringar underbyggjer også tidlegare forsking som har vist at reiselivsbedrifter kan ha økonomiske fordelar av å tilby lokalmat og gir støtte til teorien om opplevingsøkonomien som ei særs tenleg form for langsiktig verdiskaping."  

Oppgåve: "Frå fast-food til lokale matopplevingar - ein studie av lokalmat-satsing til Hurtigruten".

Publisert - Oppdatert

Del på