- Han har ei ekte planteinteresse som blir synleg i alt han gjer

Stolt prisvinner Per Anker Pedersen blir hedra av Nina Sæther.
Stolt prisvinner Per Anker Pedersen blir hedra av Nina Sæther.Foto: Kjersti Kildahl

Per Anker Pedersen, førsteamanuensis ved NMBU, fekk i går Plantearvenprisen 2020 for sitt omfattande arbeid for å auke mangfald og innslag av norske plantar i grøntanlegg. 

Plantearven-prisen blir delt ut av Norsk genressurssenter ved NIBIO til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfald.

Pedersen sitt arbeid for å sikre større plantevariasjon og tilgang på norske vekstar til bruk i grøntanlegg vart spesielt vektlagt ved tildelinga.

- Hans engasjement for å utvide bruken av planter frå norsk flora, har bidratt til å bevare genetisk viktig plantemateriale, seier leiar for Norsk genressurssenter, Nina Sæther.

Det var på seminaret "Plantevalg i grøntanlegg" denne uka at tildelinga fann stad. Seminaret vart arrangert av Norges landskapslaboratorium ved Fakultet for landskap og samfunn ved NMBU, NIBIO og FAGUS.

Levande og langvarig engasjert
Alt tidleg på 1990-talet var Per Anker Pedersen i gang med å samle og velje ut norske planter for utprøving i grøntanlegg. Arbeidet vart seinare organisert i prosjekta Planter for norsk klima og Utvalg av norske trær til grøntanlegg og revegetering. Begge vart leia av Pedersen.

Nina Sæther fortel om eit levande engasjement for norsk natur som kjem til uttrykk i utvalsarbeidet til Pedersen:
- Han har ei ekte planteinteresse som blir synleg i alt han gjer. Ein ting er det han gjorde i arbeidstida, men han brukte og feriar til å oppsøke plantesamlingar rundt i landet.

- Mitt inntrykk er at han opplever norsk natur med ein innvevd fagleg refleks for kva som kan vere interessante planter å ta i bruk i norske grøntanlegg.

Glad vinnar korrigerte
Under eit fagleg arrangement på Vitenparken i Ås, kunne seniorrådgjevar Bell Batta Torheim i Landbruks- og matdepartementet – som deltok virtuelt via ein skjerm på veggen – sprekke nyheita om Plantearvenprisen 2020.

Ein glad vinnar tok podiet:
- Eg må begynne med å korrigere, sa han i god akademikarånd, til latter frå salen.

- Utan gode kollegaer og eit velfungerande fagleg samarbeid hadde eg ikkje stått her i dag. Det samspelet er avgjerande for inspirasjon og framdrift – for å skape resultat, rett og slett.

Pedersen takka for prisen og merksemda som ei slik tildeling gir arbeidet han no er i ferd med å avslutte for eigen del. Han går av med pensjon i løpet av året.
- Mitt håp er at den kunnskapen som er akkumulert gjennom innsamling, utprøving og erfaring over tid, vil vere eit grunnlag å byggje ny kunnskap på vidare. Det synest eg er fint å tenke på.

Fakta

Om prisvinnaren
Per Anker Pedersen (født 1956) er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsarkitektur, Fakultetet for landskap og samfunn ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

Etter ingeniørstudiet i Porsgrunn studerte han hagebruk ved Norges landbrukshøgskole (NLH) i Ås. Etter fullført hagebruksutdanning (cand. agric.) tok han doktorgrad (dr.scient) ved NLH. Han var i mange år leiar for faggruppe Grøntmiljø som arbeidde med forsking og undervisning innan grøntanlegg/grøntanleggsplantar ved Institutt for plantevitenskap ved NMBU. Denne faggruppa vart sidan overført til Institutt for landskapsarkitektur ved Fakultet for landskap og samfunn ved NMBU.

Per Anker Pedersen har hatt eit breitt engasjement i tillegg til arbeid med utval og utprøving av genressursar innan grøntanleggsplantar.
Han har mellom anna arbeidd med saltforurensing og skadar på vegetasjon langs veg, forurensing frå aluminiumsindustri og effektar på vegetasjon, revegetering etter store inngrep i natur, trepleie og skadar på tre.

Han har og vore medlem av Artsdatabanken si ekspertgruppe for risikovudering av framande artar. Stillinga omfatta og undervisning for landskapsarkitekt-, landskapsingeniør- og grøntmiljøstudentar ved NMBU. Dei seinare åra har han arbeidd mykje med prosjektet Planter for norsk klima der han har samarbeidd med ei rekkje aktørar innan grøntanleggsbransjen, i tillegg til utval av norske tre til grøntanlegg og revegetering.

Pedersen sluttar i jobben i 2020 og pensjonerer seg.

Publisert - Oppdatert

Del på