Kva er eit skatteparadis?

Av Annette Alstadsæter

Skatteparadis.
Skatteparadis.Foto: Lightspring, Shutterstock

To år etter Panama Papers har ein framleis ikkje blitt enige internasjonalt om ei liste over skatteparadis.

EU har utarbeida ei (svært kort) liste over skatteparadis, som - kanskje ikkje så overraskande - ikkje inneheld EU-land, trass i at mange land i EU fungerer som skatteparadis.

Ny forsking av Thomas Tørsløv, Ludvig Wier og Gabriel Zucman anslår at EU mistar tilsvarande 20% av totale selskapsskatteinntekter til skatteparadis, og majoriteten av dette går faktisk til skatteparadis internt i EU, som Nederland, Irland, og Luxembourg. Trass i dette viser tal frå Danmark at skattemyndighetene kun sjeldan går etter disse pengane; kun ein tredel av internprisingskorreksjonane gjeld skatteparadis, og kun halvparten av det igjen gjeld skatteparadis innan EU.

Ein generell definisjon er at skatteparadis er land med politisk stabilitet som tilbyr utlendingar finansielle tenester, hemmeleghald og låg skatt. Dette er land som blir brukt av personar og selskap til plassering av eigedelar eller eigarskap for å kome unna skattlegging i andre land, slik at total skattlegging blir mindre enn dersom dei hadde hatt eigedelane i heimlandet.

Det er viktig å holde tunga rett i munnen når vi snakkar om skatteparadis; ikkje all bruk er ulovleg, og ikkje all lovleg bruk er ønskeleg.

La oss nå først sjå på den ulovlege bruken av skatteparadis. Det er hemmeleghald som mogleggjer både skatteunndraging og anna kriminalitet via skatteparadis. Skatteparadis spelar ei viktig rolle i å skjule kriminalitet som korrupsjon, terrorfinansiering og kvitvasking av inntekter frå ulovleg verksemd, samt å tilby infrastruktur til kriminelle nettverkt. Tax Justice Networks Financial Secrecy Index rangerer Sveits på topp i finansielt hemmeleghald, fulgt av USA, Cayman Islands og Hong Kong.

Fram til 80-talet var Sveits i praksis det einaste landet der ein trygt og relativt enkelt kunne gøyme pengar. Niels Johannesen, Gabriel Zucman og eg har ny forsking som viser at for ti år sidan så var nesten halvparten av all privatformue i skatteparadis lokalisert i Sveits. Vi viser at dette talet nå har sunke til ein tredel og at mykje av dette har gått til Asia, særlig Hong Kong.

Store formuer blir skjulte i skatteparadis, og vi viser at privatpersonar skjuler finansformuer tilsvarande 12 % av heile verdas verdiskapning. Og her er ikkje eingong gull, eigedommar, kunst, fly, båtar etc. rekna med. Over halvparten av disse pengane er plasserte i Europa. Folk flest unndrar i snitt 3% av den personskatten dei skulle betalt, medan dei aller rikaste unndrar 25%. Desse tala kombinerer det vi veit om «vanleg» skatteunndragelse på inntekt ut frå tilfeldige kontrollar og det vi veit om skjulte utanlandsformuer frå ulike kjelder.

Den lovlege bruken av skatteparadis omhandlar både finansielle tenester og multinasjonale selskaps lovlege skattetilpassing. Ved å utnytte inkonsistente regelverk og ulike skattesatsar mellom land kan selskap flytte skattbart overskudd til lågskattland og redusere si totale skatterekning. Tørsløv, Wier og Zucman bereknar at multinasjonale selskap genererer ein femtedel av alle selskapsoverskudd i verda, og nesten halvparten av dette blir flytta til skatteparadis. 

Kva er så konsekvensane for Norge? Det blir mindre skatteinntekter frå selskapssektoren og frå dei rike. Når nokon betaler mindre i skatt må andre betale meir for å dekke totalrekninga for offentlege tenester, og det betyr høgare skatt for folk flest.

Selskaps skattetriksing påverkar også konkurransen i næringslivet, der dei selskapa som følger reglane taper i konkurransen mot dei som lurer seg unna skatt via kreativ skatteplanlegging.

Selskap er ikkje sjølvstendige organismar; dei er eigd og styrt av personar som tener på skatteplanlegging, og det er dei rikaste som eig aksjar. Skatteparadis fører til auka ulikhet. Det er dei rikaste i samfunnet som i størst grad bruker skatteparadis, både direkte for å skjule formuer og indirekte gjennom selskaps skattetriksing. Dette kan føre til redusert skattemoral og økt legitimering av skatteunndragelse, for kvifor skal folk flest betale skatt dersom dei rike vrir seg unna? På lang sikt er dette ein trussel mot velferdsstaten. 

Det er politikarane som må endre dei strukturelle problema i skattesystemet og bli samde på tvers av land om nødvendige lovendringar. Og det er opp til folk flest å legge press på politikarane for å få endringar.

Medan vi ventar på treige internasjonale prosessar må vi  bruke vårt nasjonale handlingsrom til å tette dei skattehola vi kan på eiga hand.

Denne teksten vart først publisert som kronikk på side 3 i Dagens Næringsliv, tirsdag 10.april, 2018.

Publisert - Oppdatert

Del på