Tre triks mot skattetriksing

Av Annette Alstadsæter

Kreativ skatteplanlegging
Kreativ skatteplanleggingFoto: Shutterstock

Norge bør avgrense skattefrådrag for royalty, endre offentleg anbudspraksis og kreve åpenhet om eigarskap og skatteforhold.

Til nå har ikkje dei internasjonale organa hatt særlig suksess med å harmonere nasjonale skattereglar og demme opp for overskuddsflytting mellom land. Dette er lange prosessar mot minste felles multiplum, og i mellomtida renner skatteinntektene ut av landet.

Medan vi ventar på effektive internasjonale løysingar bør vi bruke det handlingsrommet vi har nasjonalt til å motverke skatteflukt og sikre like konkurransevilkår for reint nasjonale og internasjonale selskap.

Paradise Papers blottstiller detaljane i multinasjonale selskaps utnytting av inkonsistente regelverk mellom land for lovleg å kunne flytte skattbart overskudd til skatteparadis.

Men det er ikkje bare å samanlikne formelle selskapsskattesatsar for å definere eit land som skatteparadis. Ofte har land låg skatt for spesielle typar inntekter, som Norges rederiskatteordning og mange EU-lands patentboksar. I tillegg har t.d. LuxLeaks vist at land kan gi hemmelege spesialavtalar som gir låg eller tilnærma ingen skatt på selskapsoverskudd til enkeltselskap, sjølv om det utad framstår som om selskapa blir skattlagt etter ordinære skattereglar.

Ny forsking av Tørsløv, Wier og Zucman anslår at verdas land årleg misser nær 2000 milliardar kroner i selskapsskatteinntekter som følgje av multinasjonale selskaps overskuddsflytting.

EU-land misser tilsvarande 20% av totale selskapsskatteinntekter til skatteparadis, og majoriteten av disse skatteinntektene blir faktisk flytta til skatteparadis internt i EU, som Nederland, Irland, og Luxembourg. Tyskland taper absolutt mest, med over 30%, og våre nordiske naboland ligg alle mellom 10% og 15%. 

Ein mykje brukt måte å flytte skattbart overskudd til skatteparadis på er ved bruk av royaltybetalingar mellom nærståande selskap, som er betalingar for bruk av immaterielle rettar. Det er svært krevande å kontrollere om pris for slike rettar er satt innanfor et armlengdes intervall, altså som om transaksjonen skjedde melom uavhengige partar, fordi det ofte ikkje finst samanliknbare prisar. 

Tyskland innførte 1.januar dette året avgrensingar i skattefrådrag for royaltybetalingar. Dette bør Norge også gjere.

I tillegg bør ein utvide royalty-begrepet til å også inkludere leigebetalingar for bruk av visse fysiske driftsmiddel, slik også Scheel-utvalget foreslo. Scheel-utvalget viste til at Storbritannia har innført avgrensing av skattefrådrag for offshore bareboat-leige.

Enorme summar blir kvart år brukt i offentleg sektor på innkjøp av tenester frå privat sektor. I anbudskonkurransane er det fokus på pris, og ved bruk av kompliserte selskapsstrukturar og lovlege og ulovlege tilpassingar kan selskap vinne kontraktar på låg pris og eigarane sitte igjen med reelt overskudd, sjølv om det formelt sett ikkje er noko skattbart overskudd i Norge.

Faktisk skattebetaling bør vere eit vektlagt element i ein anbudskonkurranse, og i oppfølginga etterpå, slik at selskap som faktisk etterlever regelverket har mulighet til å vinne anbud.

Det er viktig med åpenhet om faktisk skattebetaling i selskap som leverer tenester til offentleg sektor for at folk skal kunne sjekke at deira skattekroner ikkje havnar i skatteparadis. 

Det kan vere mange grunner til å sette opp kompliserte selskapstrukturar, men dei legg til rette for både lovleg og ulovleg skatteplanlegging og gjer det vanskelig for skattemyndighetene å følge pengestraumar og kontrollere at prisar i handel mellom nærståande selskap ikkje blir brukte til overskuddsflytting.

Ifølge den nylig publiserte Financial Secrecy Index til Tax Justice Network er Norge dårlegast på finansiell åpenhet i Norden. Vi må kreve at selskapa rapporterer faktiske eigarar og skattebetaling.

Strengare rapporteringskrav og spesialreglar for å motverke skatteflukt vil gi selskapa auka administrative kostnader for å etterleve regelverket. Men sidan slike reglar forhåpentlig vil redusere muligheten til overskuddsflytting, vil dei også legge til rette for likare konkurransevilkår mellom nasjonale og fleirnasjonale selskap. Dette kjem majoriteten av selskapa til gode, dei som faktisk etterlever regelverket etter beste evne og ikkje deltar i kreativ skattetriksing.

Denne teksten blei også publisert som Kommentar - Samfunn, side 3 i Dagens Næringsliv, tirsdag 20. februar.

Sjå også relatert kommentar: Problemet med soloekspedisjoner i skattejungelen er at det er lett å gå seg vill.  

Publisert - Oppdatert

Del på